Klokka er no 19.38, temperaturen er minus 2 grader og det snør.
I dag har det vore ein roleg dag. Eg hadde tenkt å gå tur rett etter frokost, men det hadde kome såpass mykje snø at eg valde å moke litt på tunet, såpass eg kunne ta ut bilen eller at nokon kunne komme seg inn på tunet. Det var no relativt fort gjort og det varte ikkje lenge før der kom meir snø.
I dag fann eg ut at eg skulle gjere ei god gjerning med å ete opp ein rest frå frysaren. Sist haust laga eg bacalao og fraus det eg ikkje åt opp med ein gong.I dag tok eg fram resten og begynte å ete på den, og gav ikkje opp før det var tomt. Då var eg meir enn mett. Eg sette meg inn og såg litt TV etterpå, men eg vart så trøytt at eg trur eg sovna-med kaffikoppen i handa, som vanleg. Var relativt våt då eg vakna.
Då ringde Solveig og ville ta seg ein tur innover, Eg rakk å byte på meg tørre klede etc. før ho kom. Ho hadde med seg heimelaga bollar, men eg måtte be om unnskyldning for at eg ikkje greidde å ete så mykje på grunn av stort inntak av Bacalao.
Det var kjekt å få besøk i dag for eg var her åleine og syntest ikkje det var noko kjekt å fare til Vik når eg ikkje hadde nokon med meg. Solveig fekk med seg lestane eg hadde strikka sidan sist, no held eg på med nokre til meg sjølv.
Så no blir det TV og strikk i kveld også.
I dag har den yngste av barnebarna mine fødselsdag, det er Ingar som no fyller 13 år.
GRATULERER NED DAGEN INGAR !
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar