lørdag, september 01, 2018

Dagbok 2018: 1.september

Klokka er18.45, temperaturen er + 13 grader C og det har vore kraftige regnbyger i dag igjen. På føremiddagen var det relativt bra, så eg fekk ordna opp i diverse, både på altanen og ute. Eg hadde avtale med Einar om at han skulle komme innover og køyre meg rundt i dag, og så skulle vi ete middag i lag. Eg laga ferdig maten slik at det berre stod att å koke potetene. Vi hadde avtalt at vi skulle ta ærenda først. Eg hadde tenkt ut kva vi skulle gjere først og den vidare rekkefølga og eg hadde tenkt ut reiseruta. Vi fekk gjort unna alt på under ein time. Då hadde vi levert klede til Fretex, fylt bensin, vore på Felleskjøpet, på Coop i Furene, der vi panta ein sekk med flasker og på Apoteket på Amfi.
Då vi kom heim sette eg på potetene, og vi sat og prata. Brått dukka det opp ein kar til, det var Håkon som ville male ferdig rekkverket. Då sette er berre fram ein tallerk til så var vi tre til bords. Menyen var kjøttkaker i brun saus, sjølvsagt. Etterpå vart det kaffi og is.
Vi var litt i tvil om det gjekk an å male, men Håkon fann ut at det gjekk bra. Så no er han ferdig for denne gong. Han får sende "timeliste" så skal han få oppgjer.
Det er eitt eller anna gale med bloggen min i dag, men eg håper den reparerer seg sjølv. Eg får ikkje sjå anna enn det eg har lagt inn i dag.
I kveld blir det vel å sjå TV igjen, og skundar eg meg no får eg med meg nyheitene.
PS: Det er Einar som har tatt bildet.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 10. mai

  Klokka er no 17.55, temperaturen ute er + 14 grader, så eg syntest det var litt kjølig inne, så eg fyrte litt i omnen, etter kvart greier ...