Klokka er 22.00, temperaturen er minus 3 grader C og vêret har vore like fint som dagane før. Kaldt er det, men i dag såg eg krokus i bedet nedanfor huset. Så våren kjem i år også.
Vi har hatt ein triveleg, men nokså lat dag. Først var vi seint oppe, så føremiddagen vart kort. I 15-tida køyrde Rasmus meg ut på Heimen. Eg hadde lagt ein lammelår på langsteiking før den tid.
Eg var hos Nils 2-3 timar, men han var ikkje så mykje vaken. Han var ikkje omtåka berre veldig sliten og trøytt. Trur ikkje han bryr seg så mykje om at eg skal vere der, men eg er der like mykje for mi eiga skuld. Det er ikkje så oppløftande, men eg likar ikkje å tenkje på at han skal ligge der åleine heile tida heller. Han har hatt slike periodar før også, og kome seg opp att, så ein veit aldri. Dei steller godt med han, og eg takkar dei for det. Eg kan ikkje gjere så mykje for han lenger, så det er godt at der er profesjonelle som stiller opp. Sjuke-og hjelpepleiarar gjer ein kjempejobb som det står respekt av. Jobbar som skulle vore meir verdsette enn det dei er.
Då eg kom heim att hadde Wenche laga ein stor porsjon med kjøttkaker i brun saus, og låret ver nesten ferdigsteikt. Rasmus og eg fiksa poteter og grønsaker, Wenche dekka bordet osb. Dei eg meiner å seie at gjestane mine må arbeide for kost og losji, når vertinna har berre ein frisk fot og knapt nok det. Eg tek tablettar men om dei virkar går det i alle fall ikkje fort. No har jentene mine heile tida mens Nils har vore sjuk oppfordra meg til å vere forsiktig; "Det er nok med ein pasient", har vore omkvedet-no har dei likevel fått to. Eg følte meg fri då eg kunne gå til og frå det meste og no må eg sitte mykje i ein stol.Det er surt! Men tilbake til middagen, så var den berre nydelig, kjøtet var passeleg steikt, kjøttkakene og sausen var kjempegode. Og eg hugsar knapt sist eg åt vanleg middag. Eg er redd eg fekk eit ekstra tillegg rundt midjen i dag. Is og frukt og kaffi vart det også.
I morgon skal Rasmus m/fam. ein tur til Hareid. Eg blir att her heime, og så blir det vel ein tur ut til Nils. Rasmus +fam. skal reise heim att til Kongsberg på påskeafta -det er i alle fall planen. Ønsker alle fortsatt GOD PÅSKE.
torsdag, mars 29, 2018
onsdag, mars 28, 2018
Dagbok 2018: 28.mars.
Klokka er 22.00, temperaturen er minus 3 grader C og det har vore strålande fint vêr i dag også.
Det er vel ingen som gleder seg veldig til å feire ein 78 -årsdag, det gjorde i alle fall ikkje eg. Men for ein gongs skuld gav eg (nesten) frå meg kommandoen og let neste generasjon ordne opp og planlegge. Eg bidrog kun med eit Visa-kort.
Og så blei det ein veldig fin dag. Alle barn, svigerbarn og barnebarn som var i nærleiken vart invitert til Pizza på Rosabella. Og det vart ein suksess. Etterpå var vi i Starevegen og drakk kaffi og åt is alle saman. Vi var ein bra flokk, og det blir litt meir rot og oppvask enn det eg har vore van med i seinare tid. Og flotte, fine gåver fekk eg av alle som var til stades, skal ikkje nemne nokon spesielt, berre takke! Det vart ein fin dag for meg, sjølv om ikkje Nils kunne vere i lag, og til tross for den vonde foten min. At her såg litt bomba ut i heimen viser berre at her var liv og røre. Takk til seremonimeister Rasmus og alle hjelparane, for ein fin dag.
På føremiddagen køyrde Rasmus meg ut til Nils, som framleis er sløv og sjuk. Han har lite krefter, men har ikkje så mykje smerter, smertene døyver dei med medisin-og takk for det. Legen var der også i dag og eg hadde ein litt lengre prat med henne. Eg spurde henne mellom anna kva ho meinte om å la dei små gutane besøke farfaren-og det meinte ho at dei kunne gjere. Eg spurde Nils om han ville at gutane skulle komme i dag og det ville han. Så eg ringde til Rasmus og heile familien kom og helste på Nils. Eg trur det gjorde han godt. Håkon og Audun besøkte han etter at vi hadde vore på Rosabella. Eg var ikkje ut att i dag, litt rart for meg å halde meg borte, men eg trur ikkje han saknar med, han vil gjerne ha fred. Men han er alltid glad for å sjå barnebarna, spesielt. Eg har site og rekna på det og trur kanskje eg har feira alle fødselsdagar i lag med Nils sidan den gongen eg fylte 19 år. Eg kan hugse at det også var i påska og eg vart i Trovågen i påskehelga . Mi tilkomande svigermor laga bløtkake til meg, og seint på kvelden/natta gjekk Nils og eg opp på Dyngja, høgste "fjellet" i Trovågen. Det var måneskin og klårt og vi kunne sjå langt vestover i havet. Mange minne dukkar fram slike dagar.
tirsdag, mars 27, 2018
Dagbok 2018: 27.mars
Klokka er 22.15, temperaturen ute er minus 2 grader og vêret har vore like fint i dag som i går- fint men med kald vind.
I natt sov eg relativt godt og vakna av at mobilen ringde. Eit langt nummer utan namn får meg alltid til å tenke det verste- men det var heldigvis berre ein seljar. Veldig festlig ! Eg gav han beskjed om at han "tok meg på senga" og at vi hadde påskeferie. No har eg reservert meg mot alt mulig, men så har eg handla me "Åshild" og han hadde fått kundelista derifrå for å ringe opp til alle. Det han skulle selje var eit telefonnummer ein kunne ringe til for å stoppe uttak i banken om ein vart fråstole Visakortet eller diverse anna. Så vart alt stoppa. Takk, det greier vi oss utan. Misser eg Visakortet ringer eg BANKEN.
Vi var seint i seng i går, og ingen var tidleg oppe i dag, men Rasmus og eg tok ein tur ut til Nils. Eg vart att på Heimen mens Rasmus og resten av gjengen for og handla.
Nils hadde fått mykje medisin i dag og var nokså desorientert. Dessutan var han trøytt og ville helst sove, så Rasmus kom og henta meg og køyrde meg heim før han heldt fram med shoppinga. Han kjøpte den maten han ville ha, og var bort med datamaskina mi, med den øydelagde CD-spelaren. Men det gjekk ikkje på sørvisen, så han kjøpte like godt ein laus CD-spelar som ligg oppå maskina og virkar mykje betre enn den som var i maskina, så no fekk eg endeleg rippa ferdig "Hengte hunder"-etter å ha prøvd tre meir og mindre defekte Walkmen.
Rasmus svinga opp med middag: Tikka Masala med ris til, og det var godt. Så vart det kaffi, is-og kake-restar. Får rydda litt i frysarane no.
Rasmus og eg var ut ein tur på Heimen i kveld også, men var der ikkje lenge. Der er travelt for Nils å konsentrere seg-og han er rimeleg forvirra innimellom, det var han ikkje i går, men i dag hadde han ete litt. Han hadde fått mykje medisin i dag, sa han. Det er kjekt for meg med liv og røre i huset, men det er heile tida ein som manglar her.
Gutane er veldig snille og kjekke, dei to yngste er veldig like. Eldstemann er meir som ein vaksen å rekne, og held seg litt for seg sjølv.
mandag, mars 26, 2018
Dagbok 2018: 26.mars.
Klokka er 23.40, temperaturen er minus 4 grader C og det har vore mykje sol, den varmar godt opp huset inne.
Sov dårleg sist natt, det er 2-3 timar, så vaknar eg opp og verker i foten. Men eg står han av. Foten ser ikkje ut til å reagere på tablettane i alle fall.
Føremiddagen gjekk stort sett med til å lage mat, rydde opp att etc. Og så kom Marit ned så vi fekk prate litt.
Eg lagar alltid Lasagne til Rasmus skal komme, den kan eg lage ferdig og varme opp att. Solveig kom innover i 16-tida og køyrde meg ut på Heimen. Mens eg var der handla ho til meg og laga salat før ho henta meg att klokka 19.
Nils var veldig trøtt og slapp i dag. Han ville berre sove. Ja, ville og ville, han ville vel helst vore frisk og rask, men det er han ikkje.
Førre veka var han i bra form, så det har gått mykje opp og ned. No ser det ut til at det går ein veg, men ein veit aldri. Eg fortalde at Rasmus og familien skulle komme og det syntest han var kjekt.
Dei kom hit litt før klokka 20 i kveld, så no er her litt meir liv og røre i huset enn vanleg.
Vi håper Nils er såpass bra i morgon at gutane kan få sjå han. Rasmus og eg fer no ut i alle fall. No har eg i alle fall skyss både ut og inn nokre dagar-om behovet er der. Det er ingen her som har lagt seg enno, men det er no ferie.
søndag, mars 25, 2018
Dagbok 2018: 25.mars
Klokka er no ca. fem på ti (sommartid) , det er opplett og + 2 grader. Tidlegare var den oppe i + 10.
Elles er det meste som det plar vere for tida, foten min er like låk, men litt betre når eg tek smertestillande. Ser ikkje ut til å gå vegen. Men eg greidde i alle fall å få vaska bad og kjøkken i dag før eg måtte sette meg i godstolen med føtene høgt.
Margrete og alle fire "ungane" kom innom ein tur før dei skulle på restaurant for å feire Ingeborg sin bursdag litt på etterskot. Ho kom heim med nattbussen frå Oslo i dag tidleg.
Det at dei kom oppom her, var mykje for at dei skulle køyre ei gammal, fotalause bestemor ut på Ørstaheimen. Ja, Ingeborg ville no helse på morfaren, sidan ho ikkje var med i går.
Men i dag var Nils skikkelig sløv, han verken åt eller drakk noko særleg, berre sov og sov. Slik var han for eit par veker sidan også, men siste veka har han vore betre.
Han vakna litt innimellom og då var han heilt klar både i tanke og tale, men eg sat der no til klokka var halv ti for å sjå korleis det utvikla seg. Då ville han at dei skulle komme og vaske og stelle han til natta, så då gjekk eg.
Han livnar til når "damene" som eg kallar dei, kjem. Eg ringde til Gudmund og han henta meg. Fantastiske naboar-eg må berre seie det enda ein gong.
I morgon reknar eg med at Rasmus kjem, så då får naboane fri nokre dagar. Og viss eg ikkje er betre i foten etter påske, må eg berre kontakte legen igjen. Det er vel ikkje råd å komme til før. Det er ikkje berre det at det er vondt å gå, det er vondt heile tida, og eg vaknar opp om natta fordi eg verker. Det er no ein bagatell i forhold til det Nils har å stri med, men gale nok oppi alt.
Nils veit ikkje at Rasmus kjem, så det blir spennande å sjå korleis han taklar det. Og vice versa. Nils er ikkje den samme no som han var sist sommar då Rasmus og familien var her. Eg håper dei er budde på det.
Solveig ville komme innover i dag når ho høyrde at Nils var så slapp, men vi kan trenge henne meir ein annan gong. Siste løpet er ikkje køyrt.
Elles er det meste som det plar vere for tida, foten min er like låk, men litt betre når eg tek smertestillande. Ser ikkje ut til å gå vegen. Men eg greidde i alle fall å få vaska bad og kjøkken i dag før eg måtte sette meg i godstolen med føtene høgt.
Margrete og alle fire "ungane" kom innom ein tur før dei skulle på restaurant for å feire Ingeborg sin bursdag litt på etterskot. Ho kom heim med nattbussen frå Oslo i dag tidleg.
Det at dei kom oppom her, var mykje for at dei skulle køyre ei gammal, fotalause bestemor ut på Ørstaheimen. Ja, Ingeborg ville no helse på morfaren, sidan ho ikkje var med i går.
Men i dag var Nils skikkelig sløv, han verken åt eller drakk noko særleg, berre sov og sov. Slik var han for eit par veker sidan også, men siste veka har han vore betre.
Han vakna litt innimellom og då var han heilt klar både i tanke og tale, men eg sat der no til klokka var halv ti for å sjå korleis det utvikla seg. Då ville han at dei skulle komme og vaske og stelle han til natta, så då gjekk eg.
Han livnar til når "damene" som eg kallar dei, kjem. Eg ringde til Gudmund og han henta meg. Fantastiske naboar-eg må berre seie det enda ein gong.
I morgon reknar eg med at Rasmus kjem, så då får naboane fri nokre dagar. Og viss eg ikkje er betre i foten etter påske, må eg berre kontakte legen igjen. Det er vel ikkje råd å komme til før. Det er ikkje berre det at det er vondt å gå, det er vondt heile tida, og eg vaknar opp om natta fordi eg verker. Det er no ein bagatell i forhold til det Nils har å stri med, men gale nok oppi alt.
Nils veit ikkje at Rasmus kjem, så det blir spennande å sjå korleis han taklar det. Og vice versa. Nils er ikkje den samme no som han var sist sommar då Rasmus og familien var her. Eg håper dei er budde på det.
Solveig ville komme innover i dag når ho høyrde at Nils var så slapp, men vi kan trenge henne meir ein annan gong. Siste løpet er ikkje køyrt.
lørdag, mars 24, 2018
Dagbok 2018: 24 mars
Eirik, Amanda og Erlend på besøk hos morfaren.
I dag trudde eg sjølvsagt at det var sundag, det er det samme kvar laurdag. Men eg styrte no på litt i huset etter beste evne. Margrete og dei tre heimevereande barna kom i 13-14 tida og då hadde eg klar ein bunke med vaflar. Det er ikkje så mykje matstell med meg for tida. Kan knapt hugse kva middag er. Men det er ikkje synd i meg eg kan ete middag viss eg vil anten heime eller på kafé. På mange måtar trivst eg med å bu åleine og gjere kva eg vil, mår det eingong er slik situasjonen er.
Etter eit par kaffikoppar etc. tok vi turen ut til Nils, og han var i bra form i dag, mykje betre enn i går. Det er kjekt for han å sjå både barn og barnebarn. Men han blir fort sliten, så etter at Margrete &co hadde fare, skulle vi sove middag. Men så var det så langt på dag at dei kom med mat til han igjen, og han vart vekt før han hadde fått sove ut.
Derfor var han ikkje så veldig i form då Audun kom klokka 20. Då var han rimeleg trøtt og uopplagt. Det var litt synd, men Audun kan no besøke han ein annan dag også. Det er vanskeleg å vite kva tid på dag han er opplagt på besøk, og kor lenge han held ut. Det er travelt for han å konsentrere seg lenge om gongen. Han får ikkje morfintablettar no, men han får ganske stor dose med smerteplaster, noko som gjer at han blir trøtt og då kan han begynne å rote litt.
Han veit enno ikkje noko om at Rasmus skal komme, for då vil han ligge å grunde på det, kva tid han skal komme, kva veg han skal køyre etc .Eg kjem vel til å seie ifrå kort tid på førehand.
Audun held på å male i leilegheita si innimellom at han skriv på ei oppgåve. Eg var veldig fornøgd fordi han ville ha nokre gamle lampar som vi hadde til overs. Godt å bli kvitt husefyll.
fredag, mars 23, 2018
Dagbok 2018: 23.mars.
Gratulerer med dagen!
Klokka er 22.10, og det er ca. ein halv time sidan eg kom heim. Det var Gudmund som henta meg i kveld. Temperaturen ute er no + 8 grader, så det minner om vår. Det har vore skya, men opplett i dag.
I dag kom Solveig inn frå Hareid for å hjelpe den hjelpelause mora si..Ho Køyrde meg ut til Nils, så fekk ho handleliste og kjøpte det eg skulle ha, køyrde det heim og plasserte det i frysar og kjøleskap. Alt mens eg sat ute med Nils. Eg kunne ikkje ha vore med på butikk for alt i verda, foten min toler det ikkje. I dag tidleg med det same eg var oppe var eg bra i form, ei stund, prøvde å gjere diverse husarbeid, men måtte slutte av før eg ville, og sette meg med beina høgt.
Nils har vore i veldig bra form ei vekes tid, men å går var forma dalande og enda meir i dag. Han hadde ikkje vondt og var ikkje surrete, men han var slapp og trøytt og ville helst sove. Dessutan høyrde han ikkje godt. Det med hørselen er noko som varierer-det også. Alle desse opp og nedturane eg nokså slitsomme etter kvart, både for han sjølv og for oss pårørande. Sjølv om vi veit at han ikkje kan bli frisk er det veldig kjekt dei dagane han er kvikk og i godt humør, slik han alltid var før.
Eg har ikkje sagt noko om at Rasmus kjem, enno.
Eg gjekk litt før "Nytt på nytt" var slutt for då kom dei og ville stelle han for natta. Det er godt for meg å ikkje ha alt ansvaret no-det hadde aldri gått vel.
I dag fyller barnebarnet Ingeborg 25 år, ho er den tredje eldste av dei 11, og den aller eldste av dei tre jentene vi er besteforeldre til.
Det er ikkje så mange fødselsdaga vi har fått feira siste par åra-men slik er det berre. Håper Ingeborg har hatt ein fin dag i alle fall.
I morgon kjem Margrete ein tur, og då køyrer ho meg ut til Nils.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...

