mandag, mai 06, 2024

Dagbok 2024: 6.mai

Klokka er no 17.24, og eg har avslutta dagens arbeid, trur eg. Eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein kan rekne med når ein er 84.

Temperaturen ute er + 17 grader. Sola skin no, men det gjorde ho ikkje i dag morgon, i alle fall ikkje her. Skodda låg tjukk heilt ned då eg gjekk turen min på Vernet klokka 10-11. Men det lysna etter kvart, og då eg var heime var sola komen fram.

I dag hadde eg tenkt å begynne ryddinga på austsida av huset og slik blei det.

Sidan eg ikkje har plenklipper for tida, tok eg kantklipparen og klipte graset på "nyeplenen". Det gjekk heilt fint så lenge der var sen i klipparen. Eg er så hjelpelause at eg kan ikkje sette i sen sjølv i den nyaste klipparen.


Men der var mykje eg kunne gjere. Eg rensa vekk mesteparten av  skvallerkålen ved husmuren-og slikt tr tid. Eg hadde klipt graset ved hellevegen, men der måtte eg gjere litt meir. Det siste eg gjorde var å rense rundt peonane, gjødsle og ha på meir jord. Så får eg håpe på ei fin blomstring om ikkje så lenge. Eg har joobba ute det meste av dagen, men resultatet er ikkje såvoldsomt-men det er mykje småpirk eg har styrt med. Ryggen må ha pausar og så går tida. Eg jobbar ikkje på akkord og tek den tida eg treng.

Då eg avslutta kom det ein bil ned på tunet, det var Lars som kom og henta Erlend for å ta han med på køyre-trening.

I morgon er det trening og så håper eg at eg får batteriet til klipparen snart. Graset er høgt no.

Eg har problem med å få lagt inn bilde, men dei ligg på sida vår på Facebook-
 


Nyklipt -Nyeplen.



Gravmyrten blomstrar(blå) eg klipte den heilt ned i fjor.






søndag, mai 05, 2024

Dagbok 2024: 5.mai


Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i dag,men gjekk ikkje på Vernet før i halv 11 tida. Eg har ikkje gjort så mykje til gagn i dag, men eg laga meg i alle fall skikkeleg middag. På ettermiddagen har eg drive og tatt opp løvetannrøter i store mengder, men der er sikkert mykje att enno. Elles er vi også i år plaga med engkarse, gras er her også, så eg håper det ikkje går for lenge før eg får batteriet til klipparen. Elles kan eg ta kantklipparen og klippe heile plenen-eg har gjort det før.

Eg strevar enno med å få bilda mine på rett plass, men det skjer no somme tider. Når eg er ute og jobbar i hagen, ser eg bort på naboen sin hage-der er alt i orden, men dei er to. På blde kan de sjå Gullbusken som vi fekk til gullbryllaupet. I framgrunnen står ein klikk med stilkar-der skal det komme raude peonar når det lid litt på. Eg samlar rusk og rask i sekker, men køyrer ikkje på VØR før eg har minst 6.

Det vart ikkje til at eg køyrde på Plantasjen i dag, eg fann ut at eg ikkje hadde førebudd meg nok. Eg må vite kva eg skal ha,og ikkje berre gå og vime der borte og ikkje vite om ein skal kjøpe noko

I morgon er det heimedag, og snart kjem Marit heim att. Vi pratar med kvarandre på Messenger akkurat som når ho er heime og ho les bloggen min nede i Spania også. Eg forstår på ingen måte korleis det går til. Men slik er det med mange ting.

No skal eg tømme oppvaskmaskina, så skal eg sette på TV og ta fram strikketøyet-

 

lørdag, mai 04, 2024

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.

 Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjempefint vêr har vi no. Eg hadde ingen spesiell plan  for dagen, berre at eg måtte på apoteket for å kjøpe medisin, og så kjøpe mat etc. på KIWI. Då eg kom heim, tok eg med meg eit eple og telefonen og så gjekk eg på Vernet. Eg møtte ei som eg kjenner godt med det same eg kom opp, og vi vart sittande lenge å prate. Ho er så sprek at ho skulle vidare oppover og så ned Kanalvegen til Vinjevoll. Den turen har eg gått, eg også, men ikkje i år. Eg gjekk runden min og så gjekk eg heim og laga meg litt enkel mat. Etterpå fann eg att sudokuen min og løyste det på ei lita stund.

Eg gjekk ut i hagen og ville prøve å jobbe litt. Eg renska beddet nedanfor garasjen, klipte busker etc. og til slutt vatna eg godt og rikeleg både der og der som eg rydda i går. Eg prøvde å rydde litt nede i hagen og ta opp løvetannrøter, men måtte gi meg på det. Det er ryggen som bestemmer kva og kor mykje eg kan gjere, så eg får rette meg etter det. Viss eg får i orden klipparen snart, så kan eg klippe plen, Det er ikkje vondt for ryggen, for då går eg oppreist. Og eg verker ikkje heile tida, når eg sluttar å jobbe og sit i ro-eller går, er eg heilt i orden. Eg håper eg får batteriet snart, så eg får begynne å rydde. Eg meiner at eg plar klippe to gonger før 17.mai.

Det kan hende eg tek ein tur på Plantasjen denne søndagen også, men eg har ikkje bestemt meg enno. Men litt stillferdig luking av ugras kan ein vel drive på med om det er søndag.

Det blomstrar fint hos naboen på andre sida av gata; Marit er i Spania, men vi pratar med kvarandre på data slik som vi gjer når begge er heime. Veldig kjekt å ha den kontakten. Dei har det fint i Spania også.

fredag, mai 03, 2024

Dagbok 20 24: 3.mai




 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile dagen, men prata litt på PC-en med Marit som er i Spania. Eg passar katten.

I dag etter frokost kunne eg ikkje halde meg frå Sudokuen i fredagsavisa, den er ofte litt vanskeleg. Eg plar løyse den kvelden før, men det greidde eg ikkje denne gongen, enno er eg ikkje komen heilt i mål og det plagar meg.LITT

Etter at eg hadde tatt fredagsvasken gjekk eg ein runde på Vernet og sat lenge på kvar benk. Eg har ein tendens til å bli låk i føtene når det er varmt. Men det er fint å sitte på benkane- i dag kom der ingen eg kjende.

Då eg kom heim, laga eg litt mat, men ikkje middag, det kan bli til kvelds. Eg la meg ut på solsenga ei stund, men eg har ikkje rast og ro til å ligge strak ut, så der var ikkje så lenge eg låg der før eg måtte inn på PC-en og- så sudokuen.

Eg ser at naboane i nummer 5 styrer i hagen. Det skulle eg også ha gjort, men eg veit ikkje kor mykje eg kan styre på med låk rygg. Eg gjorde no ein jobb i går. Eg må kanskje bort på plantasjen og kjøpe diverse viss eg skal få til noko.

Det er heilt nydeleg ute og plommetreet på plenen blomstrar som aldri før-og eg ser at humlene jobbar, så det blir vel plommer etter kvart.


Eg skulle ha klipt treet så det såg litt skapleg ut, men eg trur det er for gammalt til det. Mange tre har vi hatt, og dei fleste er borte no.

De er fredag igjen og eg kan ønske alle ei god helg !


torsdag, mai 02, 2024

Dagbok 2024: 2.mai


Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag.

Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim tok eg ein runde på Vernet; i dag var det så fint at eg måtte sitte litt på kvar benk ei lita stund. 

Så vart det middag etter kvart, men ikkje middagskvild i dag.

Eg har vore ute og rensa ugras etc. i beddet ved garasjen. Eg plar kjøpe ein sekk med kugjødselkompost og ha på det beddet, men det kom eg ikkje på då vi var der borte. Men eg kjøpte i alle fall 5 sekkar jord, så eg kan kanskje ta av den + kunstgjødsel. Ikkje alle rosetrea var like fine etter vinteren , så eg får kanskje kjøpe litt nytt. Eg begynte eigentleg å ruske opp skvallerkål ved huset og ved Urke-garasjen, men det vart trasig. Alle tre Rhdodendron- buskene som eg kjøpte i fjor står friske og grøne, den gamle raude ved Ryggebuska blomstrar fint no.

Eg sakna ei stor saks då eg skulle klippe litt gras nedanfor garasjen, den eg hadde var for lita, Så såg eg opp i beddet og der var den som eg sakna. Eg får mykje å gjere framover viss det blir bra ver. Gudmund har heller ikkje klipt plen enno, og eg kan ikkje få klippe før klipparen er i orden. I morgon er det fredag, eg må inn att på sporet etter at vi vart ferdige med første ekstra fridagen i mai.

I dag fyller Vebjørn 18 år, det er ikkje til å tru. Han er godt i gang med utdanninga si.

No må eg sjå om eg får til å legge ut bilde, i går gjekk det bra, men no har det rota seg til igjen for meg. Bilda ligg på telefonen, men eg får dei ikkje over til Bloggen. Det gjorde eg i går.Eg må visst ha enda litt hjelp med dette.


onsdag, mai 01, 2024

Dagbok 2024: 1.mai

 

Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg bra ver i dag for dei som er ute og feirer. Eg har meldt meg ut i dag, og brukt dagen til å rydde opp og vaske klede. No har eg igjen hatt trøbbel med TV og datamaskin, enda eg kunne alt i går. No fekk eg til å legge inn bilde her -det var etter MIN metode. Det verste trøbbel eg veit er data-og TV-trøbbel. Det var godt å ha Rasmus her, men no er han heime på Kongsberg og det er no bra. Han har gjort ein heil jobb mens han var her. Han kunne godt ha fått vore her lenger. Men eg får prøve å få unna litt sjølv også. Det er mykje som må gjerast ute, men eg likar no å halde på med slikt også.
Eg var litt trøtt i dag men etter at eg hadde rydda opp litt gjekk eg ein runde på Vernet før eg åt middag. Det vart restemat i dag, og etter måltidet sov eg middag i godstolen , så no kan eg ta fatt igjen ; eg er ikkje heilt ferdig med klesvask m.m.

Og så blir det å få TV-en opp å stå igjen. I dag fekk eg ikkje til det eg kunne godt i går. Bilda vart heilt OK, men det vart stumfilm.  Eg trudde eg skulle greie meg utan meir hjelp no.

Eg passar katten til Marit, men i dag ville ho ikkje komme ned. Det var visst fordi Even var heime, for då han for med bilen, kom katten springande ned til meg. 

No er det veldig fint ute- men det er veldig mykje ugras også; ryggen min protesterer, men no har eg fått nye øvingar på treninga, som skal hjelpe for ryggsmerter. Måtte det berre hjelpe. Det blir trening i morgon, og dså må eg vel fram på EIK -senteret og få vite kva eg skal gjere for å få grasklipparen til å gå.


Dagbok 2024: 30.april

 Klokka vart litt for mykje før eg kom så langt at eg skriv blogg, men eg skal fatte meg i kortheit. Det er no + 10 grader ute, for i dag kom sommaren med varme vindar og grøne bjørker.

Eg starta dagen veldig tidleg, men skulle ikkje på trening før klokka 10.Men sidan marit ikkje vart med reiste eg ned litt før, og kom heim tilsvarande. Der hadde Rasmus saga opp all thuja-veden og ordna ut.  Eg var heime ei lita stund, men så kom Ragnhild og henta med til lunsj på Hotellet. Vi var 4 gamle lærarar frå Velle skule. Det er no fleire att av den gamle gjengen, men ikkje mange. Det tynnast ut i rekkene.

Rasmus fann ut at vi skulle starte opp grasklipparen, men det gjekk ikkje. Vi sette batteriet på ladding, men det hjelpte ikkje. Vi fekk ikkje start. Dermed for vi ned på EIK-senteret og spurde der kva det kunne vere som gjorde at batteriet ikkje tok ladding. Vi hadde med batteriet , men ikkje laddaren, for den måtte dei ha for å stille diagnosen. Så etter helga må eg ned att. Det er veldig kjekt å ha med seg Rasmus i slike ærend, men no reiser han i morgon, så då må eg klare meg sjølv.

Vi køyrde rundt og tok Melsvegen på heimturen og såg kjende stader.  Rasmus sett meg av, så eg fekk gå ein runde på Vernet før eg kom heim. Då laga vi middag, det var Rasmus som bestemte at vi skulle ha Pasta Carbonara, så det vart det. Elles har vi sete her og prata og sett TV. Det har vore kjekke dagar, i alle fall for meg, å ha Rasmus her, så det blir litt tomt når han fer i morgon. Marit reiste til Spania i dag, så no skal eg vere kattepassar.Men dert går nok bra.




Bilde frå Melle der vi budde ein gong. Huset vi budde i er rive for lenge sidan, men løa er der enno. Det er Rasmus som har tatt bilda.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...