torsdag, januar 14, 2021
Dagbok 2021: 14.januar
Klokka er no 16.00, temperaturen ute er minus 8 grader C, to grader "varmare" enn i dag morgon. Det er utruleg fint ute, med fin, kvit snø, sol i fjella og i det heile tatt nydeleg. Bortsett frå temperaturen- etter min smak er det altfor kaldt, enda eg hugsar godt vintrar med dobbelt så mange kuldegrader I dag har eg ikkje vore ute og moka såpass eg har fått tempen opp. Men får eg moke - abstinens, så har eg ein heil altan som burde tømmast.Der er 30-40cm snø på heile altanflata. Slik var det for eit par år sidan også, då brukte eg fleire dagar på å tømme altanen for snø. Tungt var det og, sidan eg måtte hive snøen over rekkverket. Men i dag har eg ikkje overanstrengt meg på nokon måte. Mykje av føremiddagen sat eg og las ut ei bok-ei lydbok, sat og la kabal på data mens eg høyrde, det hjelper på konsentrasjonen å ha noko å fingre med. Til vanleg strikkar eg når eg les lydbøker. Innimellom rakk eg å shine og vaske kjøkken og bad-fredagsvask kallar eg det, uansett dag. Til middag i dag laga eg grønsaksuppe med pølsebitar, det smakte godt på ein kald dag. No har eg fyrt i omnen, i tillegg til at eg har på varmepumpa + ein liten vifteomn. Det er så husekaldt her når det ikkje er folk som varmar opp i kjellaren, men så lenge eg har ved får eg opp tempen. Her på datarommet mitt har eg ein laus elektrisk omn som varmar bra, derfor held eg meg mykje her på føremiddagane viss eg ikkje er ute. Det frydar meg å sjå at dagane vert stadig lenger og lysare.Lurer på om eg skal ta ein tur til Vik i morgon, eg begynner å gå tom for blant anna frukt og grønsaker, elles har eg rikeleg av alt. No skal eg strikke ferdig den nye erma på kofta mi, i staden for å bøte eit stort hol, klipte eg av erma og strikkar nytt. Hadde rikeleg garn att, så eg kunne gjere det slik.
I dag fyller "tantebarnet" mitt, Roar 53 år. Han er sonen til Nils sin bror Rolf.Han har overtatt Nils sin barndomsheim i Trovågen.
Bøker 2021 - Bok nr.5: Hvor er hun?
Om Hvor er hun?
«Jeg tror mitt egentlige navn er Samantha. Jeg tror jeg er datteren din.» Caroline Shipleys hjerte slutter å slå da ordene i telefonen når henne. Umiddelbart er hun femten år tilbake i tid, til feriestedet Baja i Mexico og den fatale natten da alt falt i grus. Reisen til Mexico skulle være en feiring. Ektemannen Hunter overbeviste henne om at det var greit å la de to døtrene, Michelle og Samantha, være alene på hotellrommet mens de to spiste middag i hotellets restaurant. Men da de kommer opp på rommet etterpå oppdager de til sin skrekk at toåringen deres er sporløst forsvunnet. Dagene og ukene som følger er et eneste langt mareritt for familien. Men Caroline gir aldri opp håpet om at datteren Samantha en gang vil komme tilbake.
...................................................................................................
Dette er den fjerde boka av samme forfattar. Eg likte i grunn best dei to første eg las. Men alle fire handlar om lovbrot innan familien. Elles legg eg merke til at mor/bestemor ikkje er så sympatisk. Denne boka vart litt langdryg etter min smak.
onsdag, januar 13, 2021
Dagbok 2021: 13.januar
Starevegen i dag klokka 15.00.
No er klokka 15.50, temperaturen er minus 9 grader, sola skin i fjella og det er ein strålande dag, berre det ikkje hadde vore så kaldt.
I dag var eg innstilt på å moke sjøl, men før eg var oppe hadde ein av naboane sett i gang med å frese heile tunet mitt, og dessutan laga veg heilt ned til kjellarleilegheita. No er ikkje leigebuarane i kjømda enno, men eg fekk veg så eg kunne gå ned i tilbygget og hente diverse.Og arbeidslaus vart eg heller ikkje for både trappa og altanen måtte mokast i dag også, så var det ved som skulle hentast inn og bossdunkar som skulle opp til vegen. Ja, det var tusen ting å gjere for den som vil. Til slutt gjekk eg i dusjen og vaska håret; sveisen var ikkje presentabel etter ei veke i strikkahue. Får eg gjekk i dusjen la eg i omnen, varmepumpa duger ikkje når det er så kaldt. Eg heldt meg på datarommet til det vart på tide å lage middag. Middagen i dag var som den var i går, berre at sausen var laga og eg hadde ei kokt potet att. I dag bevilga eg meg dessert, det vart krumkaker og is ! Eg synest sjlølv at eg et for mykje for tida, det er for at eg har for god tid til å lage mat, men komande tysdag får vi begynne å trene igjen, så då blir det mindre matlaging. Slik det er no blir det mykje å sitte inne og varme seg-og ete. Ja, eg plar no strikke litt innimellom, men eg vart litt usikker på det strikketøyet eg held på med, så no har eg lagt det bort, midlertidig, for eg vil at Solveig skal sjå på det. Men så har eg klipt av nesten heile erma på ei kofte der det var eit stort hol. Eg fann ein garnrest som var stor nok til at eg kunne klippe vekk mesteparten av erma og strikke ny. Det kan eg gjere mens eg høyrer lydbok eller ser TV.Det er lenge sidan vi har hatt så mykje snø og så kaldt som vi har det no, men eg hugsar korleis vintrane var før i tida. Eg skal vere heilt ærleg å seie at eg likar ikkje kulde. No har eg bestilt meir ved med Even, for det skal litt til for eitt menneske å varme opp eit heilt hus. Marit var til kontroll med legen sin i dag, og då fekk ho vite at ho skal få vaksine i februar. Viss eg er i samme gruppa, får vel eg det også? Elles så fekk eg utskrift frå banken på det eg har betalt til Telenor. Eg betaler enno for tvillingen som slutta å virke i august.
tirsdag, januar 12, 2021
Bøker 2021: Bok nr. 4: Kvinner i Ørsta og Volda
Denne boka fekk eg av Margrete til jul. Det var ei bok eg ønskte meg, av mange grunnar. Eg kjenner godt ho som har skrive boka, eg hadde henne som lærar då eg tok norsk grunnfag på DH i Ørsta, og seinare gjekk eg på franskkurs med henne.Det var ein grunn til at eg gjerne ville lese boka. Den andre grunnen er innlysande, eg kjenner mange av kvinnene ho skriv om, somme kjenner eg godt, andre berre av omtale.Somme av kvinnene vart fødde langt tilbake på 1800-talet, og døde for lengst, andre er på alder med barna mine og lever enno i beste velgåande. Reidun har skrive ei viktig bok, og ho har ikkje tatt lett på oppgåva. Ho har funne fram til kvinner som har utmerka seg på ein eller annan måte, gjennom arbeidet sitt og/ eller i politikk og samfunnsliv.Boka speglar kvinnerolla gjennom mange år og er såleis også eit historisk "verk". Det siste kapittelet i boka handlar om konene på gardar i Åmdalen, der Reidun si mor var ei av dei. Det var kanskje det mest "rørande" kapittelet. Eg har hatt stor glede av å lese boka, og kjem sikkert til å ta den att innimellom. Eg kan nemne at boka har over 300 sider med tekst og bilde, og historia til nærmare 40 kvinner. Mykje arbeid har Reidun lagt ned i dette verket-eg veit ikkje om andre som har gjort noko liknande.
Dagbok 2021: 12.januar
Klokka er no 16.30 og bilda tok eg frå trappa for ein augneblink sidan. Temperaturen er så vidt over 0 og det snør framleis.
Eg var budd på at det hadde kome mykje snø sist natt, for det begynte å snø i går kveld.Så det var ikkje anna å gjere enn å ta på seg strikkahue og vottar og kome seg ut. Eg hadde i grunnen ikkje så mykje imot det. Men først spada eg vekk snøen på altanen. Nils var så nøye på at snøen ikkje skulle ligge der til den smelta. Så begynte eg på tunet og var godt i gang då hjelpa kom i form av ein motorisert brøytebil. Ja, eg har sett den før, den var her i fjor og året før også, meiner eg.Eg kjenner godt sjåføren , eg har ein gong i tida hatt han som elev. Han overtok mokinga og moka vidare enn eg har gjort før, så han fekk vekk gammal og hard snø. Sidan eg sparte litt energi , tok eg og støvsuga teppegolva i staden.Så laga eg middag. I dag vart det juleskinke med poteter, saus, og grønsaker. Eg hadde planlagt maten utfrå tanken på at eg skulle bruke mange kaloriar på snømoking, no vart det sikker nokre kaloriar for mykje. Det får stå si prøve. Slik det ser ut no kjem eg til å ha nok snø åå moke i morgon også. I dag ringde legen min og svarte på eit brev eg skreiv til henne. Det gjeld høyreapparat. Eg har gått utan høyreapparat i minst ti år, for dei siste eg fekk hjelpte lite. No skal eg få kome til ein i Ulsteinvik som driv med det der, i staden for å fare til Åse sjukehus, der eg har vore før.Ho skulle sende meg eit brev med tilvising. Så no slepp eg å gå å vakte på telefonen heile tida. Etter at eg hadde ete middag sette eg meg til å lese i boka eg fekk av Margrete til jul, men då kjende eg at eg var litt trøtt og sliten så etter ei stund klappa eg att boka, men eg sovna ikkje.No skal eg snart lese vidare, strikke kan eg gjere når eg ser TV. Eg har ikkje vore på butikk på over ei veke, men mat har eg så eg klarer meg til påske. Kanskje.
mandag, januar 11, 2021
Dagbok 2021: 11.januar
Klokka er no 16.20, temperaturen ute er minus 7 grader C, og det er gammaldags kvit, kald vinter ute.
Då eg stod opp i dag registrerte eg at det hadde snødd ganske mykje sist natt, og at det blei ein liten jobb å moke. Det hadde slutta å snø, så vona var at det ikkje kom meir. Kor lenge eg var ute og moka er eg ikkje sikker på, men det må no ha vore eit par tre timar. Eg stressar ikkje, men tek meg god tid, og får både mosjon og frisk luft - eg likar å vere ute. Målet var å få det såpass at eg kunne ta ut bilen om eg ville -og at det vart plass til ein besøksbil på tunet. Har ikkje moka bilplassen til leigebuarane mine enno, eg veit ikkje kva tid dei kjem att. Då eg var ferdig gjekk eg inn på PC-en og skreiv meldingar og så ringde eg søskenbarnet mitt i Stryn. Etter kvart blei det tid for middag, den tredje og siste dagen med bacalao. Jammen greidde eg å ete opp alt, men eg trur det tek si tid før eg får lyst på meir.Eg har lagt i omnen så eg har det varmt og godt, strekte meg ut på sofaen ei lita stund etter middagen. Barnebarnet Eirik hadde tenkt å komme på besøk i dag, han skal reise tilbake til Trondheim i morgon, men så hadde han vore på besøk hos ei i går som var forkjøla; sjølv var han frisk og utan symptomar, men han valde å ikkje komme. Eg er meir forsiktig no enn før-vil ikkje gjere noko dumt no når vaksinen ikkje er så langt unna. Eg er litt maroder i hendene og skuldrane etter mokinga, så eg trur ikkje eg skal strikke så mykje i dag. Det er åt og skymest ute, men snøen lyser opp-eg håper den får ligge i ro ei stund-komande sundag får vi sjå sola om veret er like fint då. Vi har hatt ein lett vinter til denne tid, med mykje fint vêr i desember og også i januar.Bilda tok eg ca kl.14 frå trappa.
Bøker 2021:Bok nr. 3: Løgner fra fortiden
En fengslende psykologisk thriller, perfekt for alle som liker Naboparet, Lisa Gardner og Harlan Coben. Hvor godt kjenner du dine nærmeste? Førti år gamle Terry Painter bor i en småby i Florida, der hun arbeider som sykepleier og lever et rolig liv alene i huset hun arvet etter moren. Da den unge og livlige Alison Simms leier annekset på eiendommen hennes, blir de to raskt venninner, og Terry blir introdusert til et fantastisk nytt liv, med restaurantmiddager, shopping, bli ny-seanser og en romanse med den kjekke sønnen til en av de aldrende pasientene hennes. Men litt etter litt oppdager hun at det er mye ved den nye venninnen som skurrer. Terry begynner å føle seg overvåket og invadert, og kampen for å få tilbake livet har startet. Nervepirrende, mørk og full av overraskelser, Løgner fra fortiden er en oppslukende thriller fra den bestselgende dronningen av psykologisk spenning, Joy Fielding.
............................................................................................
Dette er den treje boka eg har lese av Joy Fielding. Eg las til klokka var nærmare tre sist natt for å bli ferdig. Etter min smak var ikkje denne boka så bra som dei to første eg las, det vart liksom too much , særleg på slutten. Men eg kjem sikkert til å lese fleire bøker av denne forfattaren . Når eg høyrer bøker på Storytel kan eg strikke på samme tid, så gjer eg noko nyttig -også.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...









