tirsdag, mars 07, 2023

Dagbok 2023: 7.mars

Klokka er no 16.46, temperaturen på trappa er 0 grader, men sola skin frå nesten skyfri himmel, så inne er det varmt, enda eg har slått av all varme. Det er nydeleg ver, men vi skulle ha hatt det slik for ein månad sidan.

I dag vart eg letta då eg såg at det ikkje hadde kome snø om natta, så slapp eg å moke før eg skulle på trening. Marit valde å vere heime i dag med den låke foten, så eg for åleine. Etter treninga køyrde eg beine vegen heim, og då spurde Marit om eg ville vere med å gå tur, og det ville eg no. I dag gjekk det betre enn i går, vi gjekk ut Starevegen og ned på Olavsgata, og heim, så det vart ein runde. Marit har rullator og det er god hjelp til å halde seg oppreist i ryggen, skulle sikkert hatt eg også, men eg synest eg er litt for frisk til det.

Eg var svolten som ein ulv i dag, og hadde ikkje tenkt ut noko til middag, så eg kokte graut. Det var ikkje noko som eg var så glad i før, men no kokar eg graut nesten kvar veke, då blir eg i alle fall mett. Veldig mett! Så eg sette meg inn i godstolen ei stund og sløva, mens eg tenkte på om eg skulle gå ein tur på Vernet eller på vegane. Eg tok i alle fall på meg piggskorne igjen- og gjekk. Det såg ut som om det gjekk and å gå på Vernet, så då gjorde eg det. Det vart inga lett runde, for der var berre ei trakka rås, så eg måtte passe godt på kvar eg sette foten ned, men det gjekk heilt fint. Det var litt utfordrande, men eg tenkte som så at då går der med fleire kaloriar og det er bra.             

No må eg til å lese litt spansk slik at eg er aldri så lite budd på morgondagen. Å lese og forstå, det er ikkje vanskeleg, men så er det grammatikken-den er vanskeleg på nesten alle språk.

I morgon kan vi no feire kvinnedagen når vi er på Bakk-Ola. Eg skal sjå om eg kan lage ei helsing -på spansk. Eg har Google translate.



mandag, mars 06, 2023

Dagbok 2023: 6.mars


Klokka er no 16.45, det er minus 1 grad C og lettskya.
 I dag vakna eg opp til ein strålande morgon, rett nok var det mykje snø, men sola skein i alle fall, det var i grunnen slik vi planr ha det i februar-sol og snø. Ja, det hadde kome mykje snø sidan sist eg såg ut glaset, så det vart ein kjempejobb å ta tunet i dag. Eg sette meg til å strikke litt før eg skulle gå å moke. Då høyrer eg motordur på tunet og der går naboen og fresar heile tunet mitt. Det var berre fantastisk Men for å gjere litt sjølv også tok eg trappa og litt rundt om kring før eg gjekk på altanen og tok nokre spadetak der også.

Marit ville ut ein tur i dag, så eg gjekk i lag med henne ut gata og inn att. Der trefte vi naboar som var ute og gjekk. Men vi såg at det mørkna til i vest, sola var ikkje framme lenger og det kom aldri så lite snø, men no har det klårna opp att-heilt klårt er det ikkje.

Eg støvsuga og tørka støv i stova i dag, og så laga eg meg nokre små pannekaker til middag. Etter middagen sette eg meg til med spanskleksa, og det har eg halde på med ei god stund. Eg var vekke ein onsdag etter fallet, så eg har litt å ta igjen.

Men no skal eg snart sette meg til å strikke, trur eg. Sjølv om det er nydeleg ver er det ikkje slik vi vil ha det i mars, for då vil i alle fall eg ha VÅR-.

I morgon skal eg på trening, så eg håper ikkje at det kjem snø komande natt.

Bilda tok eg på føremiddagen i dag


søndag, mars 05, 2023

Dagbok 2023: 5.mars


 Klokka er no17.00, temperaturen ute er + 1gradC og i dag snør det noko alvorleg.

Det har lava ned nesten heile dagen, men mellom bygene har det vore litt sol.

Vi har vore nokså fornøgde med vinteren hittil i år, ikkje verken særleg mykje snø og heller ikkje kulde. Og no var vi komne til mars og då skulle det bli vår.

Det begynte å snø i går og eg tenkte som så at då kunne eg bruke søndagen til å moke snø i staden for å gå på Vernet. Etter frokost kledde eg meg i arbeidsklede og gjekk ut og begynte å moke tunet. Det gjekk rimeleg bra, og eg fekk med det meste, det som låg heilt oppe ved vegen tok naboen med fresaren. Sola kom fram ei lita stund, og eg gjekk inn att ein tur. Då begynte det å snø igjen- enda meir enn før, og bygene kom tett. Det var ingen vits i å gå ut og moke igjen. Akkurat slik var det i fjor vinter også -langt ut i mars månad. Det som er litt trasig er at eg må moke heile tunet viss eg skal ha ut bilen, og det vil eg no gjerne. I alle fall på tysdag for då er det trening.  Eg fann ut at det var ikkje så nøye med å moke meir i dag, får vente til det sluttar å snø.

Eg gjekk inn og laga meg god middag i dag. Eg brukar ofte å ha steikt ørret til søndagsmiddag, men dei hadde ikkje på butikken sist eg var der så eg kjøpte laks i staden. Den er ikkje så god som ørreten, men den er ikkje så verst. Etter at eg hadde ete sette eg meg inn i stova og slappa av. Eg trur eg sovna litt i dag også, men eg hadde i alle fall sett frå meg kaffikoppen. Etterpå strikka eg ferdig eit lestepar og festa trådendane. 

Eg skulle vel vore ute og gått ein tur, men eg har rett og slett ikkje lyst, så det får vere til i morgon. Eg har garn og pinnar +TV så då greier eg meg godt.

Litt sol mellom byene.


lørdag, mars 04, 2023

Dagbok 2023 :4.Mars.

 

Klokka er no 19.38, temperaturen er minus 2 grader og det snør.

I dag har det vore ein roleg dag. Eg hadde tenkt å gå tur rett etter frokost, men det hadde kome såpass mykje snø at eg valde å moke litt på tunet, såpass eg kunne ta ut bilen eller at nokon kunne komme seg inn på tunet. Det var no relativt fort gjort og det varte ikkje lenge før der kom meir snø. 

I dag fann eg ut at eg skulle gjere ei god gjerning med å ete opp ein rest frå frysaren. Sist haust laga eg bacalao og fraus det eg ikkje åt opp med ein gong.I dag tok eg fram resten og begynte å ete på den, og gav ikkje opp før det var tomt. Då var eg meir enn mett. Eg sette meg inn og såg litt TV etterpå, men eg vart så trøytt at eg trur eg sovna-med kaffikoppen i handa, som vanleg. Var relativt våt då eg vakna. 

Då ringde Solveig og ville ta seg ein tur innover, Eg rakk å byte på meg tørre klede etc. før ho kom. Ho hadde med seg heimelaga bollar, men eg måtte be om unnskyldning for at eg ikkje greidde å ete så mykje på grunn av stort inntak av Bacalao.

Det var kjekt å få besøk i dag for eg var her åleine og syntest ikkje det var noko kjekt å fare til Vik når eg ikkje hadde nokon  med meg. Solveig fekk med seg lestane eg hadde strikka sidan sist, no held eg på med nokre til meg sjølv.

Så no blir det TV og strikk i kveld også.

I dag har den yngste av barnebarna mine fødselsdag, det er Ingar som no fyller 13 år. 

GRATULERER NED DAGEN INGAR !

fredag, mars 03, 2023

Dagbok 2023: 3.mars

 


Klokka er no 16.45, temperaturen er +5 grader. Det har vore regnbyger med litt sol av og til innimellom.

I dag tok eg fredagsvasken tidleg på føremiddagen, så eg trudde eg skulle få gjort litt meir i dag. Men så hadde eg ein lest som ikkje var heilt slik som den skulle vere, så eg rekte opp rikeleg for å få den perfekt-. Det tok si tid, men lesten blei slik han skulle vere. 

Det vart tid for middag, men eg hadde ikkje tenkt ut anna enn desserten, så i dag vart det riskrem til middag og ikkje noko anna. Det vart i alle fall nok kaloriar. Eg kveikte i omnen, men no har eg brukt opp all den finkløyvde veden som eg hadde, så då er det litt problem med å få det til å brenne. Hadde det vore opplett i dag kunne eg kløyvt meir , og då kunne eg også fått vaska vindua på stova utvendig-i fall det skulle komme sol.

Eg var lens for både det eine og det andre så eg lurte på om eg skulle ta ein tur på butikk, det var ikkje så fristande i renveret, men det vart ein tur likevel. Då eg køyrde heim kom eg på att eg ikkje har gått tur i dag, men det er vel ikkje for seint enno. ?

Eg er nesten normal i ansiktet no., men det heng att ei lita skurve enno, den dett nok snart.

Eg tek på meg gummeistøvlar når eg går på Vernet, spanderer ikkje dei beste støvlettane, og dei gamle er hol i så då blir eg våt på beina. No blir eg frista tilå ta ein runde i dag også-

Fredagane kjem tett i år, så no kan eg ønske alle ei god helg

Ps.Det vart ein runde på Vernet i dag også. Det kom litt nedbør som små hagl

torsdag, mars 02, 2023

                                                                      Klokka 9.30


 Klokka er no 17.40, temperaturen ute er +5 grader, og i dag har det vore opplett, men ikkje så mykje sol. Frå morgonen av såg det ut til å bli eit nydeleg ver, men det skya fort over. I dag skulle eg på trening utan Marit, for ho skulle til tannlegen. Eg lova å hente  henne heim når ho var ferdig der. Eg hadde ikkje vore heime så lenge, før eg fekk melding, og så var vi innom apoteket før vi for heim.

Eg tok like godt og gjekk på Vernet ein tur,mens eg hadde ytterkleda på meg.Viss eg blir sittande inne kan det hande at eg skulkar trimmen.

Middgen i dag var enkel, oppvarma graut frå i går, men det kan hende eg lagar litt godt til kvelds. Eg blir så trøtt med det same eg har ete at om eg set meg til å strikke, så kan eg likevel sovne. Det var nære på i dag også.

Eg sat og strikka ei stund,  så gjekk eg ut og rydda litt i garasjen, men det er ikkje så mykje eg får gjort før ryggen streikar.  Eg kveikte opp i omnen for å brenne litt rusk og rask i lag med veden.

Men så fekk eg ein lys ide, det var opplett ute, og då kunne eg vaske på soverommet, sidan eg kan ha ut teppe. No er det gjort, teppa heng ute framleis og er kjempetunge å riste, men eg prøver så godt eg kan. Det er ikkje anna i vegen enn at eg har ein dårleg rygg. Men sidan det berre er vanleg slitasje, så er det ikkje mykje å gjere med det. Det plagar meg ikkje så mykje anna enn når eg ikkje får gjort det eg vil. Men eg må vel finne meg i at eg er gammal og ikkje greier alt som eg kunne før. Men det er no littirriterande også. I morgon er det frdagsvask, det er ikkje så mykje i, men før eller seinare MÅ eg ta vindua på stova utvendig, dei ser ikkje ut. Særleg ikkje når det er sol.

Eg har begynt åskale litt av på såra mine, eg passar på å ikkje rive av skurvene, dei får dette av sjølve. Avog til verker eg litt der eg slo meg mest, men eg trur ikkje det er så farleg. No skal eg ut og ta inn teppa og få dei på plass.


                                                                  Klokka 17.05

onsdag, mars 01, 2023

Dagbok 2023: 1.mars


 Klokka er no17.55,temperaturen ute  er+6 grader, og det har regna meir og mindre i heile dag. Det einaste som er bra med regnet er at vi slepp å moke det.

I dag var det spansk-kurs og det begynner ikkje før klokka 11, så eg hadde god tid til morgonstellet. Eg prøvde mellom anna å dekke over nokon av såra mine, men det funka ikkje så godt. Då eg kom ned på Bakk-Ola, fekk eg vite at læraren vår ikkje kom på grunn av sjukdom i heimen. Men vi sette i hop eit langbord og prøvde å lære av kvarandre. Det var ein som fekk det overordna ansvaret, elles hjelpte vi kvarandre så godt vi kunne. Vi er no godt vaksne folk-pensjonistar!, Vi heldt klokka, som vanleg og hadde matpause midt i, slik vi brukar å ha det.

Eg køyrde rett heim etterpå utan å fare på butikk. Eg hadde sett på oppvaskmaskina mens eg var vekke, og då eg hadde tømt den laga eg litt mat og åt.Eg sette meg inn i stolen etterpå og var så trøtt. Men eitkvart måtte eg no gjere i dag også, anten rydde i bokhylla eller gå på VERNET, sa eg til meg sjølv. Eg valde bokhylla, og det var bra, for der fann eg PASSORDBOKA mi som eg har leita etter lenge, men på feil rom.

Å rydde i bokhylla gjer at mange minne kjem fram, frå den tida då ei god bok vart ei oppleving for livet. Eg kan hugse då ungane sov middag, då let eg oppvasken stå til dei vakna, og brukte "fritida" på ei eller anna bok.  Heillt frå eg lærte å lese  var eg så veldig glad i bøker. No har eg TV med ørten kanalar og filmar til tusen og meir til. Lydbok har eg på telefonen, og så kan eg kombinere lesinga med t.d. strikking- Vanlege papirbøker les eg berre på senga om kvelden og ikkje så mange sider om gongen. Slik er det blitt. No er ikkje dette alle bøkene mine. Eg har bøker på datarommet, og på gjesterommet i kjellaren , og litt her og der- Eg får meg ikkje til å kaste bøker som er heile og reine, sånn nokonlunde.

I dag begynner vi på mars, eg synest tida går fortare enn nokon gong. I morgon er det trening igjen, og så kjem helga.Når vi sluttar treninga klokka 12 på torsdagar, seier vi :GOD HELG. Vi er no pensjonistar!



Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...