lørdag, oktober 27, 2018

Dagbok 2018: 27.oktober

Klokka er berre 16.00, men akkurat no hadde eg liksom ånden over meg til å skrive blogg. Temperaturen er + 3 grader C 
Eg er ferdig med det eg har tenkt å gjere i dag, eg har ete og drukke kaffi, så no er det strikketøy og lydbok som står på programmet. Eg held på å lese om att dei to første bøkene i serien til Roy Jacobsen om folka på Barrøy, for no har eg endeleg fått tak i nr. 3, og eg ville friske opp att dei to første. Dei er på berre 5 CD-plater kvar så det går relativt raskt.
I dag då eg stod opp var det like kaldt og fint som i går, men etter kvart har det kome meir skyer på himmelen, og då blir det ikkje så varmt inne som når sola skin inn glasa. Ikkje råd å gjere stort ute heller. Det er for vått. Einar seier at eg berre skal la materialen ligge så kjem han og Håkon og ordnar opp-når dei får tid.
Eg vart sittande å strikke ei stund etter frokost, måtte ha dagslys for å begynne rett på lest nr. to, eg er nøye på at dei to mønstra lestane skal vere like.
Elles vurderte eg ein tur til Vik ev. til Volda, men slo det frå meg. Då eg hadde sjekka om nokon i familien kom innom i dag, og fekk vite at dei ikkje var i kjømda, tok eg og vaska og rydda skikkeleg på bad og kjøkken.
I dag var brødristaren gåen, akkurat ein dag for seint, for Gudmund leverte elektro-bosset mitt på VØR i går. Men no kan eg ønske meg ny brødristar til jul, så har eg begynt på "Ønskelista". Viss eg greier meg så lenge utan, då. Når ein bur åleine kan det vere ein fordel å riste brødet når det ikkje er så fersk lenger.
Eg skulle dusje og vaske håret når eg var ferdig med husarbeidet, men først måtte eg trimme bicepsen med litt saging i garasjen. Eg lét sånn halvvegs att døra, som vanleg, men så for den heilt att av seg sjølv. Og eg fekk den ikkje opp att same kor eg kava. Denne døra let eg opp og att fleire gonger for dag utan problem-men no var eg fanga. Innestengd i eigen garasje !! Men eg har alltid mobilen på meg, det må ein når ein bur ålene. Så eg ringde til min gode nabo, Gudmund, og han kom med ein gong og sleppte meg ut. Det er heilt flaut slik eg utnyttar naboane mine. Eg nemnde at eg ikkje hadde fått inn gullbuska mi fordi eg ikkje hadde sekkehjul, og då bar har krukka inn i kjellaren til meg.
Då gjekk eg i dusjen, fekk vaska håret og tok på meg reine klede, så no føler eg at det er helg!
I kveld skal eg heie på Ulrikke, trur eg. Eg har heile tida hatt henne som nr. to etter Ole, men han tabba seg ut med valet av song/dans førre helg. Eg går ut frå at Ella Marie kjem til å vinne, men likar Ulrikke betre. No skin sola igjen, skulle gjerne gått opp i skogen ein tur i finevêret, men er litt sliten akkurat no.

fredag, oktober 26, 2018

Dagbok 2018: 26.oktober

Gratulerer med dagen , Rasmus!

Klokka er 18.45, temperaturen er 0 grader C, det er vått på trappa og på gata, men det har ikkje regna i dag. I dag tidleg var det kvitt på alle tak og marker, men sola kom og det vart fint og varmt, særleg inne. I går fraus eg, i dag var det nesten FOR varmt enda eg slo av varmepumpa og slutta å fyre tidleg på dag. Når det endeleg blir sol og fint vêr får ein lyst å halde på ute, men det var ikkje råd å bruke t.d. plenklippar i dag, alt er så vått. Eg skal klippe bio nede i skråninga  så sant det let seg gjere, då får eg med meg både gras og lauv.
Har gjort lite og ingenting i dag, sat og strikka og høyrde lydbok etter at eg hadde ete middag. Men utpå ettermiddagen tok eg ei økt med husleg arbeid, er akkurat ferdig no. Så kom eg på at det er fredag i dag igjen, så då blir det vel litt å sjå på TV.
Så snart sola kjem fram, kjem også kamera fram, så det har blitt ein del fotografering i dag. Gullbusken stod ute sist natt, og det gjekk bra, men eg veit ikkje kor mykje han toler. Blomkarsen fraus sist natt og roseknoppane kjem nok aldri til å sprette ut. Rosene fekk ein trasig haust. Eg trur det er i morgon Marit kjem heim, eller kanskje sundag. Det ser eg fram til, eg saknar henne når ho er vekke.
Då vil eg ønskealle ei godhelg. Og denne helga blir ein time lenger enn vanleg ! 




 Bilda over er tatt tidleg på føremiddagen-dei under seinare på dag.




Denne spireabuska klipte eg heilt ned i sommar, no er den blitt passe stor og blomstrar fint, ja, litt større skal ho no få lov å bli.



torsdag, oktober 25, 2018

Dagbok 2018: 25.oktober

Klokka er 20.05, temperaturen er + 3 grader og det har regna i heile dag også. Ei stund likna regnet meir på sludd. Både i går og i dag har eg frose; same kor heitt eg har det i stova, frys eg ,eller sit og kulsar. Eg  fyrer i omnen og har på varmepumpa så her er minst 25 grader; eg har også tendens til å sovna. Begynte å lure på om eg "brygga" på noko, men i går kveld vart eg heilt bra når det leid på og vart sittande å sjå TV til langt over kl.1.00. At eg sit for mykje i ro, er det ingen tvil om, men eg strikkar no. Eg føler meg på ingen måte sjuk, men akkurat NO er eg litt sår i halsen. Kanskje eg er hypokonder?
Skal snart lage meg kveldsmat og varm te, så tenkjer eg det går bra. Neste veke er det vaksinering for influensa, det går etter alfabetet. Elles får eg meir og meir symjehud mellom fingrane.
I dag har eg saga litt ved, og så gjekk eg ned på Amfi og heim att i eit voldsomt regnvêr. Eg kjøpte regnjakke og gummistøvlar for at det skulle bli fint vêr, men sjeldan har eg brukt regnklede så mykje som no.
Eg trefte to tidlegare arbeidskameratar på ferda mi, den eine hadde tatt ut AFP-pensjon, ho heldt ikkje lenger ut "Den digitale skulen", den andre er 92 år og går frå Vinjevoll inn på Amfi på sine eigne føter, klår i hovudet er ho også ,høyrer godt og les utan briller.
Det var litt strevsomt å komme seg heim att, med eit stort nett frå Bunnpris med to syltetøyglas som nesten toucha asfalten, og ein høg orkide i andre handa, men det gjekk bra.
Eg tok meg litt mat før eg gjekk og leverte blomsten. Etterpå har eg hatt nok med å halde varmen, var nok litt sliten etter turen, men eg trur det gjer godt også. Kan ikkje gå her heime og rote heile dagane, har ikkje verken lyst eller energi til å gjere noko i dette vêret. Tre månader med regn, er meir enn eg ønska meg.
I dag fyller bror min 77 år og eg har gratulert han på face. I morgon har Rasmus fødselsdag, han blir 54. I skrivande stund er han om bord i Kielferja -på veg heim. Eine venninna mi fyller også år i morgon, men eg hugsar ikkje kor lenge det er sidan 70-årsdagen.

onsdag, oktober 24, 2018

Dagbok 2018: 24. oktober FN-dagen

Klokka er 18.50, temperaturen + 4grader og det regnar og regnar. Har aldri sett maken til denne hausten. I dag hadde eg ikkje lyst til nokon ting, og ikkje hadde g arbeidslyst heller. Tokk meg saman og sette ein brøddeig om ikkje anna. I grunnen likar eg det meste hus - og hagearbeid, men eg likar ikkje å bake. Brød går greitt, men der stoppar det. Siste åra har eg bakt lite og ingen ting til jul, så eg tenkte at i år må eg ta meg saman. Men det spørs.
Eg har no gått her i dag også og styrt med det eine og det andre, brukar mykje tid på å fyre i omnen og hente inn ved. Innimellom sagar eg litt. Så har eg eit lite maleprosjekt, og så strikkar eg-rekker opp att og strikkar på nytt. Slik går dagen.
Men då det leid til klokka 15, bestemte eg meg for ein liten tur på butikken. Det var berre å kle seg godt, og i dag hugsa eg refleks. Trefte ein tidlegare elev på butikken så vi vart ståande å prate ei stund, og heimvegen gjorde eg litt lenger enn vanleg, med tanke på mosjon og frisk luft, så eg var ikkje så snar som sist.
Då eg gjekk heim att med ein pose i kvar hand, gjekk tankane mine eit år tilbake. Då var det ofte eg stakk ned på butikken i kveldinga og handla. Då vart Nils åleine ei lita stund, men eg brukte ikkje meir tid enn eg måtte. Eg kom som regel heim med to kjempetunge posar, men då var eg lett på foten, så det var ikkje samme problemet som no.
No skal eg snart lage meg noko godt å ete, noko som liknar på middag, har ete berre brød før i dag. Og så blir det TV og strikketøy. Dei komande to dagane er det fleire fødselsdagar å hugse på.

tirsdag, oktober 23, 2018

Dagbok 2018: 23.oktober

Klokka er 17.00, temperaturen er + 4 grader C, og det har regna, hagla nærmast sludda innimellom i heile dag. Eit lite augeblikk var sola framme, og eg sprang etter kamera. Viss de dobbeltklikkar på bildet vil de sjå dropane som heng på ledningen, som perler på ei snor. Dessverre fekk eg også sjå sanninga om vindua som eg pussa både ute og inne for ikkje lenge sidan. Her må det nok ein reprise til. 
Sidan leigebuaren ikkje er komen heim att, er det ingen som fyrer nede, det gjer at her er golvkalt så eg må fyre desto meir+ ha på varmepumpa. Eg er glad i varme, og når eg bur åleine kan eg ha det så varmt eg vil.
I dag skulle eg på styremøte, eg veit ikkje om det var derfor eg vakna så tidleg, men eg tvinga meg sjølv til å ligge til klokka 8.
Før eg åt frokost tok eg oska ut or omnen og fyrte opp, eg stiller ned varmepumpa om natta. Etter frokost strikka eg ferdig ein lest og felte av før eg gjekk nedover. Eg hadde tilbod om skyss, men valde å gå. Eg merka tydeleg at det er ein fordel med regnkåpe framfor jakke, for eg var temmeleg våt frå knea og ned då eg kom fram. Møtet gjekk fort og greitt, og Eli køyrde meg heim att. Då begynte det å sludde eller hagle eller kva det var. Men eg er heilt utan gikt i dag, så no kjem det godvêr, berre vent og sjå.
Sidan eg kom heim har eg ete "middag", rippa bok, festa trådar og rydda i garasjen. Har sett på eit par maskiner med klesvask også. Med andre ord har eg ikkje gjort nokon stor innsats. Jau, forresten, eg skreiv referat frå møtet. Neste møte i pensjonistlaget kjem til å bli heilt fantastisk, så det er berre å bu seg. Møtet er den 7.november.


mandag, oktober 22, 2018

Dagbok 2018 : 22.oktober



Denne dungen skal eg rydde vekk ein annan dag, den er ikkje halvparten så stor som den eg tok i dag.

Klokka er 17.20, temperaturen er +4   grader C. I dag var det nysnø i fjella- og surprise: det regna. Det såg ei stund ut til at det kunne lett opp litt mellom bygene, men til slutt vart det samanhengande regn. Vi fekk ein ekstremt tidleg og varm sommar i år, no trur eg at denne hausten går over i historia som den våtaste ever. 
Eg vaska eit par golv før middag, rydda litt her og der, og strikka. Det verste med dette veret for min del er at eg blir sittande så mykje i ro, og det har ikkje kroppen min godt av.
Derfor tenkte eg at uansett vêr så skulle eg jobbe ute i dag.
Eg hadde to store dungar med material som skulle under tak til dømes. Eg bestemte med for å bere noko inn i garasjen, noko i tilbygget og dei lengste fjølene under altanen.
På grunn av at det er påvist på røntgenbilde at eg har dårleg rygg, har legen sagt at eg ikkje skal bøye meg for mykje og ikkje løfte tungt. Så dette var akkurat jobben for meg. Dei lengste fjølene drog eg etter meg. Og dungen forsvann. Under plankane såg eg graset som skal grønkast til våren.
Eg må alltid dokumentere det eg gjer, med bilde. Så eg sparka av meg dei groskitne støvlane, og heiv dei dyvåte hanskane og gjekk inn etter fotoapparatet. Tok ikkje på meg støvlane igjen, stakk berre føtene nedi ei par croxar, og så tok eg paraply for å beskytte kamera. Fotograferte først i garasjen, og så gjekk eg nedom garasjen for å ta bilde der materialen hadde lege. Visste ikkje ordet av det før eg datt bakover, og segla på baken i gjørma, før bakhovudet slo i bakken. Pang! Ærleg tala så slo eg meg ikkje, men vart godt skiten og gjennomvåt. Berga både paraplyen og kamera. Måtte gå inn kjellarvegen og kle av meg i vaskekjellaren før eg gjekk opp og dusja. Croxar altså !

I morgon skal eg på styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00. No må eg ikkje gløyme det denne gongen.

søndag, oktober 21, 2018

Dagbok 2018: 21.oktober

Klokka er 18.40, temperaturen er + 5 grader C, og av alle regnfulle dagar trur eg dette må vere ein av dei verste; gata er meir som ei elv, der vatnet renn i strie straumar. 
Eg visste at eg skulle vere heime åleine i dag, og eg hadde tenkt ut program for dagen. Blant anna så skulle eg ommøblere litt i stova. Og så hadde eg tenkt å gå tur opp i skogen. Akkurat det siste måtte eg berre slå frå meg. Det var så vidt eg orka å gå ut i garasjen etter ved.
Fekk gjort litt inne, støvsuga  om-møblerte slik eg hadde tenkt. Sette meg til å høyre gudsteneste på DAB -radioen, og i dag handla det om den bramhjertige samaritanen, som rimeleg kan vere på ein innsamlingsdag.(DER kom eg på at det sikkert har vore noko på TV også-eg brukar ikkje å ha på TV-en før tidlegast klokka 19.00) Preika i radioen var kortfatta og god, ei oppmoding om å hjelpe dei som treng det. Det er kjekt å høyre kva ein skal gjere, til ei forandring, og ikkje berre kva ein ikkje skal gjere.
Til middag varma eg opp suppe som eg har frose ned, og innimellom sit eg og strikkar. Ja, faktisk trur eg at eg sovna litt også. 
Eg står ikkje i beit for å finne noko å gjere, men no synest eg faktisk vi har fått meir regn enn vi fortenar. Det begynte først i august og eg trur eg kan telje på ei hand dei finevêrs-dagane i vi har hatt etterpå. Eg plar til vanleg vere glad i hausten- når vêret er brukbart. Vi får håpe på ein fin vinter; men eg har ei kjensle av at den blir kald og tørr-mykje is og lite snø. Eg er den fødde pessimist, og fordelen med det er at ein sjeldan blir skuffa.


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...