onsdag, mai 01, 2024

Dagbok 2024: 30.april

 Klokka vart litt for mykje før eg kom så langt at eg skriv blogg, men eg skal fatte meg i kortheit. Det er no + 10 grader ute, for i dag kom sommaren med varme vindar og grøne bjørker.

Eg starta dagen veldig tidleg, men skulle ikkje på trening før klokka 10.Men sidan marit ikkje vart med reiste eg ned litt før, og kom heim tilsvarande. Der hadde Rasmus saga opp all thuja-veden og ordna ut.  Eg var heime ei lita stund, men så kom Ragnhild og henta med til lunsj på Hotellet. Vi var 4 gamle lærarar frå Velle skule. Det er no fleire att av den gamle gjengen, men ikkje mange. Det tynnast ut i rekkene.

Rasmus fann ut at vi skulle starte opp grasklipparen, men det gjekk ikkje. Vi sette batteriet på ladding, men det hjelpte ikkje. Vi fekk ikkje start. Dermed for vi ned på EIK-senteret og spurde der kva det kunne vere som gjorde at batteriet ikkje tok ladding. Vi hadde med batteriet , men ikkje laddaren, for den måtte dei ha for å stille diagnosen. Så etter helga må eg ned att. Det er veldig kjekt å ha med seg Rasmus i slike ærend, men no reiser han i morgon, så då må eg klare meg sjølv.

Vi køyrde rundt og tok Melsvegen på heimturen og såg kjende stader.  Rasmus sett meg av, så eg fekk gå ein runde på Vernet før eg kom heim. Då laga vi middag, det var Rasmus som bestemte at vi skulle ha Pasta Carbonara, så det vart det. Elles har vi sete her og prata og sett TV. Det har vore kjekke dagar, i alle fall for meg, å ha Rasmus her, så det blir litt tomt når han fer i morgon. Marit reiste til Spania i dag, så no skal eg vere kattepassar.Men dert går nok bra.




Bilde frå Melle der vi budde ein gong. Huset vi budde i er rive for lenge sidan, men løa er der enno. Det er Rasmus som har tatt bilda.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.mai

Klokka er no 17.32. Temperaturen ute er +25 grader C, og sola skin. I dag har det vore varmt heilt frå morgonen av, så vi var ikkje heilt be...