tirsdag, januar 12, 2021

Dagbok 2021: 12.januar

Klokka er no 16.30 og bilda tok eg frå trappa for ein augneblink sidan. Temperaturen er så vidt over 0 og det snør framleis. Eg var budd på at det hadde kome mykje snø sist natt, for det begynte å snø i går kveld.Så det var ikkje anna å gjere enn å ta på seg strikkahue og vottar og kome seg ut. Eg hadde i grunnen ikkje så mykje imot det. Men først spada eg vekk snøen på altanen. Nils var så nøye på at snøen ikkje skulle ligge der til den smelta. Så begynte eg på tunet og var godt i gang då hjelpa kom i form av ein motorisert brøytebil. Ja, eg har sett den før, den var her i fjor og året før også, meiner eg.Eg kjenner godt sjåføren , eg har ein gong i tida hatt han som elev. Han overtok mokinga og moka vidare enn eg har gjort før, så han fekk vekk gammal og hard snø. Sidan eg sparte litt energi , tok eg og støvsuga teppegolva i staden.Så laga eg middag. I dag vart det juleskinke med poteter, saus, og grønsaker. Eg hadde planlagt maten utfrå tanken på at eg skulle bruke mange kaloriar på snømoking, no vart det sikker nokre kaloriar for mykje. Det får stå si prøve. Slik det ser ut no kjem eg til å ha nok snø åå moke i morgon også. I dag ringde legen min og svarte på eit brev eg skreiv til henne. Det gjeld høyreapparat. Eg har gått utan høyreapparat i minst ti år, for dei siste eg fekk hjelpte lite. No skal eg få kome til ein i Ulsteinvik som driv med det der, i staden for å fare til Åse sjukehus, der eg har vore før.Ho skulle sende meg eit brev med tilvising. Så no slepp eg å gå å vakte på telefonen heile tida. Etter at eg hadde ete middag sette eg meg til å lese i boka eg fekk av Margrete til jul, men då kjende eg at eg var litt trøtt og sliten så etter ei stund klappa eg att boka, men eg sovna ikkje.No skal eg snart lese vidare, strikke kan eg gjere når eg ser TV. Eg har ikkje vore på butikk på over ei veke, men mat har eg så eg klarer meg til påske. Kanskje.

Ingen kommentarer: