Eg likar i grunnen ikkje snø , men litt kvitt på toppane eg no fint, eg møtte mange andre vandrerar i dag, men ingen eg kjende, Då eg kom heim rydda eg litt i klunger-hola, men det må eg ta att ein annan dag.
mandag, oktober 28, 2024
Dagbok 2024: 28.oktober
Eg likar i grunnen ikkje snø , men litt kvitt på toppane eg no fint, eg møtte mange andre vandrerar i dag, men ingen eg kjende, Då eg kom heim rydda eg litt i klunger-hola, men det må eg ta att ein annan dag.
søndag, oktober 27, 2024
Dagbok 2024, 27.oktober
Klokka er no15.30,temperaturen ute er +7 grader C og det regnar. Skikkeleg ufyseleg ver no, Eg hadde tenkt å gå ein tur på Vernet i dag, det er ei veke sidan sist, trur eg. Men eg går ikkje i dette veret.
Rasmus reiste i dag morgon, men han er vel ikkje komen heim til Kongsberg enno.
Vi diskuterte i går kveld kva veg han skulle ta, eg foreslo Kvivsvegen og Utvikfjellet og Hemsedalen- eg har no reist den vegen mange gonger, men det er mange andre vegar som fører til Kongsberg -. Eg håper det går bra denne gongen også om ikkje veret er så bra. No kom det eit solstreif her,gjennom regn og skodde.
I dag har eg halde på å rydde opp litt, og det er no kjekt å ha noko å styre med inne, når ein ikkje kan vere ute. Det er nok å rydde opp i både ute og inne. Eg vaskar og tromlar klede etc. Og så er eg fri til å gjere det eg vil i morgon også. Eg skulle berre ønske meg litt betre ver så eg kunne få jobbe ute også; eg er ikkje ferdig med alt eg skal gjere til vinteren, eg må snart på VØR igjen,og tida går fort fram mot jul no, på Plantasjen hadde dei både juletre og anna pynt. Eg ser ikkje fram til vinteren, eg hugsar i fjor kor glatt og farleg det var, og så er det snø som skal mokast. Vinteren er ikkje for gamle folk, men eg kunne ikkje tenkt meg å reise til "Syden" heller. Det letta litt opp no så eg skal sjå om eg får eit bilde-
Her må eg rydde opp litt ned i bakken der "klungeren" stod. (Rosa heitte Rosa mayesi, viss eg hugsar rett.)Rasmus tok opp fleire digre røter som ligg att der ned. Dei kan få ligge ute i regnet og bli vaska reine-lørdag, oktober 26, 2024
Dagbok 2024: 26.oktober
Klokka er no19.50, temperaturen ute er + 15 grader. Det vart så varmt inne i stova i dag at vi måtte ha opp altandøra. Den dagen Rasmus vart født for 60 år sidan hugasar eg at det var kaldt og rim på markane.
Det blei ei fin og koseleg feiring i dag. Eg hadde laga gulash til middag etter Rasmus sitt ønske- Eg hadde ikkje baka så mykje kaker, for både Solveig og Margrete hadde laga kaker dei også, og Solveig hadde også laga karamellpudding. Solveig sin familie kom alle, med unntak av Olaug som bur i Bergen, barnebarnet Amund var også med. Margrete kom i lag med Svein og dei to barna som bur på desse kantar. Erlend bur så nær som i kjellarleilegheita mi-
Eg trur alle kosa seg, for vi likar godt å kome i lag i familien vår. No skal Rasmus reise heim til Kongsberg i morgon, så då blir eg att åleine. Men det er ikkkje så farleg for eg har mykje å styre med. Men det har vor veldig kjekt å ha Rasmus her- Blant anna fordi han reparerer ditt og datt som er litt ubrukeleg. Og så har han lagt vinterhjul på bilen min-ein veit ikkje ordet av det så kan det kome både is og snø på denne tida.
fredag, oktober 25, 2024
Dagbok 2024: 25.oktober
I dag var vi på VØR med eit stort lass med klunger, så no er eg i alle fall ferdig med den. Vi var også i Furene og såg oss om, sjekka om dei hadde pynta til jul , og det hadde dei, både påPlantasjen og på JULA. På JULA trefte eg att Ingrid som budde her med meg før Erlendt flytta inn- Vi kjøpte ikkje mykje, men for meg som ikkje hadde vore innom JULA før var det interessant å sjå kva dei hadde og det var mykje og alt til rimelege prisar.
Handla matvarer på Coop i dag. Vi hadde det kjekt og ei stund etter at vi var komne heim åt vi middag. I dag vart det karbonadekaker frå butikk. Vi har slappa mykje av i dag,sett TV etc. Men eg har i alle fall skrella poteter og gulrøter som vi skal ha i morgon. Då får vi mange gjester som vi gjerne vil sjå her. Maten blir enkel men det er det Rasmus ville ha. I morgon er det 60 år sidan han kom til verda på sjukehuset på Eid ein iskald dag utan sol og med rim på markane. Å han ein son på 60 og ei dotter på 61 er litt rart. Eg burde vel føle meg gammal. Men det gjer eg ikkje -ikkje så veldig gammal altså.
I dag -den 25.oktober hadde bror min fødselsdag, men han døde for to år sidan. Og denne helga skal vi stille klokkene til normaltid igjen . Det er slutt på sommartida
torsdag, oktober 24, 2024
Dagbok 2024: 24.oktober
Dette bildet tok eg frå altanen for ei stund sidan, no er det mørkt ute.
Då eg skulle skrive blogg fekk eg problem, det får eg relativt ofte med bloggen, Det gjeld innlogging etc. Eg brukar å få det til sjølv , men i dag var det ekstra vanskeleg. Då er det godt å ha ein fagmann i nærleiken. Så no er alt i orden.
Rasmus og eg har hatt ein travel dag. Først var vi nedover på ALTI og handla diverse, t.d. lysrør- på Clas Olson. På heimvegen handla vi mat på Kiwi.
Rasmus begynte å skulle klippe litt på plommetreet, men då eg kom ut vart det meir og meir. Hadde mest lyst å ta ned heile treet, men noko står att enno. SÅ begynte Rasmus på å ta ned resten an rosebuska , den som eg hadde begynt på for ei tid sidan. Og han gav ikkje opp før han hadde fått røtene med. Eg hjelpte til så godt eg kunne. Og no eg bilen min fullasta med tornekvistar. Vi skal på Vør i morgon, men det er no fort gjort.
Klokka var over 16 då vi fekk tid å ete- to Pzza -og etterpå vart Rasmus ståande ute og prate med Lars og Erlend, så det var no kjekt for Rasmus og sikkert for dei andre og. I morgon skal vi handle inn mat til bursdagen-eg trur det skal gå bra.
Rasmus har fått på vinterhjul på bilen min, så no er det i orden. Vi gleder oss til å få samle familien her på den store dagen.
onsdag, oktober 23, 2024
Dagbok 2024: 23.oktober
Klokka er no ca 23, og vi er i ferd med å komme til køys. Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag, så eg har verken bilde eller noko å fortelje frå Vernet.
Føremiddagen gjekk med til diverse husarbeid og matlaging mens eg venta på Rasmus som skulle kome frå Sundalsøra.. Han brukte ikkje så veldig lag tid på å køyre, om Molde, han var her litt over klokka 15.
Vi har prata og ete og sett TV og slappa av i dag. I morgon skal vi jobbe med diverse viss det blir bra ver. Det aller viktigaste for meg er å få vinterhjul på bilen.Og det får eg no. Det er veldig kjekt å ha besøk, og godt å ha ein her som kan gjere det eg ikkje kan.
Fødselsdagen er ikkje før laurdag, så vi kan få gjort mykje før den tid. Men det viktigaste er no å få vere i lag og snakke med kvarandre.
Eg har ikkje vore på Vernet på mange dagar, men det får no stå si prøve- I morgon skulkar eg treninga-men eg har fått lov med fysioterapeuten å vere heime.
tirsdag, oktober 22, 2024
Dagbok 2024: 22.oktobrt
Klokka er no16.33, temperaturen ute er 8 grader og det har regna meir og mindre i heile dag.Eg har ikkje gått tur på Vernet enno, og eg tvilar på om eg kjem meg ut, veret fristar ikkje til uteliv.
I dag var eg på trening, men har spurt meg fri på torsdag. På heimvegen frå trening var eg innom KIWI og handla litt. Og då eg kom heim gjekk eg ein tur opp til Marit. Ho er no mykje betre allereide, men har problem med trapper, så ho kan ikkje komme ned til meg enno.
Kjøttet som eg kjøpte i Volda på fredag hadde eg lagt i frysaren , men tok det opp i dag tidleg, Då greidde eg å skjere det sundt og steike det i dag. Det er eg nettopp ferdig med no. I morgon ettermiddag/kveld kjem Rasmus. Og laurdag skal vi feire at han er 60 år-
Eg hugsar at eg følte meg litt gammal då er var 60, og no synest eg Rasmus er ein ungdom. Alt er relativt, som vi brukte å seie ofte før. Eg skulle ønske det vart litt fint ver når Rasmus kjem, for det er mykje han har tenkt å hjelpe meg med mens han er her. Han skal til dømes skifte dekk på bilen min, og så har eg mange småting som eg har tenkt at han skal fikse, så slepp eg å mase på Helge. Sjølv kan eg ikkje drive akrobatik i form av klatring etc lenger, eg har nok med å halde meg på beina-
Rasmus kjem hit i morgon ettermiddag kveld. Bursdagen er laurdag, og så reiser han vel sundag. Eg ser fram til å sjå nesten alle i Storfamilien her.
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...











