torsdag, mai 18, 2023

Dagbok 2023: 18.mai

 


Klokka er no 17.17, temperaturen ute er + 15 grader, det er overskya og litt vind. Og eg trur ikkje det har regna i dag, men det har heller ikkje vore sol. Eg har vore inne for det meste; sette på klesvask i kjellaren og oppvask på kjøkkenet, så det vart litt husarbeid i dag, elles såg eg TV og strikka.

Eg er mykje betre i dag enn eg har vore dei andre dagane. Eg har nesten ikkje hosta i dag. Så no ser eg ein ende på plagene. Eg er ikkje vand til å vere sjuk, så eg blir fort lei når eg ikkje er i form. Eg hadde ein ekkel hoste, men i dag har eg ikkje hosta mykje. Middag hadde eg att frå i går, så eg slapp å koke i dag.

Marit hadde vore fram på gravplassen og der hadde ho sett til Nils si grav. Der hadde fuglane vore og grisa til, og då eg fekk vite det, køyrde eg fram med såpe og klut, vatn er der. Det blei no mykje betre, men eg skal  snart fram og pynte litt meir. Eg må handle ein del - plantar til kassane utanfor kjøkenglasa t.d. Sist eg var på Plantasjen såg eg at prisane hadde gått opp der også.

Då eg kom heim følte eg meg bra i form, så eg tok ein tur opp på Vernet. Ytst ute i Starevegen  møtte eg Solfrid og Turid med barn og barnebarn. Ja, det er no berre Solfrid som er bestemor av dei to-.

Eg har ikkje så mykje planar framover, men mykje står på vent. Eg har ikkje tatt med den vonde ryggen i planane mine- men eg har tenkt å kjøpe robotklippar, sjølv om det ikkje er klipping som røyner på ryggen.

I morgon er det fredag, så då må eg gjere ein innsats med husarbeid-tru eg.Eg hadde ikkje telefonen med på Vernet i dag, så eg får sjå etter eit fotomotiv i nærleiken.

Plommetreet på plenen har blomsta av. Men det store gamle epletreet nedst i hagen står klar med tusenvis av blomsterknoppar. Det skulle ha vore saga ned litt både her og der, men det skal få blomstre ferdig først.

onsdag, mai 17, 2023

Dagbok 2023: 17. mai

                              Gratulerer med dagen alle som les dette!

No held sola på å bryte seg fram mellom skyene, for det har sanneleg ikkje vore så fint ver hittil i dag. Første gongen eg vakna i dag , var det for tidleg å henge ut flagget, andre gongen gjekk eg ut og fekk flagget på plass. Då hadde alle naboane heist flagg for ei god stund sidan. Men eg stressar ikkje. 

Eg hadde planlagt å vere åleine heile dagen, då kunne eg kanskje bli frisk, i alle fall kunne eg hindre at andre vart smitta. Eg har hatt ein stygg hoste i snart ei veke, men elles har eg ikkje vore sjuk, berre litt slapp.

Sidan eg skulle feire dagen åleine, sette eg meg til å sjå TV, såg heile barnetoget i Oslo, der dei gjekk og vinka til kongen. Eg kunne knapt tru at der fantest så mykje folk i byen.Eg visste kva skule Ingeborg skulle gå med og eg såg barna , men det var umuleg å sjå Ingeborg mellom alle dei andre. Det varte og det rakk før alle var komne forbi. Heldigvis såg det ut som der var bra ver.

I dag hadde eg planlagt å lage god middag til meg sjølv. Eg hadde tatt svinekotelettar opp frå frysaren, og så fann eg ein pakke med Béarnaise saus. Grønnsaker har eg alltid og poteter. Det blei eit godt måltid og til dessert fekk eg friske jordbær frå Holland med fløte og sukker. Jordbæra som dei dyrkar i Holland er veldig smaklause, det er fordi dei dyrkar dei i drivhus, der dei står i vatn og ikkje i mold. Men det var no ein liten smak av sommar uansett.

Eg har ikkje strikka mykje dei siste dagane, på grunn av venstre skuldra, den har vore litt vond. Men kanskje alt kjem seg når det blir sol og fint ver.

Eg ser så fram til å få jobbe litt i hagen med å gjere der litt fint til tross for alt rotet. Det er no heilt greitt å få ein dag i morgon så ein kan kvile ut etter festen-og så er det no snart pinse også.

Håper alle mine over alt i landet har ein fin dag.



 

tirsdag, mai 16, 2023

Dagbok 2023: 16.mai


 Klokka er no17.25, temperaturen ute er stakkarslege 7 varme- men det er litt lysare i lufta no enn tidlegar i dag, det har vore ein litt trasig dag etter alt det fine veret vi har hatt. Eg bestemte med i går for at eg ikkje skulle på trening i dag. Vil ikkje smitte andre med denne sykja. Ikkje sdet at eg er så sjuk, men eg hostar mykje og det tek på. Eg syntest det var heilt greit å vere heime til eg er i betre form.Eg har ikkje gjort så mykje i dag, eg har verken strikka eller laga mat, men eg har lagt i hop klesvask, dusja og vaska og rulla håret mitt etc. Men meste tida har eg vel brukt på sudokuar. Fekk bladet "Pensjonisten" i dag, med bildet av mitt store ideal Stortingspresidenten. Han er berre så sjarmerande og flink-heilt unik, synest eg.Ja, og så er der sudoku i bladet også.


Eg brukte så å seie det meste av dagen til å vente på at eg skulle til Vik og kjøpe meir hostesaft. Eg villle vente til det verste rushet var over. Men då eg endeleg for ned var det meir trafikk enn vanleg, så eg kom vel litt for tidleg--eller litt for seint-alt ettersom ein ser det. No har eg i alle fall nok hostesaft i hus, eg håper berre at eg ikkje får bruk for alt. Det er tungt og vondt å hoste- lyden er som når ein skal starte ein bil som ikkje heilt har tenning.

Då eg kom heim såg eg at det var behov for å rydde litt på tunet, sjølv om ikkje toget kjem hit opp i år. Den raude rhododendronen står fin no, vi kjøpe ein gong tre, men ein for grasklipparen med og ein annan døde av noko anna. Marit har så mange fine rhododendron og eg har planar for å kjøpe minst ein til, men det får bli etter den 17. Eg reknar med å vere her heime åleine 17.mai det har eg vore før også og det går heilt fint. Eg har no TV-en.

No skal eg snart gå ut og rydde litt. Og så vil eg ønske alle ein fin 17.mai

Eldste guten til Rasmus har fødselsdag i dag, eg reknar med at han er i Tromsø enno. Eg har no gratulert han på FB, men kan gjere det her også.

Gratulerer med 21-årsdagen, Eivind !


mandag, mai 15, 2023

Dagbok 2023: 15. mai

Klokka er no 16.08, temperaturen ute er + 13 grader C. Det har regna litt i dag, men det ser ut som det lettar opp etter kvart. Eg høyrer at naboane er ute og klipper plen, men eg klipte min plen før helga og treng ikkje klippe den meir før 17.mai.(Eller så kan eg klippe i morgon)

I dag sjukmelde eg meg sjølv, ikkje fordi eg er sjukare enn før, men tenkte det gjorde godt med ein "fridag". Eg måtte ta meg av ein klesvask, elles  har eg ikkje gjort så mykje . Føremiddagen gjekk med til å øve på AFRIKA på gruble.net, og no trur eg at eg kan skifte over til ein annan vedensdel. For nokre år sidan kunne eg alle landa i verda. Men kunnskapen sat ikkje fast no. Når eg ikkje studerte Afrika hosta eg. Å hoste er travelt og tidkrevjande og eg likar det ikkje.Men det stilnar litt utover dagen.

Når eg hadde fått hosta nok tok eg ein dusj for å friske meg opp. Og så har eg hatt på You tube og høyrt gamle fine songar med Elvis, Tomren og andre som eg likar. Det er fordelen med å bu åleine-ein kan spele kva ein vil, så mange gonger som ein vil. Og viss eg vil ha det skikkelig fint, så kan eg sette på You tube på TV-en. Eg kan ha fine konsertar her heime-gratis.

Eg vil ikkje at Marit eller andre skal komme på besøk, for eg redd for å smitte folk no rett før !7. mai. Marit spør om eg har feber, men det veit eg ikkje, sist eg hugsar at eg hadde feber var i 1958 -då Asiasykja herja. Eg har ikkje febermålar ein gong. Eg kjøpte ein då Nils var sjuk, men den virka ikkje.

No lurer de vel på kva bildet mitt i dag skal handle om. Jau, det skal eg seie. Eg rotar mykje i mold og jord og alt muleg. Det går ut over neglene mine blant anna. Eg går nesten alltid rundt med øydelagde negler, sprukne og brotne.Eg kan ikkje bruke farga neglelakk for då måtte eg male kvar dag. Eg tenkte eg skulle kjøpe lakk utan farge og gjekk inn på butikken til Mariann og spurde etter fargelaus lakk."Då vil du vel ha ein slik som reparer neglene då? Sa ho, og kom med den som de ser å bildet. OG den var ei FUNN. Ein kan ta fleire strøk oppå kvarandre for at det skal bli enda sterkare. No har eg høyrt at folk kan tene pengar på å reklamere på nettet, så kanskje eg kan begynne med det.

Plenen min er ikkje så veldig stygg etter vinteren. Dei lysebrune flekkane er mose, og dei skal er få bukt med når eg begynner å gjødsle. Etter 17.mai må eg gå inn for hagearbeid. Eg hadde ikkje planlagt å bli så skrøpeleg no, men det går vel over, Eg skal ikkje på trening i morgon, for eg treng ikkje å fare rundt med smitte.

 

søndag, mai 14, 2023

Klokka er no 17.14, det er lettskya og + 17 grader. Det er berre lekkert, det spennande no er om vi får finever 17.mai.

Eg har ikkje hatt det så bra i dag heller, sov lite i natt og var oppe halv sju. Hosten plagar meg heile tida. Det er veldig mange år sidan eg har hatt noko liknande . Ei anna som går på samme trening som eg, er også forkjøla, så det er kanskje der vi har blitt smitta.

Eg kan no ikkje gramme meg for mykje , eg har vore frisk i mange år, og ei forkjøling må eg no tole. I dag har eg gjort lite og ingen ting, men eg var ein tur opp til Marit ei stud. Ein i familien der er også forkjøla, så det er vel noko som går-

Eg laga meg ikkje skikkeleg middag i dag, men åt grønsaksalat -og det er godt. Til i dag som til i går tok eg is til dessert. Når ein er "sjuk" må ein få noko ein har lyst på.

Eg tok ein runde på Vernet, sat ei stund på alle benkane. Der oppe møtte eg Varaordføraren og mannen hennar, dei heldt på å pynte til 17,mai-på samme måte som i fjor; eit lite flagg på annakvar"gjerdestolpe"- ca 100 flagg til saman. Det er så fint når dei blafrar i vinden-for vind er der. No går vi alle og drøymer om å få ein like fin 17.mai i år som i fjor.

Eg kjem ikkje til å gå på trening mandag, no må eg prøve å få sove igjen, sist nartt sov eg berre eit par timar igjen.

Eg ser no TV titt og ofte,men det har ikkje blitt strikka så mykje i det siste


 

lørdag, mai 13, 2023

Dagbok 2023 : 13.mai.



 
Klokka er no 18.36, temperaturen ute er+ 16 grader og det har vore sol og fint i dag, men no har det kome litt lette skyer på himmelen. Eg kom nettopp heim frå ein tur på Fonnvernet.

I går kveld var eg i tvil om eg kunne ta sovetablettar sidan eg hadde den fæle hosten, men eg tok sjansen og det gjekk bra. Eg sov godt heilt til klokka var 8 i dag-utan å hoste.Eg trudde eg var heilt bra igjen og satsa på det. Etter kvart forsto eg at hosten berre hadde tatt ein pause, så eg vurderte ein tur på Apoteket. Men først jobba eg litt i hagen ; eg klipte nokre greiner på "rygge-buska" mi, for eg trong betre sikt og Rhododenro- buska trong mein sol og lys. Det syner knapt at eg har vore der med "saksa" men eg har ein heil svartsekk full med greiner.

Så tok eg turen til ALTI og Apoteket, Laurdagane er der altfor mykje folk på kjøpesenteret for då kjem dei frå alle bygder her omkring; så eg var berre på apoteket og - så for eg opp på KIWI og handla litt der.

Marit ville at eg skulle komme opp og sitte med henne på benken, der ho sat og strikka. Eg gjekk sjølvsagt opp og sat der lenge. Då eg kom ned att angra eg litt, for tenk om eg har smitta henne med hosten min. Då skal eg i alle fall kjøpe medisin til henne. Det er ei rar sykje eg har, eg føler meg frisk som ein fisk, det er berre den hosten!

Har ikkje laga meg middag i dag, men det er vel ikkje for seint enno. Om ikkje anna så har eg ein klatt med risgraut. Eg lurte på å fare på Planrtasjen i morgon, men så kom eg i hug at det visstnok er "Bygde Pride" , så då er det vel mykje trafikk.

No ser eg fram til ein lang kveld med song og dans. Men ærleg tala så forstår eg meg ikkje så mykje på denne musikken. Den er for ein annan generasjon. Men det er no greitt å sjå på, og litt spennande kven som vinn. Eg trur Margrete har tippa rett kvart år.



No blomstrar det raude og gule tulipanar nedan for garasjen. ikkje visste eg at der var planta så mange.

fredag, mai 12, 2023

Dagbok 2023: 12.mai


 Klokka er no16.20, det er skodde i fjella, men sola held på å bryte igjennom.

Temperaturen ute er+17 grader, sjølv om det er nokså overskya.

Eg har hatt ein litt underleg dag, eg begynte å bli liksom forkjøla i går, men det var no mest at eg hosta-og det ganske kraftig. Eg la meg i 1-tida, og klokka 3 begynte eg å hoste ganske forferdelig. Eg stod opp og venta til det det verste var forbi. Då skulle eg legge meg att, men kom på at eg like godt kunne vere oppe, for det er veldig ekkelt å ligge inne i senga når ein får slike hosterier. Og slik vart det . Eg fann ei flaske med litt hostesaft og det hjelpte litt. Men når hosteria står på er det ikkje lett.

Eg hadde ein halvferdig sudoku liggande frå i går kveld og den jobba eg med mens det gjekk mot dag-utan at eg kom i mål. Det vart ein lang dag når ein starta klokka tre. Eg fekk no tatt fredagsvasken om ikkje anna. Eg hadde ikkje tenkt å gjere så mykje i dag, og det var no bra. Eg har ikkje gått på Vernet ein gong. Vil vere heime når hostebyene kjem. Til "middag " åt eg risgraut frå i går, og etter middagen gjekk eg ut og slo dei to plenstykka opp  mot vegen. Oppom garasjen er plenen så ruglete  at han skulle ha vore pløgt opp på nytt og jamna, men det kan eg ikkje gjere noko med sjølv. Eg sat med Marit på benken hennar ei stund, vi har plage med ryggen begge to. Men så fekk eg ei hostebye så eg gjekk ned att til den var over. Eg måtte klippe dei to små bitane, så fekk eg spylt klipparen. Eg har bestemt meg for å kjøpe ein robot, når eg har fått rydda plenen. Då slepp eg å køyre gras bort på VØR-og så slepp eg å gjødsle så mykje. Nedanfor garasjen er det fint med raude og gule tulipanar, men på "garasje-muren" er der ingen ting no. Dei små blå har visna, og rosetrea er ikkje komne i gang enno. Det kjem vel ei tid.

I dag føler eg på at det er laurdag, men no håper eg at eg er friskare i morgon, så eg kan få gjort noko kjekt. No skal eg gå ut på altanen og ta nokre bilde, for no blir det etter kvart fint ute.



Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...