mandag, juni 01, 2020

Dagbok 2020: 1.juni





Klokka er 17.40, temperaturen er + 24 grader på trappa. Det har vore litt lette skyer i dag, så det vart ikkje så varmt som i går. Men varmt nok. Eg vatna beda mine med hageslangen
Etter frokost undersøkte eg om det var ope på Plantasjen i dag og det var det. Marit og eg hadde ein plan om å sjå fram å gravplassen før vi for og handla. Det viktigaste for meg i dag var å få tak i to nye kvite kasser til å ha under kjøkkenglasa. 
På gravplassen blomstra det fint, så det var ikkje behov for å skifte ut noko der. Kvite kasser fann eg på Plantasjen,, men plantar var det smått om. Eg kjøpte to pk. med Lobelia, men dei var sørgelige -eg skulle ha venta til eg fann noko betre. Den eine kassa får eg ikkje til å henge beint, men det var slik før også.
Nei, når ein skal ha gode plantar bør ein heller fare på Felleskjøpet, men der er ikkje ope i helgane.
Då vi kom heim laga eg meg litt mat, og så la eg meg ut på solsenga, men då kom det vind, så der var ikkje så fjelgt. Eg la meg inn og høyrde bok ei stund.
Så var eg ut og jobba litt. Eg skulle vaske bilen, men det vart berre spyling, for eg fann ikkje svamp og såpe. Så planta eg i kjøkkenkassane, men reknar med at eg må ta dei att. Graset nede i Skråninga har vakse seg langt igjen, så i morgon ettermiddag må eg kanskje klippe igjen-viss det ikkje regnar. Eg skal til legen 12.40 og fornye førarkortet-håper eg. Og viss eg skal handle noko, kan eg gjere det med det samme.
Eg har vore ned i hagen og tatt bilde av busken med kvite blomster, men heller ikkje i år hugsar eg kva den heiter. Det er ikkje Skjærsmin, for den blomstrar seinare. Eg brukar å kalle den BRURA.

1 kommentar:

Anonym sa...

Er det spirea?

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...