tirsdag, juni 02, 2020

Dagbok 2020: 2.juni

Klokka er 17.30. Eg kjem ikkje til å lese av temperaturen på trappa, men på mobilen står det +9 grader. Det er i alle fall ikkje så varmt som det har vore, men enno skin sola og det er opplett.
I dag fekk eg ein litt sein start på dagen. Sidan eg skulle til legen kl.12.40, begynte eg ikkje med noko storarbeid før den tid. Eg fekk no dusja og vaska håret og diverse anna.
På legesenteret måtte vi stå ute og vente til vi vart henta inn. Elles gjekk det greitt. Eg måtte lese nokre tal for å vise at synet var i orden. Andre øvingar slapp eg. Så las ho av blodtrykket og det var som vanleg. Litt prat om medisinar etc. høyrer med. Å få papirer til biltilsynet kostar 700 kr, men no får eg fornye sertifikatet, men eg må bestille time på biltilsynet (på grunn av Corona). Eg køyrde rett heim etter at eg var ferdig, og begynte å klippe i Skråninga. Graset var langt- og det var tungt å klippe, men eg kom i mål. Midt i klippinga kom Øystein og skulle male trappa, så vi jobba på kvar vår plass. Trappa skal få eit strøk til. Når eg ser bildet, ser eg at det hadde vore fint å male muren på huset same fargen som trappa. På oppsida. Vi får sjå kva det blir til.
I morgon er det trening- og så kan det hende vi handlar litt.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...