tirsdag, april 23, 2024

Dagbok 2024: 23.april

 

Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese at ein skal klippe rosetrea  første veka i mai, men der er alt nye blad i enden på stilkane- så skal eg klippe dei ned likevel?


Klokka er no18.00. Temperaturen ute er+2 grader C, det er overskya og det har regna. I dag morgon var det snø på vegar og plenar, men den låg vel ikkje så lenge.

Sist natt låg eg i ro og vakna når eg skulle i dag tidleg. Marit og eg var på trening først, så var vi på ALTI og til slutt handla vi på KIWI før vi for heim. I dag har eg ikkje gått på Vernet, for eg var trøtt på ein måte. 

Eg ville fyre i omnen og huska at eg hadde ein heil sekk med oppklipte kvistar-eg trudde dei var frå i fjor, men så var dei ikkje så tørre. Då kom eg på at eg hadde klipt kvistar og greiner frå epletreet tidlegare i vår. Dei var sjølvsagt ikkje tørre, men med litt hjelp har eg fått dei til å brenne. Heldigvis tok naboen resten av greinene mine med seg på VØR, så eg har ikkje fleire sekker.

Etter at eg hadde ete middag, restar frå i går, sovna eg i godstolen min. Då eg vakna sette eg i gang å bake gulrotkake, det må eg alltid ha i hus, og no var det nesten slutt på den eg laga til bursdagen min. Det som er bra med gulrotkake er at dei toler mange turar opp og ned frå frysaren. Og desse ungdommane mine er veldig glade i den kaka.

I går fekk eg ei gledeleg melding, Rasmus ville komme på besøk  til meg komande helg. Det ser eg fram til, for det er så kjekt å ha han her, og så hjelper han meg med så mykje som eg ikkje greier sjølv. Eg må kanskje lage ei liste?

I morgon er det pensjonistmøte på Rjåneset, men eg veit ikkje om eg skal fare. Eg har ikkje køyrt der før og hugsar ikkje korleis vegen var, men eg kan ta buss. Eg får bestemme meg i morgon.

Eg har kava mykje med bilde på datamaskina, no vart eg så lei at eg sletta alle. Eg kjem kanskje til å angre på det, men mange bilde finn eg att på bloggen i alle fall. Eg håper det lettar opp litt til i morgon, det er kjedelig med regn, snø og kulde no når det skal vere vår.

I dag fyller svigerinna mi på Eid 79 år. Alle svigerinnene mine(3) har fødselsdag i april, og det har svigerdottera mi også. Eg set stor pris på dei alle.

mandag, april 22, 2024

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på PC-en og begynne på nytt. Så får eg sjå korleis det går. Desse to bilda har eg tatt i dag då eg gjekk på Vernet før middag. Som de ser er det ikkje strålande ver i dag, men skya og opp-lett. Førre veka fekk eg gjort nokså mykje her heime, og veka der før også,  no har eg ikkje lyst å gjere noko i det heile tatt, men det er vel ein overgang. Viss sola kjem att, får eg vel energien igjen, får eg håpe.
Det er nokså overskya ute og på PCen min står det: Snø/is advarsel. Det er + 8 grader ute no. Så vi har visst noko å sjå fram til. No har eg ikkje vore nokon stad på fleire dagar, men i morgon blir det trening, så då kjem eg meg ut. Onsdag skal det vere pensjonistmøte på Rjåneset, og det kan no bli litt spennande. Eg har ikkje vore der ute sidan eg var med Nils og såg etter båten. Eg trur eg tek bussen ut, så slepp eg å køyre.


Eg har eit problem med at eg vaknar altfor tidleg om morgonen, eg prøver å sovne igjen, men det blir ikkje skikkeleg søvn. Eg står som regel tidleg opp, men blir trøtt etter middagen og har lett for å sovne i stolen når eg skal sjå TV. Slik var det i dag også, men heldigvis hadde eg kome meg ut og gå ein tur på Vernet tidleg på føremiddagen,
Då eg kom heim sette eg meg til å prøve å få legge bilde inn på maskina. Det enda med at eg prøvde å slette alle bilda, men eg tru dei ligg ein eller annan stad på maskina. Dei to bilda som er her på bloggen, er i alle fall tatt i dag. Når eg går tur på Vernet følgjer eg med det som skjer i naturen og kor langt våren er komen. Lerketrea er begynt å bli grøne, men ikkje bjørkene. Eg var ein tur ned på plenen i dag og då såg eg at det var på tide å begynne å ta opp løvetannrøter, for dei er det flust av. Eg var ned og henta den tredje og siste av thuja-vedsekkene, så eg fekk fyrt godt i omnen. Eg har gjort lite og ingen ting i dag, men er får vel igjen arbeidslysta om ikkje altfor lenge. I morgon skal eg på trening i alle fall.



 

søndag, april 21, 2024

Dagbok 2024: 21.april



Eg har tatt mange fine bilde i dag, og somme av dei ligg på maskina, om berre eg finn dei att. Desse bilda av dei første tulipanane mine i år tok eg nettopp no nedanfor garasjen. Eg brukar å stikke diverse løkar ned i bedda der det er plass til overs. Som de ser er ikkje tulipanane fullkomne i fasong, men dei er nye av året.


Klokka er no17.00, temperaturen ute er +12 grader C, og sola skin, det har ho gjort i heile dag, men det har vore kjølig til tross for sola, den varma ikkje så godt inne ein gong.

Eg vakna tidleg i dag, og eg stod relativt tidleg opp. Eg hadde ingen planar for dagen, så eg tok like godt og gjekk ein tur på Vernet. Der var eg nesten åleine så tidleg på dag.

Eg såg gudstenesta på TV i dag, frå kyrkja på Ulsteinvik; der var det trongt om plassen når heile Ten sing og elevane på folkehøgskulen  - var på plass. Det var mykje song og musikk. Einar snakka om at dei ville bygge ny kyrkje i Ulsteinvik fordi den gamle var for lita. 

Då det var slutt på  kyrkja laga eg mat til meg sjølv. I dag vart det litt av eit måltid, eg åt for mykje og vart altdfor mett. Eg hadde steikt ørret til hovudrett og riskrem til dessert. Eg fekk litt dårleg samvit  fordi det vart så mange kaloriar. Eg var bedt opp til Marit på kaffi, og det tok eg imot, men berre kaffi og ikkje kaker.

Ho skal på konsert i dag også, men konsertar må eg velje vekk, for eg blir så brydd med tinnitusen. Eg har susen i øyret hele tida, men viss eg blir utsett for mykje lyd, vert det mykje verre. No er det så fint ute at eg kan tenke meg å gå ein tur til-men eg veit ikkje om det blir. Det går an å gå på Vernet fleire gonger for dag. Ein av grunnane til at eg går der, er at det er så trygt, det er lettare å falle når ein går i terreng enn når ein går på ein veg.

Eg ser at eg skulle ha støvsuga varmepumpa, dvs. støvmottakarane. Men eg finn ikkje ut korleis eg skal få det til. Det var så enkelt på den varmepumpa vi hadde før. Eg får høyre med Rasmus, han har vel same sorten pumpe?

I morgon er det heimedag og eg håper å få gjort noko i hagen, eller med thujaveden .


 


lørdag, april 20, 2024

Dagbok 2024: 20.april

 






Under over alle under, eg fekk til å legge ut bilda eg tok i dag føremiddag, eg trudde det aldri ville skje- Det verste er at når eg endeleg får til noko, så veit eg ikkje heilt kva eg har gjort.Men her ser vi korleis det stod til i dag morgon, med snø både her og der, men eg trur det meste er borte no.(Bilda er ikkje så klare som dei skal vere)

Klokka er no 17.37, temperaturen ute er + 8  grader, det er nesten overskya, men vi ser litt sol av og til.Då eg stod opp i dag låg det kvitt over alle markar, men vi reknar ikkje med at aprilsnøen blir liggande. I dag hadde er problem med å forstå at det ikkje var søndag. Eg hadde ingen planar om å gjere noko, så det vart til at eg sat ei god stund med spansk på datamaskina. Kor mykje som går inn er ikkje godt å seie. 
Marit og resten av familien skulle på konsert, Mari Ella spelar i to korps blant anna. Eg kunne sikkert fått vore med, men korpsmusikk er ikkje så bra for tinnitusen min, den er der heile tida, men blir verre i "bråk".
Eg fyrte litt i omnen i dag også.
Då eg kom att frå turen min sette eg på og laga risgraut. Eg prøvde på den måten å få bort søndagskjensla, men det var ikkje lett.

I dag hadde eg litt lyst bort i Furene , på Plantasjen, COOP og kanskje JULA?. Men eg synest ikkje det var kjekt å fare åleine. Plantasjen er no open i morgon også om eg skulle finne på noko

Eg åt grauten min til middag, men vart veldig trøtt etterpå, så eg sette meg inn i stolen og såg TV og strikka. Trur eg sovna aldri så lite.
Eg ser at der er støv i varmepumpa , men eg veit ikkje korleis eg skal få opne opp og støvsuge filteret, det var så enkelt på den vi hadde før. Eg får sjå om eg finn ei bruksanvisning, så eg slepp å rope på Helge. Eg har aversjon mot bruksanvisningar, så dei brukar eg å gøyme.

Det var mykje eg kunne ha gjort i dag, men eg gjorde så mykje i går at det var ikkje mykje attå gjere. Det er no hagestellet som ventar no, eg er redd for at eg ikkje får gjort så mykje.




fredag, april 19, 2024

DAGBOK 2024: 19. APRIL

 



Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno.

Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det er nokså overskya, men opplett. I dag har eg vore heime åleine heile dagen, men var ein liten tur på Vernet. I dag vart det skikkeleg "fredagsvask" med meg for eg vaska  og så støvsuga eg alle teppegolva.  Eg sette også på ein klesvask, og hengde opp kleda på tørk. Så i dag har eg vore skikkeleg husmor. Men eg har ikkje laga middag enno. Eg tek sikte på sein middag i dag. 
Eg har også gått gjennom og lese diverse i Møre-Nytt, og sett på Reklamebladet frå JULA. Eg forstår ikkje kva vi skal med enda ein slik butikk. Eg synest ikkje vi treng det, men eg treng no ikkje så mykje. Det var andre butikkar eg heller ville ha hatt.Trur eg.
Eg har no diverse pausar når eg "jobbar" og pausane blir nytta til spansk på datamaskina. No er der så mykje spansk på Reels at det er ikkje fred å få. Men eg tviler på om eg nokon gong greier å lære meg så mykje at eg kan snakke. Det er ikkje lett å lære noko nytt i min alder, og samme kan det vere.Eg klarer meg stort sett med norsk-og litt engelsk.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Kva eg skal finne på i helga veit eg enno ikkje.

torsdag, april 18, 2024

Dagbok 2024: torsdag18.april

 


 Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa


Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grader og det er fint ver, litt skyer, men også sol.

I dag var eg på trening igjen, og som vanleg handla vi litt på KIWI på heimvegen. Då eg kom heim, la eg frå meg varene, og så gjekk eg ein runde på Vernet, greit å gjere det når ein først er komen i siget. Då eg kom heim att fann eg ei melding frå Einar, han ville komme innom ein tur. Det viste seg at han var her i Ørsta på jobb, så han kunne ikkje vere så lenge. Men eg fekk han i alle fall til å tømme støvsugaren min. Alle som kjem her blir utnytta på ein eller annan måte.

Det var for seint for meg å begynne på ein jobb ute i dag, så eg tok heller og vaska soverommet mitt. Eg vaskar der ikkje kvar veke, men i dag var det så fint å ha ut alle teppa at eg måtte nytte høvet. No er det gjort, og teppa skal inn att. I morgon blir det vanleg "fredagsvask". Det var mykje meir eg kunne tenkt meg å få gjort, men så er det denne ryggen min- med heilt "vanlege slitasjeskader."

Eg har lyst å begynne å styre i hagen, men det er sagt at det skal komme snø snart, og eg tviler ikkje på det. Derfor ventar vi også med å skifte hjul på bilen.

Eg har strikka opp alt garnet eg fekk av Solveig,  eg har litt sjølv også, men det er ikkje så mjukt å strikke som det Solveig hadde.

Eg har enno ikkje fått orden på bilda, så eg har ikkje ferske bilde å legge ut på bloggen. Det kan hende eg kan bruke den andre maskina mi ,laptopen, men eg må no få orden på "storemaskina" også, for det er den eg brukar-

I morgon er det fredag og då er denne veka også gått over i historia-tida går så altfor fort for oss som er gamle.


onsdag, april 17, 2024

Dagbok 2024: 17.april

 

              Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år.


Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 grader C, sola skin og det er litt vind. Heilt nydeleg ver altså.

I dag var det ikkje noko eg "skulle" så eg bestemte sjølv kva eg ville. Eg sat litt  og øvde på spansk på Reels før eg tok ein tidleg tur på Vernet. Om morgonen er føtene sprekast. Då eg kom heim hadde eg bestemt meg for å sjå litt meir på "veden" som ligg under altanen dvs. thuja stammar og greiner frå i fjor sommar. Eg tenkte at eg kunne begynne å klippe ev.sage greiner etc.. Eg fekk gjort ein god del, men det må nok ei motorsag til for å ta stammane. Eg har motorsag som eg kan bruke, men eg er litt forsiktig med å bruke den når eg er åleine. Eg har gjort det før, men er blitt meir forsiktig etter diverse "ulykker"- Ja, ikkje akkurat med motorsag altså.

Eg saga nokre av dei tjukke greinene med vanleg handsag, men så begynte sagkrakken å gå ut i spagat og då gav eg meg. Det er sikker berre å stramme mutrane, men eg hadde ikkje lyst i dag. Eg hadde laga til ca 3 sekker med "ved" så det får halde ei stund. 

Plukka litt singel på plenen opp mot gata, når ein freser snø på vinteren blir det alltid litt singel med. Til middag i dag laga eg smørbrød med egg og sild. Sette meg inn i stova med kaffikoppen , og etter kvart begynte eg å strikke. Det vart spennande, for det var andre lesten i eit par, og eg frykta at det vart for lite garn-og det vart det. No har eg lagt sokkane bort mens eg tenkjer ut ein plan.

Naboane i nr.5 driv på ute i lag. Hagearbeid er kjekkast når ein er to. Eg har ikkje sjekka opp alle prosjekta mine enno, men eg ser at det blir eit godt skvalder-år i år også, det er aldri uår på skvalderkål.

Hausten kom så brått i fjor at mykje av reiskapen min var ståande eller liggande ute og kom først fram når snøen for, og mykje av det eg skulle gjere, blei ikkje gjort. Så det blir litt å ta att. Marit og eg planlegg å plante på gravene, men på TV2 hadde verdama sagt at det var for tidleg å plante noko ute enno. Det skal visst bli snø igjen. Så naboen i nr.9 og eg vart samde om at det ikkje hasta med å legge på sommardekk heller. Sola skin framleis, men eg trur eg held meg inne.

I morgon er det trening igjen. Neste onsdag er det pensjonistmøte på Rjåneset, og eg trur eg må få klipt håret mitt før det.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...