mandag, januar 20, 2025

Dagbok 2025: 20.januar


 Klokka er no 21.27 og temperaturen ute er      grader C.

Eg er litt surrete oppi hovudet mitt i kveld, for eg har sete og sett direkte frå Amerika i 2 og ein halv time ca. Men eg angrar eigentleg ikkje, for det er heilt utruleg kva Trump kan servere amerikanerane og dei tek alt for god fisk ser det ut som. No måtte eg berre gå i frå heile greia, men eg såg og høyrde heile talen til Trump.

I dag var det "heimedag", så eg skulle no helst ha gjort noko her heime, men det var finver og sola kom fram, så det var berre å kle på seg og ta staven i handa og gå runden min. Det var fint på Vernet i dag, men eg såg ikkje heile sola mens eg var der.

Eg hadde lova Marit å køyre henne til frisør, men det var ikkje før seinare, så eg fekk tid til å strikke litt og ete litt.

Då vi kom til frisøren, var der lite folk så Marit slapp til med det samme. Eg fann meg eit tjukt julenummer av eit sånt kjendis-blad(Hugsar ikkje kva det heiter)så eg valde å vente i staden for å fare heim og ned att. Der er så stort rommet på salongen at det er ikkje  noko problem å vente der. Det er den samme salongen som eg brukar.

Sola er enno halvvegs gøymt bak Melshornet, men vi ser no litt av den-

Det var ganske mange som var på Vernet i dag også.

                 I morgon er det trening og då kan kanskje Marit vere med.



søndag, januar 19, 2025

Dagbok:19 januar2025


 Klokka er no 18. 55 , Temperaturen ute har gått ned til+1 grad, men vi har hatt ein nydeleg dag , med sol i høgda og fint vårleg ver. Så no reknar eg med at det blir kaldare etter kvart, for det er januar.

Eg hadde ikkje program for dagen, så eg somla ei god stund før eg fekk på meg klede og gjekk tur. Eg kom heilt ut til krysset der gangvegen frå Olavsgata kjem opp. Då kom der ei dame som eg kjende, og ho var på veg opp og skulle besøke meg. Ho er veninne med Anne Ellingsen, og hadde vore der på overnatting. Ho er systra til Bodil, svigerinna mi.

I staden for å gå heim til meg, gjekk vi runden på Fonnvernet. Eg trur ho likte det, for ho vart imponert over byggverket. Vi kunne no like godt prate der som heime og det gjorde vi. Ho vart ikkje med meg heim etterpå, for ho hadde plan for resten av dagen.

Eg hadde ingen plan men har strikka og sett TV, som vanleg. Eg har ikkje fått orden på vipps-kontoen min, for eg torer ikkje å begynne å "FIKSE",  eg har dårlege minner om slike greier. Eg må ha hjelp og det får eg sikkert.

I dag skulle eg leite etter hanskane mine på Vernet, men då eg etter gammal vane stakk handa bort der som dei plar ligge, stod eg brått med hanskane i handa. Eg hadde altså ikkje hatt dei med meg i går.

lørdag, januar 18, 2025

Dagbok 2025: 19.januar

Akkurat no.

Klokka er no17.03,temperaturen ute er + 8 graderC, og det har vore ein fin dag.
 Eg var relativt tidleg oppe, men sat lenge og styrte med ting på PC-en, før eg kledde skikkeleg på meg og køyrde ned på KIWI og handla .

Etterpå gjekk eg tur på Vernet og der var det fint i dag, eg fekk ikkje sett sola før eg var komen heilt rundt. Mesteparten av tida var ho bak Melshornet. Snøen var nesten heilt borte i dag-ikkje berre her nede , men også i fjella. Ikkje rart at elvane blir store. Eg trefte naboane der oppe i dag , men ingen andre eg kjende.

 Eg lurte på om eg hadde mist hanskane mine der, om eg hadde hatt dei på meg då eg gjekk heimanfrå, men eg veit enno ikkje, eg gjekk litt tilbake til ein benk eg hadde sete på men der var dei ikkje i alle fall, og eg finn dei ikkje her heime. Det var ikkje dei nye fine hanskane som eg fekk til jul, desse var fleire år gamle og ikkje så dyre, men det er no litt irriterande å ikkje greie å halde styr på ting.

Då eg kom heim var eg svolten så eg fann meg litt brødmat, så var det på med TV en- som eg vart sittande å sjå på i halvsøvne.No blir eg vel vaken resten av kvelden. I dag tenkjer eg litt ekstra på Håkon som fyller 31 år i dag. Eg hugsar så godt då han vart fødd i OL-året-og derfor fekk kongenamnet Håkon.

      Her såg eg sola i dagca ca kl 14, Elva er Vikelva, og eg var på Fonnvernet.

fredag, januar 17, 2025


 Klokka er no 17.13.men det vart brått veldig mørkt ute, så det var bra at eg hadde tatt bilde før. Alle bilda i dag har eg tatt frå altanen. Eg må liksom bevise at det er full vår her no i januar.-Så lenge det varer.

I dag er det fredag og då tar eg fredagsvask, og i dag rydda eg opp og spylte litt på altanen for å få vekk fuglematen som eg har servert i vinter, Her har lagt store mengder med snø i heile vinter, og no er all snøen på altanen borte vekk, så det var kjekt å få shine opp litt.

Det var + 8 grader sist eg såg etter, og det er ikkje meg imot å få mildver no i januar, blir det kald vinter heretter så har vi sol.

Etter at eg hadde vaska og rydda opp åt eg lunsj, og så tok eg tak i sudokuen frå fredagsavisa og etter ei litt plundrete  jobbing, var sudokuen i mål, så slepp eg å tenkje å den resten av helga.

Eg har sete ei stund og strikka mens eg har sett TV, det er nyheiter nesten heile tida. Eg prøver å ikkje ta alt innover meg, men det er fælt å høyre om alt det forferdelige som skjer. Tenker også på alle pengane som går med til krig og øydelegging. Tenk på alt godt ein kunne fått i stand med så mykje pengar.

I kveld skal eg opp til Marit og sjå TV på TV2, og sjå og høyre på dei som skal synge. Eg har ikkje så mykje greie på det, men  det er OK. 





Så mykje snø ligg det att på marka, den forsvant veldig fort, men så var det også høg temperatur nokre dagar.Og fjella som stod så kvite og fine, er ikkje kvite lenger. Men vi får sikkert ein porsjon til med skikkelig vinter, men då får vi sol også.

Det er fredagskveld,så eg vil ønske alle  ei god helg.Viss eg ikkje tek feil fyller Håkon 31 år i morgon .

torsdag, januar 16, 2025

Dagbok 2025 : 16.januar

Klokka er no17.05 og det er bekmørkt ute. Temperaturen på trappa er +8 grader og det regnar.Ikkje heilt typisk for årstida, Eg synest det var kjekt å sjå att singelen på tunet i staden for snø og is.

Denne veka har eg fått merke at det ikkje er ferie lenger. Eg har stått opp tidleg  og vore relativt aktiv. Eg treng sjølvsagt ikkje å stå opp så veldig tidleg, det berre blir slik.

I dag var det trening igjen,og Marit hadde så smått tenkt å vere med, men så kunne ho ikkje like vel. Det var veldig fint i dag på den måten at det var mindre snø og is, og det var lyst. Eg var på trening og så handla eg litt på heimvegen. 

I dag ville eg gå tur når eg likevel var påkledd for å vere ute. Eg lurte på om det gjekk and å gå på Vernet i dag. Eg trefte ein som eg kjenner og han påstod at der var bert. Så eg labba no opp.
 

Dette var synet som møtte meg då eg kom opp, men det var ikkje slik rundt heile vegen. Men at snøen smeltar det er eg ikkje i tvil om, for elva var stor og fjella som var så kvite og fine, var ikkje slik lenger.

Eg kom meg no rundt heile vegen utan å skade meg, men eg var ikkje så sprek i dag. Det er den ryggen!


             Utsikt over byen i dag. Sjå på Melshornet kor lite snø som er att.

Då eg kom heim laga eg litt mat og så sette eg meg til å sjå TV; eg kan sitte i timesvis og sjå nyheiter mens eg strikkar. Men det er mykje skummelt i verda.

Eg var ut på altanen og såg ned i hagen , der var det grønt og fint, sjølv om det er langt til vår.



                                                        Det liknar litt på VÅR
I morgon skal eg ikkje ut på noko, då skal eg vaske og rydde i huset.

onsdag, januar 15, 2025

Dagbok 2025: 15.januar


Mørkt og vått.

Klokka er no 19.46, temperaturen ute er +6 grader og det regnar; det har det visst gjort i heile dag. Men eg har hatt ein kjekk dag uansett.

Eg var i tvil om eg skulle starte opp att med spansken, men bestemte meg for å prøve. Dei siste åra har vi vore på Bakk-Ola og, der sat vi litt trangt, men no hadde Eli greidd å få oss rom på Ørstahallen. Der hadde eg vore berre ein gong før og den gongen berre så vidt inn for døra.Men Einar har snakka om denne flotte hallen- 

Då eg kom i dag møtte eg ei som vaska der og sa kva eg skulle. Ho vart med meg opp alle trappene og inn på rommet som vi skulle ha. Det var stort og lyst og hadde ein stor TV-skjerm på veggen . Der var stolar og bord, for rommet vart brukt til klasserom for dei eldste elevane før den nye Velle skule vart tatt i bruk. Eg vil seie at eg likte mykje betre denne "skulen" . Eg var med dei første som kom og etter kvart kom dei som eg har vore i lag med før pluss nokre heilt nye. Ergo får vi begynne på begynnelsen igjen, og det passar meg bra, for då heng eg no med ei stund i alle fall. Vi som har vore med på dette nokre år kjenner kvarandre godt og eg trur det blir kjekt å vere der vi skal vere no.

Etter "Spansken" køyrde eg bort til Alti , parkerte bilen og gjekk opp i gata.Der fann eg den nye kaféen og Ragnhild som venta på meg. Vi måtte vente litt for å få sitteplass, der var mykje folk, mange småbarnsmødre til dømes. Dei som driv kafeen har hatt kafe i Ørsta før, men så vart dei huslause. Og no har dei starta opp att-og så skal det bli liv i gågata igjen.

Det silregna framleis då vi kom ut, men eg fann no att bilen så eg kom meg heim.

Då eg vel var heime begynte eg å kjenne på at eg hadde rusk i høgre auget, og eg leita fram ei tube som eg hadde hatt medisin på før, men den var tom. 

Så måtte eg bruke fantasien, så eg skrella og skar opp ein stor løk. Tenkte at då skulle tårene renne. Men det hjelpte ikkje, så steikte eg løken, det hjelpte heller ikkje. Eg gav meg på det, men viss det ikkje er bra i morgon, blir det tur på apoteket. Til middag steikte eg pølser, og så hadde eg løk + ei brødskive.

Eg har sete og strikka og sett TV, eg følgjer mykje med på nyheitene no, eg synest det er litt skummelt i verda. Og eg har ikkje tru på Trump.

I morgon er det trening, på denne tida av året er det godt å ha noko å gå til.

No harr telefonen lagt på ladding sidan eg kom heim, så no er det kanskje råd å ta eit bilde.

Der kom ei melding på telefonen min om at kortet mitt snart var utøløpt (eller noko slikt) Eg veit ikkje kva det betyr eller kva eg skal gjere og eg veit ikkje om noko kort.

tirsdag, januar 14, 2025

Dagbok 2025: 14.januar

 



Klokka er no 19.50, temperaturen ute er + 4 grader og det regnar. 

Dette har vore ein litt kjedelig dag. Det begynte med at eg vakna klokka 5  og fekk ikkje til å sove meir. Enda det var lenge til eg skulle på trening klokka 10. Men det gjekk for så vidt greit. Eg køyrde rett heim etter trening utan å gå på butikk. Det skulle eg kanskje ha gjort, men eg hadde no mat nok heime.

Eg plar ofte gå tur rett etter treninga før eg byter klede. Men ikkje i dag.Eg tok meg litt mat og fyrte i omnen for å få opp temperaturen, så greier varmepumpa resten. Og så er det på med TV-en og fram med strikketøyet. Eg høyrer dagsnytt ørten gonger.

Det eg har kava litt med i dag, det er å finne fram spanskbøkene mine, for eg har tenkt å møte opp i morgon, så får eg sjå kva eg gjer vidare. Eg ser fram til at eg skal på kafé med Ragnhild etterpå. Vi er ein liten flokk med attegløymer frå Velle skule som møtest litt av og til. No er ei av dei på trening på gruppa mi, så då ser eg henne ofte. Og det er kjekt, for mange av dei eg jobba i lag med er ikkje i tida lenger.

Eg har telefonen min liggande her på oppladding.. Der er aldri straum på den når eg skal ha den. Eg lurer på om den er heilt i orden, men den er no ikkje så veldig gammal, og dyr var den også. No er det slik al alle MÅ ha telefon, og det er telefonnummeret som er identitets - beviset vårt. Ja, no er det kome 8 prosent opplading så det går ikke fort.

Eg saknar veldig å gå tur på Vernet og andre stader, men i dette veret er det ikkje kjekt.

Eg har tusen nyttige ting eg kunne gjort her i huset, men eg har ikkje arbeidslyst når det er så trasig ver.

Snart kjem sola og då blir alt betre.I dag er det berre syting.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...