Denne veka har eg fått merke at det ikkje er ferie lenger. Eg har stått opp tidleg og vore relativt aktiv. Eg treng sjølvsagt ikkje å stå opp så veldig tidleg, det berre blir slik.
I dag var det trening igjen,og Marit hadde så smått tenkt å vere med, men så kunne ho ikkje like vel. Det var veldig fint i dag på den måten at det var mindre snø og is, og det var lyst. Eg var på trening og så handla eg litt på heimvegen.
I dag ville eg gå tur når eg likevel var påkledd for å vere ute. Eg lurte på om det gjekk and å gå på Vernet i dag. Eg trefte ein som eg kjenner og han påstod at der var bert. Så eg labba no opp.
Eg kom meg no rundt heile vegen utan å skade meg, men eg var ikkje så sprek i dag. Det er den ryggen!
Utsikt over byen i dag. Sjå på Melshornet kor lite snø som er att.
Då eg kom heim laga eg litt mat og så sette eg meg til å sjå TV; eg kan sitte i timesvis og sjå nyheiter mens eg strikkar. Men det er mykje skummelt i verda.
Eg var ut på altanen og såg ned i hagen , der var det grønt og fint, sjølv om det er langt til vår.
I morgon skal eg ikkje ut på noko, då skal eg vaske og rydde i huset.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar