Klokka er 16.35, temperaturen ute er + 20 grader C og det er nokså skya, men fint likevel. I går kveld då eg la meg verkte er både i armar og bein og vel så det, så eg fekk ikkje sove. Klokka 3.30 stod eg opp og tok 2 Paracet og sovna tvert og sov tol klokka var 9. Eg hadde tenkt å sende avbod til Ragnhild, men så følte eg meg heilt bra og hadde lyst på ein Volda -tur. Fredagsvasken vart utsett på ubestemt tid.
Eg har vore mange gonger bort i Furene i det siste, men når eg køyrer sjølv ser eg ikkje så mykje rundt meg. I dag registrerte eg at det var mange hus under bygging på hi sida av bygda.
Vi handla litt på Coop før vi for til Volda. Der var vi på Møre Konfeksjon og kjøpte oss kvar sin topp. Der var regelen at viss ein hadde prøvd eit plagg på, og ikkje kjøpte det, skulle plagget i karantene i nokre dagar før det vart tatt fram igjen. Vi hadde ikkje lyst å sette oss inn på kafé i dag når det var så fint ute. Så Ragnhild køyrde meg heim. Då var klokka så mykje at eg kunne ete middag, og det blei ein god porsjon suppe frå i går. Eg delte det som var att i går på Einar og meg, eg vart så mett ateg måtte legge meg på dagsenga ei stund før eg stod opp og tok "fredagsvasken"- så no er det gjort.
I dag er det " Svenska flaggans dag" - ein dag vi plar feire i familien vår. Ja, det er sjølvsagt fordi Olaug jr. har fødselsdag. I dag fyller ho 23 år-og viss eg ikkje tek feil så er ho snart på veg heim frå Bergen.
Gratulerer med dagen, Olaug Marie!
lørdag, juni 06, 2020
fredag, juni 05, 2020
Dagbok 2020: 5.juni
Klokka er 16.40, temperaturen er +19 grader C, og no er det overskya. Tidleg på dag var det sol og fint.
Eg hadde ikkje tenkt å klippe plen i dag for eg trudde det kom regn, men då vêret vart så fint ombestemte eg meg. Eg klipte rundt huset og opp mot vegen, men Skråninga fekk stå. Før eg kom så langt at eg klipte hadde eg skrella poteter og grønsaker til suppa som Einar og eg skulle sette til livs litt seinare. Ferdigbruna kjøttbitar hadde eg i frysaren, så det vart ein lettvindt rett. Eg var ferdig å klippe før Einar kom, men hadde ein liten jobb med å spyle klipparen. Einar bestemte seg for å male andre strøken på veggen opp mot vegen. Det vart fin og frisk farge med eit nytt strøk. det er litt uvisst med vêrmeldinga; best dei melder opplett og sol, så skal det kome regn. Men no er plenane klipte og huset måla, så for det berre kome det som skal. Eg kjem ikkje til å handle i dag, men i morgon må eg ta fredagsvasken, som eg ikkje tok i dag, og så blir det kanskje ein runde på byen.
Då vil eg ønske alle ei fin helg uansett vêr.
torsdag, juni 04, 2020
Dagbok 2020: 4.juni
Akkurat no.
Klokka er 20.00, temperaturen + 16 grader og det er opplett-men overskya.
Eg hadde venta at det skulle regne i dag, så eg vart gledeleg overraska då eg såg ut og sola skein. På grunn av vêrmeldingane hadde eg ikkje lagt opp til utearbeid i dag, dessutan skulle eg til frisør kl.12.
Det vart til at eg gjorde litt husarbeid før den tid, og då eg kom att var klokka nærmare 14, så eg tok meg berre litt mat, før eg sette meg til å høyre ferdig boka mi. Det tok litt lenger tid enn eg hadde berekna. Eg sende melding til Marit at ho måtte komme ned og drikke kaffi, og det ville ho, men seinare.
I mellomtida gjekk eg laus på eføyen på tilbygget, det er ikkje så mange år sidan eg røska den nesten heilt vekk, men den har vakse mykje sidan den gongen. Eg fekk full ein stor svart sekk med rusk som eg skal ta med på VØR når eg somlar meg til å fare bort. Eg har mange sekker fulle no.
Graset veks så fort at eg ser det gro, så eg må vel ut med klipparen anten i morgon eller laurdag eller begge dagane.Det går heilt fint å klippe no når eg er så mykje betre i armane-og det er god trim, så eg treng ikkje gå på Vernet så ofte no.
Fekk nettopp melding frå Einar som vil komme og male litt i morgon, så då håper eg at han vil ete middag i lag med meg. Det er kjekkare å koke til to enn til ein.
Bok nr.33 - 2020: Siste forestilling
En lærer i videregående skole blir blodig og brutalt drept med en hammer. Hun blir funnet i sitt idylliske hus i skogen av sin lesbiske kjæreste, politioverbetjent Pia Waage. Flere spor peker mot at Pia selv har begått drapet, og hun blir varetektsfengslet av sine kolleger i Christianssund-politiet. I sin desperasjon ber hun Dan Sommerdahl om hjelp med å bli renvasket, og å finne den riktige morderen. Den dameglade Dan må se seg omgitt av kvinner, som ikke er det minste interessert i hans mandige sjarm. Skolens lærere og teaterglade elever bidrar til forvirringen rundt drapet.
…………………………………………………………………...
Dette er den nest siste boka i serien til Anna Grue. Bøkene er lettlesne og relativt underhaldande. Eg synes det er kjekt å lese ein serie der samme folka går att-då held eg lettare tråden. For all del: Dette er lett underhaldning og ikkje så ykje anna. Men eg skal lese siste boka også
onsdag, juni 03, 2020
Dagbok 2020: 3.juni
Klokka er17.10, temperaturen ute er + 16 grader. Det er overskya, litt skodde i fjella, men det er opplett.
I dag var eg oppe litt tidlegare enn vanleg sidan vi skulle på trening kl.10. Vi må ha god tid om morgonane. Etter trening tok vi ein tur bort til Gjenbruk der gartnaren på Urke har utsal. Der var mykje fine blomster men ikkje så billeg der heller. Eg kjøpte berre ein liten rosa pelargonium. Etterpå handla vi på SPAR. Då vi kom heim vart vi sittande i bilen og prate ei stund-vi blir LITT slitne av treninga.
Eg tok meg eit lett måltid før eg gjekk ut i hagen for å jobbe. Det blir ikkje gjort så mykje, for eg blir låk i ryggen og må sette meg ned rett som det er. Men eg fekk no rydda bedet ved Urke-garasjen, og det nedanfor min garasje. Eg skulle ha planta både her og der , men eg er så ubestemt på kva eg skal ha. Hadde trengt ein shoppingassistent.
Eg skal til frisør i morgon, og så må eg bestille time på Biltilsynet. Snakka med Torbjørn, han hadde fått til å bestille time på nettet, så då må no eg også greie det. Det hadde vore enklare å ta telefonen og ringe. Det var vi samde om.
Graset på plenane veks og veks, men eg kan ikkje klippe heile tida. Om graset er langt spå er ikkje plenane så fine og tette som dei skulle ha vore.
No skal eg slange meg litt med Storytel-ryggen treng kvile.
I dag var eg oppe litt tidlegare enn vanleg sidan vi skulle på trening kl.10. Vi må ha god tid om morgonane. Etter trening tok vi ein tur bort til Gjenbruk der gartnaren på Urke har utsal. Der var mykje fine blomster men ikkje så billeg der heller. Eg kjøpte berre ein liten rosa pelargonium. Etterpå handla vi på SPAR. Då vi kom heim vart vi sittande i bilen og prate ei stund-vi blir LITT slitne av treninga.
Eg tok meg eit lett måltid før eg gjekk ut i hagen for å jobbe. Det blir ikkje gjort så mykje, for eg blir låk i ryggen og må sette meg ned rett som det er. Men eg fekk no rydda bedet ved Urke-garasjen, og det nedanfor min garasje. Eg skulle ha planta både her og der , men eg er så ubestemt på kva eg skal ha. Hadde trengt ein shoppingassistent.
Eg skal til frisør i morgon, og så må eg bestille time på Biltilsynet. Snakka med Torbjørn, han hadde fått til å bestille time på nettet, så då må no eg også greie det. Det hadde vore enklare å ta telefonen og ringe. Det var vi samde om.
Graset på plenane veks og veks, men eg kan ikkje klippe heile tida. Om graset er langt spå er ikkje plenane så fine og tette som dei skulle ha vore.
No skal eg slange meg litt med Storytel-ryggen treng kvile.
tirsdag, juni 02, 2020
Dagbok 2020: 2.juni
Klokka er 17.30. Eg kjem ikkje til å lese av temperaturen på trappa, men på mobilen står det +9 grader. Det er i alle fall ikkje så varmt som det har vore, men enno skin sola og det er opplett.
I dag fekk eg ein litt sein start på dagen. Sidan eg skulle til legen kl.12.40, begynte eg ikkje med noko storarbeid før den tid. Eg fekk no dusja og vaska håret og diverse anna.
På legesenteret måtte vi stå ute og vente til vi vart henta inn. Elles gjekk det greitt. Eg måtte lese nokre tal for å vise at synet var i orden. Andre øvingar slapp eg. Så las ho av blodtrykket og det var som vanleg. Litt prat om medisinar etc. høyrer med. Å få papirer til biltilsynet kostar 700 kr, men no får eg fornye sertifikatet, men eg må bestille time på biltilsynet (på grunn av Corona). Eg køyrde rett heim etter at eg var ferdig, og begynte å klippe i Skråninga. Graset var langt- og det var tungt å klippe, men eg kom i mål. Midt i klippinga kom Øystein og skulle male trappa, så vi jobba på kvar vår plass. Trappa skal få eit strøk til. Når eg ser bildet, ser eg at det hadde vore fint å male muren på huset same fargen som trappa. På oppsida. Vi får sjå kva det blir til.
I morgon er det trening- og så kan det hende vi handlar litt.
mandag, juni 01, 2020
Dagbok 2020: 1.juni
Klokka er 17.40, temperaturen er + 24 grader på trappa. Det har vore litt lette skyer i dag, så det vart ikkje så varmt som i går. Men varmt nok. Eg vatna beda mine med hageslangen
Etter frokost undersøkte eg om det var ope på Plantasjen i dag og det var det. Marit og eg hadde ein plan om å sjå fram å gravplassen før vi for og handla. Det viktigaste for meg i dag var å få tak i to nye kvite kasser til å ha under kjøkkenglasa.
På gravplassen blomstra det fint, så det var ikkje behov for å skifte ut noko der. Kvite kasser fann eg på Plantasjen,, men plantar var det smått om. Eg kjøpte to pk. med Lobelia, men dei var sørgelige -eg skulle ha venta til eg fann noko betre. Den eine kassa får eg ikkje til å henge beint, men det var slik før også.
Nei, når ein skal ha gode plantar bør ein heller fare på Felleskjøpet, men der er ikkje ope i helgane.
Då vi kom heim laga eg meg litt mat, og så la eg meg ut på solsenga, men då kom det vind, så der var ikkje så fjelgt. Eg la meg inn og høyrde bok ei stund.
Så var eg ut og jobba litt. Eg skulle vaske bilen, men det vart berre spyling, for eg fann ikkje svamp og såpe. Så planta eg i kjøkkenkassane, men reknar med at eg må ta dei att. Graset nede i Skråninga har vakse seg langt igjen, så i morgon ettermiddag må eg kanskje klippe igjen-viss det ikkje regnar. Eg skal til legen 12.40 og fornye førarkortet-håper eg. Og viss eg skal handle noko, kan eg gjere det med det samme.
Eg har vore ned i hagen og tatt bilde av busken med kvite blomster, men heller ikkje i år hugsar eg kva den heiter. Det er ikkje Skjærsmin, for den blomstrar seinare. Eg brukar å kalle den BRURA.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...








