torsdag, september 06, 2018

Dagbok 2018: 6.september


Klokka er ca. 17.30, temperaturen er + 17 grader og det har vore fint vêr i heile dag-men no kom det ei regnbyge. Elles hadde eg vel vore ute. Eg har slik energi i dag at eg er farleg for både meg sjølv og andre. No hadde eg eigentleg tenkt meg ut og rydde i og rundt jordbæråkeren og ta opp potetene som veks der-men så kom regnet. Det er alltid noko som skal/ bør gjerast og eg likar og jobbe-men helst ute.
I dag starta eg dagen med å skrive referat frå møtet i går, det vart sikkert ikkje eit litterært meisterverk, og det er vel heller ikkje hensikta. Var ferdig før klokka 11.00, men venta litt før eg las korrektur og sende det til avisa. Nokre timar seinare var eg inn på maskina og såg at dei kunne ikkje levere det på grunn av feil i adressa. Så var det berre å sende manus + bilde ein gong til. 

Eg har fyrt mykje i omnen i det siste i staden for å sette på varmepumpa. Eg har så mykje rusk og rask som skal brennast. Eg har nok vore litt lettsindig, og brent litt for mykje rask, for då eg skulle vatne blomstrane i vinduskarmen såg eg at der var så mykje støv, svart støv, også kalla sot. Det er livsfarleg å opne omnsdøra når ein fyrer, ein veit ikkje kva som fyk ut. Eg har brydd meg lite om støv og rot inne denne tida, når utearbeidet er ferdig, kan eg gå "laus" inne. Men i dag tok eg i alle fall ut oska i omnen og deriblant skruar, spikar mutrar og boltar. Eg fyrer med hagemøblane som Rasmus saga sund då han var her i sommar. Dei brenn godt. Og varmar betre enn pumpa.
Då eg var ferdig med omnen, var det såpass tørt ute at eg kunne begynne på skråninga, men først måtte eg plukke opp epla -ein plastsekk frå VØR vart fylt i dag. Eg klipte med nedstilt klippar og oppsamlar i dag, tenkte at det kanskje er siste gongen eg klipper i år. Men graset var langt frå tørt, så klipparen "spytta" ut mykje av graset, så det ser ut som om eg har klipt bio. Eg klipte også ned dei fire store staudene som står nede på muren, det var i grunnen det som tok mest tid.
Brubak har jobba flittig i dag også. Han står ikkje berre og spikrar, han hentar material og ordnar alt. Han kjem ikkje og fer ikkje til samme tid kvar dag, men eg seier at han får styre arbeidet som han vil og skrive timane sjølv. Eg stoler på han, og det viktigaste er at han gjer skikkeleg arbeid. Som de ser vart det trykkimpregnerte bord øvst på veggen, fordi dei ikkje hadde denne sorten utan impregnering.
Det blir ikkje meir uteliv i dag, og eg ser ikkje vitsen med å støvsuge til helga før vi TEK helg. Eg får kanskje lese lydbok og strikke-viss eg klarer å sitte i ro.


onsdag, september 05, 2018

Dagbok 2018: 5.september.



Klokka er 19.50, temperaturen er + 15 grader C, det har vore ein fin dag, medopplett og ein god del sol.
Eg har ikkje gjort så mykje til nytte i dag, her heime, for eg har vore ein del på farten.
Marit køyrde meg ned på Amfi og kulturhuset i 11.30 tida. Skulle dekke bord til pensjonistmøtet, men då eg kom til avtalt tid, var der ferdig dekka, så det var ikkje så mykje for meg å supplere. Men eg venta på Eli som skulle lage klar til bildeframvising etc. og så køyrde ho meg heim. Ho vart med inn ein liten tur og fekk sjå seg om i hagen. Ho er veldug hageinteressert, men har ikkje så stort areal som eg.
Eg fekk brev frå el-kontrolløren og det fekk Silje også, så no blir det å få tak i ein elektrikar som kan utbetre feila. Det var ikkje så gale, ikkje meir enn det eg visste om. 
Og så måtte eg ha ein samtale med snikkaren, eg må no liksom godkjenne det han gjer, sjølv om han har ganske frie tøylar.
Tida gjekk fort og snart var det på tide å kle seg om for å fare på møte. Der var det tettpakka program med song, musikk, kåseri m.m. og sjølvsagt mat og kaffi. Ser ikkje fram til å skrive referat frå møtet, for å seie det slik. Det må eg gjere i morgon.
Tysdag i neste veke blir det dagstur til Sykkylven- og då skal eg vere med. Eg lurer på kva tid eg skal få klipt graset nede i Skråninga, det er ganske langt, og i morgon er det epleplukkedag-viss eg har noko meir å plukke i.

tirsdag, september 04, 2018

Dagbok 2018: 4.september

Klokka er21.05, temperaturen er + 13 grader og i dag har det vore opplett. Eg har ikkje vore så veldig arbeidsam i dag, for sist natt fekk eg ikkje sove så godt, blant ana fordi eg fekk krampe i begge beina.
I dag skulle snikkaren kome, så eg var oppe i god tid, før han kom. Det var bra for han fann ikkje fram, så eg måtte rettleie han. I dag har han jobba med nedriving for det meste, som de ser er heile altanrekkverket borte. Så har han sett opp stillas, for å skifte bordkledning -i alle fall på ein vegg. Vinduet skal også skiftast. Det er Øystein som har hyrt snikkaren og står som leiar for prosjektet. Eg er avhengig av hjelp til ymse ting.
Eg skulle plukka opp epla som hadde falle ned sidan søndag, og på desse to dagane hadde det ramla ned 6 og 1/2 bytte med eple. Elles har eg styrt med litt klesvask og anna husarbeid. Marit kom ned og drakk kaffi med meg no i kveld. I morgon skal eg ned på kulturhuset og dekke bord klokka 12-og Marit køyrer meg ned om eg ikkje har annan skyss. Til møtet klokka 16.00 køyrer Marit. Det er litt logistikk same kor lite eg skal. Dagane går fort når eg har noko å gjere, men eg håper vi får nokre fine sommardagar før hausten kjem for alvor. No skal eg snart sjå 2.episoden av krimmen som begynte i går.

mandag, september 03, 2018

Dagbok 2018: 3.september

Klokka er 20.25, temperaturen er + 11-12 grader C og det har regna det meste av dagen.
Godt arbeidsvêr så lenge ein får vere under tak.
I dag hadde eg planen klar; eg skulle rydde litt meir i garasjen, sidan eg venta snikkaren i kveld. Eg rydda, vaska, sorterte kasta og styrete på i timesvis-utan at det viser så mykje att av strevet. Midt på dagen fekk eg besøk av Kai Gjengedal, så vi vart sittande å prate ei stund, og etter det var eg ute i garasjen enda ei økt. Klokka var 17 før eg fekk tid å ete.
For sikkerheits skuld hadde eg tatt på meg reine klede frå topp til tå i dag. Det var berre å skrelle av seg og dusje.
Fekk ein liten pause før Øystein og snikkaren kom litt før klokka 19. Eg hadde ei vaffelrøre klar, slik at eg kunne servere kaffi og vaflar etter synfaringa. Det var godt å ha Øystein med, slik at eg slepp å ta alle avgjerder åleine. Vi har no ein plan, og i morgon begynner arbeidet, om ikkje vêret vert altfor ille. Det er vestveggen, bordkledning og nytt vindu, pluss nytt altanrekkverk, som har førsteprioritet. Så får vi sjå kva som dukkar opp. Eg er i alle fall glad for at arbeidet endeleg kjem i gang.
Eg fyrer godt i omnen i kveld, mykje av rotet er heldigvis brennbart.
I morgon må eg vel opp litt tidlegare enn vanleg, men det går sikkert bra.
Snikkaren meinte at naboen måtte berge epla sine som låg på marka. Det var mine eple, og eg plukka reint i går. Så har eg  eit prosjekt i morgon også. Viss eg ikkje skal vere snikkarsvein? Fann utruleg mykje spikar og skruar då eg rydda i dag.
I kveld er det ny krim på TV-viss det er ein slik med "mørke bilde" orkar eg ikkje å sjå den. Det har vore nok av den sorten.

søndag, september 02, 2018

Dagbok 2018: 2.september


Klokka er ca. 17.30. temperaturen er + 19 grader C. Det blæs ein mild vind og det er opplett.
Hadde vore fint og gått ein tur, men kneet mitt er ikkje heilt godt i dag.
I dag hadde eg bestemt meg for å lage eple-jus av dei epla som alt har falle ned. I fjor heldt eg til inne i vaskekjellaren med rotet, i år hadde eg tenkt å jobbe ute, men slo det i frå meg. Så det vart kjøkkenet. Det var eit fæla rot mens det stod på. Det er ikkje så mykje i å presse epla, men det som gjer at det blir mykje rot og mykje oppvask er at eg siler safta i gammaldagse safteposar, eg likar at den er klar og fin. No har eg fylt opp i alle flaskene mine og sett dei i frysaren, og enno har eg jus att. Eg skal få flasker med naboen, og eg kjem til å trenge ein del, for der er mykje att på treet. Etter innhaustinga skal treet klippast kraftig tilbake, så då blir det eit styr.
Saftinga tok litt hardt på kneet, det blei mange turar opp og ned kjellartrappa og ned i hagen etter eple og ned att med boss.(Epleskrotet er fint å ha i komposten). For ikkje snakke om opprydding og oppvask.
Etter at eg hadde ete middag, som var restar frå i går, måtte eg flate ut i godstolen ei stund, og sjå sisten delen av danseprogrammet. Eg hadde sett berre første delen på opptak i går.
Eg plar synest at søndagane er kjedelige dagar, men når eg jobbar med noko trivst eg best. Eg kjenner at eg ikkje er i så god form som eg var i fjor sommar, eg skuldar på kneet, men eg er no blitt eit år eldre også. Ser desse spreke jamaldringane mine på FB som går i skog og fjell, og er litt misunneleg på dei. Men i går såg eg dødsannonsen til ein tidlegare nabo som var eit år yngre enn eg, så det er ikkje alle som har det like bra.
I morgon kveld kjem Øystein og snikkaren og skal vurdere kva som må gjerast på huset i haust og tysdag kjem han og begynner arbeidet. Når Nils skulle gjere noko slikt arbeid var eg handlangar, eg reknar med at eg slepp det no. Eg er glad for at det endeleg skjer noko.
PS. De kan sjå ein rull med gaffateip på bordet- gaffateip må ein alltid ha "for hånden" -om noko må reparerast. 

lørdag, september 01, 2018

Dagbok 2018: 1.september

Klokka er18.45, temperaturen er + 13 grader C og det har vore kraftige regnbyger i dag igjen. På føremiddagen var det relativt bra, så eg fekk ordna opp i diverse, både på altanen og ute. Eg hadde avtale med Einar om at han skulle komme innover og køyre meg rundt i dag, og så skulle vi ete middag i lag. Eg laga ferdig maten slik at det berre stod att å koke potetene. Vi hadde avtalt at vi skulle ta ærenda først. Eg hadde tenkt ut kva vi skulle gjere først og den vidare rekkefølga og eg hadde tenkt ut reiseruta. Vi fekk gjort unna alt på under ein time. Då hadde vi levert klede til Fretex, fylt bensin, vore på Felleskjøpet, på Coop i Furene, der vi panta ein sekk med flasker og på Apoteket på Amfi.
Då vi kom heim sette eg på potetene, og vi sat og prata. Brått dukka det opp ein kar til, det var Håkon som ville male ferdig rekkverket. Då sette er berre fram ein tallerk til så var vi tre til bords. Menyen var kjøttkaker i brun saus, sjølvsagt. Etterpå vart det kaffi og is.
Vi var litt i tvil om det gjekk an å male, men Håkon fann ut at det gjekk bra. Så no er han ferdig for denne gong. Han får sende "timeliste" så skal han få oppgjer.
Det er eitt eller anna gale med bloggen min i dag, men eg håper den reparerer seg sjølv. Eg får ikkje sjå anna enn det eg har lagt inn i dag.
I kveld blir det vel å sjå TV igjen, og skundar eg meg no får eg med meg nyheitene.
PS: Det er Einar som har tatt bildet.

Bok nr. 29 - 2018: Barføtt over isen

Barføtt over isen

Ny, historisk krimroman fra brakdebutant! I årets roman møter vi igjen Hurum-lensmannen Thomas Tinnvik. Året er 1875. Fra vinduet har Thomas utsikt til den praktfulle villaen som kalles «Palasset». Mens han tynget venter på et forsonende brev fra sin bror, søker han trøst i lyset fra tårnværelset, der hans tilårskomne venninne, Frøken Parelius, ligger syk, omgitt av sin store boksamling. Da Parelius dør, kommer det som en lettelse for de fleste. At en bok stjeles fra dødsværelset, ser Tinnvik mest som en forstyrrelse. For noe har skjedd som endrer alt for ham. Fortiden han til nå har klart å holde hemmelig, kommer til Holmsbu med en ung mann, og Tinnvik bestemmer seg for å handle. Han begynner å planlegge et mord. Om forfatteren: Ingebjørg Berg Holm (f. 1980) er utdannet interiørarkitekt og bor i Bergen med mann og to barn. Hun ble nominert til Rivertonprisen, og vant Maurits Hansen-prisen for sin kritikerroste debutroman Stjerner over, mørke under. 
……….………………………………………..
Eg har brukt litt lenger til på denne boka enn på den førre boka av samme forfattaren.
For den første boka si fekk forfattaren Rivertonprisen.
Denne fortellinga er lagt til samme tidsepoken som den første, og eg må seie det er godt gjort av ein forfattar å flytte seg så langt bak i tid. Det er mykje som må stemme, språk, skikkar, moral og  måten å tenke på, blant anna. Så langt eg kan bedømme det greier forfattaren det godt. Boka er lett å lese på ein måte, sjølv om teksten er samansett av diverse fragment, som ikkje heng heilt i hop. Det hadde vore ei utfordring å lese boka som lydbok. Lensmannen i Hurum høyrer eg gjene meir om. Trur eg likte den første boka best.

























































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...