torsdag, mai 02, 2024

Dagbok 2024: 2.mai


Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag.

Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim tok eg ein runde på Vernet; i dag var det så fint at eg måtte sitte litt på kvar benk ei lita stund. 

Så vart det middag etter kvart, men ikkje middagskvild i dag.

Eg har vore ute og rensa ugras etc. i beddet ved garasjen. Eg plar kjøpe ein sekk med kugjødselkompost og ha på det beddet, men det kom eg ikkje på då vi var der borte. Men eg kjøpte i alle fall 5 sekkar jord, så eg kan kanskje ta av den + kunstgjødsel. Ikkje alle rosetrea var like fine etter vinteren , så eg får kanskje kjøpe litt nytt. Eg begynte eigentleg å ruske opp skvallerkål ved huset og ved Urke-garasjen, men det vart trasig. Alle tre Rhdodendron- buskene som eg kjøpte i fjor står friske og grøne, den gamle raude ved Ryggebuska blomstrar fint no.

Eg sakna ei stor saks då eg skulle klippe litt gras nedanfor garasjen, den eg hadde var for lita, Så såg eg opp i beddet og der var den som eg sakna. Eg får mykje å gjere framover viss det blir bra ver. Gudmund har heller ikkje klipt plen enno, og eg kan ikkje få klippe før klipparen er i orden. I morgon er det fredag, eg må inn att på sporet etter at vi vart ferdige med første ekstra fridagen i mai.

I dag fyller Vebjørn 18 år, det er ikkje til å tru. Han er godt i gang med utdanninga si.

No må eg sjå om eg får til å legge ut bilde, i går gjekk det bra, men no har det rota seg til igjen for meg. Bilda ligg på telefonen, men eg får dei ikkje over til Bloggen. Det gjorde eg i går.Eg må visst ha enda litt hjelp med dette.


Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 16 MAI

Idag har maskina mi fått ein ny ide; når eg vil ha små bokstavar; så skriv no store ; og nåreg vil ha store så skriv ho små: Derfor må eg si...