Klokka er no 21.27 og temperaturen ute er grader C.
Eg er litt surrete oppi hovudet mitt i kveld, for eg har sete og sett direkte frå Amerika i 2 og ein halv time ca. Men eg angrar eigentleg ikkje, for det er heilt utruleg kva Trump kan servere amerikanerane og dei tek alt for god fisk ser det ut som. No måtte eg berre gå i frå heile greia, men eg såg og høyrde heile talen til Trump.
I dag var det "heimedag", så eg skulle no helst ha gjort noko her heime, men det var finver og sola kom fram, så det var berre å kle på seg og ta staven i handa og gå runden min. Det var fint på Vernet i dag, men eg såg ikkje heile sola mens eg var der.
Eg hadde lova Marit å køyre henne til frisør, men det var ikkje før seinare, så eg fekk tid til å strikke litt og ete litt.
Då vi kom til frisøren, var der lite folk så Marit slapp til med det samme. Eg fann meg eit tjukt julenummer av eit sånt kjendis-blad(Hugsar ikkje kva det heiter)så eg valde å vente i staden for å fare heim og ned att. Der er så stort rommet på salongen at det er ikkje noko problem å vente der. Det er den samme salongen som eg brukar.
Sola er enno halvvegs gøymt bak Melshornet, men vi ser no litt av den-Det var ganske mange som var på Vernet i dag også.
I morgon er det trening og då kan kanskje Marit vere med.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar