Klokka er 20.30, utetemperaturen er + 12 grader og det har vore ein strålande sommardag. Dessverre sjekka eg ikkje temperaturen då det var på det varmaste.
Eit skår i gleda er det sjølvsagt at Nils ikkje er i form, han er framleis slapp og har dårleg appetitt. I går tok han tablettar for å kvikke seg opp, det har han ikkje gjort i dag. Han fekk som vanleg medisin og mat på senga, og eg nytta høvet til å vaske bad og kjøkken mens han låg frampå.
Når ein er heimesjukepleiar får ein ikkje gjort all verda, det viktigaste er å stelle godt med pasienten. Men når det er så fint vêr må ein jobbe litt ute også. I dag fekk eg saga opp til ved diverse greiner som eg har saga av før. Må rydde opp etter kvart så det ikkje blir for stort tiltak. Eg sagar alt med hand, med ei vanleg bordsag; motorsaga er eg litt redd for å bruke.
Det var fleire som gjerne ville besøke Nils i dag, men han sa greitt ifrå om at han var for slapp til å ha visittar. Eg har trua i fleire dagar med at eg skal lage fårikål, men eg vil no helst at han skal klare å ete det. I dag fekk eg klarsignal og kokte retten. Vi vart etter kvart samde om at vi ikkje skulle ete den før etter at HBO hadde vore her. Så retten fekk koke både lenge og vel.
Sist vinter var eg mykje heime åleine, så det var så vidt at mandelpotetene frå Skjåk vart oppetne. Ja, dei siste fekk nokså lange ålar etter kvart. Då fann eg ut at eg skulle grave ned ei av dei, for moro skuld, nedst i bringebæråkeren, for der var det plass. Eg stakk poteta i jorda og heiv over ein spade med kompostjord. Eg har vitsa litt om "potetåkeren" min i løpet av sommaren og følgt med på om potetgraset visna.
I dag fann eg ut at eg ville sjekke korleis det stod til under jorda. Forventninga var ikkje stor. Eg drog opp graset, og der hang det på nokre små poteter om lag som erter, men nede i jorda såg eg noko. Eg grov med hendene (med hanskar på) og trudde nesten ikkje det eg såg. Store fine poteter i mengdevis. Vi kokte av dei attåt fårikålen, og dei var heilt nydelige. Dette var min debut som potetbonde.
Nils skal ha nytt smerteplaster i kveld -men vi hadde ikkje i hus. I heile dag har eg planlagt tur på apoteket, og utsette det i det lengste, først skulle vi ete middag og så kom "Kakekrigen", og plutselig var klokka nesten halv sju. Apoteket stenger klokka 7. Hadde tenkt å be Marit svippe meg ned om det blei krise, men ho var ikkje heime.
Eg fekk på med klede og sko i full fart og sprang og gjekk - og i løpet av eit kvarter var eg på Amfi; eg fekk det eg skulle på apoteket og gjekk heim att i litt rolegare tempo. Då eg var heime att hadde eg vore vekke i 50 minutt. Dermed fekk eg både frisk luft og trim etter ein noko overdådig middag.
Litt dramatikk hadde vi også i dag. Brått vart det full brannalarm, og for oss som har forsterkarar og to skjermar etc. blei det litt av eit lurveleven. Sjølvsagt var det ingen brann verken her eller der, men om det skulle bli, så blir vi i alle fall varsla.
mandag, september 25, 2017
søndag, september 24, 2017
Dagbok 2017: 24.september
Klokka er 18.20, ute-temperaturen er +15 grader. No er det overskya, men før middag var det sol.
Sundagane er ikkje så mykje annleis her i huset enn dei andre vekedagane.
Eg står opp i 8-tida, kokar kaffi og eg frokost åleine.
Klokka 9.00 går eg inn til Nils med 10 tablettar og eit gals melk. Ein halv time, eller meir, seinare får han frokost på senga. Og så ligg han til han orkar å stå opp. I dag fekk han to smertestillande mens han låg i senga, såpass han greidde å dusje og barbere seg. Han har ikkje så mykje krefter, men når han får sitte/ligge i den blå stolen sin har han det bra. Dei blå stolane skulle vore kasserte for lengst, men det er dei han likar best.
Eg greidde ikkje å sjå på dei stripete stuevindua som eg vaska og spylte i går, så eg gjekk ut og pussa dei med vindusspylervæske, og då vart dei fine og blanke. Så måtte eg ta dei innvendig også. Det ser bra ut no-så lenge som ikkje sola skin beint på dei i alle fall.
For å få vere ute litt i finevêret gjekk eg ut og klipte ned den sjuke klematisen på kjellermuren, så får vi håpe den veks opp att frisk og fin til våren. Eg plar ofte klippe den ned om hausten, men gjorde det ikkje i fjor. Eg har to til av samme sorten, dei er også sjuke. No er nummer 1 komen i ein svart VØR-sekk.
Til middag laga eg fiskebollar i kvit saus. Det er vanskeleg for Nils å få i seg middagsmat, det går betre med skiver. Etter middag kvilte han litt, mens eg strikka og las bok.
Så kom Audun på besøk, han var venta. Han hadde med seg bløtkake-restar frå Solveig -trur ikkje eg har smakt bløtkake sidan eg var på "Pårørendefest" på Ørstaheimen.
Mens Audun var her ringde Erlend frå flyplassen. Margrete og dei to yngste har vore i Oslo og sett "Cats" i lag med Ingeborg som bur i hovudstaden. Dei kom oppom ein tur, dei også. Håkon og Birte har vore innom to gonger, før og etter fisketuren. Så i dag har her vore folksomt. Eg hadde verken vaska eller bakt til helga, eg prioriterer utearbeid når det er bra vêr.
Sundagen plar vere den dagen i veka då ingen stikk innom, slik vart det ikkje i dag. Vi har hatt ein fin sundag, men no trur eg at eg rekk å fylle kvist og kvas i eit par sekker før det mørknar. Eg er i grunnen veldig trøtt, men det hjelper kanskje med frisk luft.

lørdag, september 23, 2017
Dagbok 2017: 23.september
Dagens arbeidsinnsats. Skulle hatt FØR-bilde også.
Klokka er 19.00, temperaturen er no + 15 grader C. Det har vore strålande sol i heile dag; kor varmt det har vore veit eg ikkje, men det har i alle fall vore meir enn 20 varmegrader.
Eg plar vakne ganske tidleg om morgonen, men i dag sov eg til klokka 8.00. Eg stod opp og åt frokost åleine, som vanleg, henta inn avisa etc.etc. Klokka 9.00 får Nils medisinen sin, og ei stund seinare fekk han frokost på senga. Det er slik vi gjer det no. Det er betre for han at han ligg i senga ei stund, og ikkje i samme stolen heile dagen.
Eg bar alle sekkane opp til vegen, og klokka 10.30 ca. lessa Gudmund og eg inn i bilen og han køyrde bort til Vør, så vi fekk tømt hageavfallet vårt, vi hadde nærmare ti sekker kvar -eller kanskje litt mindre.
Då eg kom heim fekk eg Nils ut or senga, og sidan sola er så lågt på himmelen no, skin ho rett inn glasa. Dei skulle vore pussa, og eg sette i gang med såpevatn og mopp. Etterpå skylte eg med hageslangen, spylte altanen osb. Vindua vart ikkje fine, dei vart stripete, så eg måtte spyle ein gong til -og enda ein gong. Stripene er der enno, så eg må visst til med gammaldags vinduspuss og ikkje i sol. Men eg skulle ha slangen forbi barlindbuska, og det var ikkje enkelt. Dermed var det fram med saks og sag til buska var rimeleg skamklipt. No har eg to dungar, ein med ved og ein med "hageavfall". Det får ligge der det ligg så lenge for ryggen min toler ikkje meir i dag.
Nils har vore litt kvikkare i dag, så det vart kanskje for mykje smerteplaster. No har vi gått tilbake til 37 mikrogram i staden for 50. Han har ikkje ete skikkelig middag i dag heller, men brødskive og spekemat. Det får vere greitt nok.
HBO-en som kom i dag har vi ikkje sett på ei stund, han har hatt litt pappaperm. Han vart far til ei jente som no er 7 veker gammal. Ho har fått namnet Elsa Marie. Eg sa at det var eit fint namn, og at det var kjekt dei hadde gitt henne eit norsk namn. Han er frå Romania men kom til Norge då han var ca 17 år.
Elles er leigebuaren vår blitt ein slags kjendis. Ho var på telefonen i "Dagsnytt 18" i går, i dag var ho på skype på Nyhetskanalen. Silje Røvik heiter ho.
fredag, september 22, 2017
Dagbok 2017: 22.september
Olaug er i Helsinki i lag med andre tannlegestudentar. Dette er Bergensstudentane i si uniform.
Klokka er 18.40, utetemperaturen er + 15 grader og no regnar det. Tidlegare i dag har det vore opplett.
I dag kan eg ikkje skryte av at eg har jobba så mykje, dagen har liksom gått litt opp i tull. Eg vaknar tidleg om morgonen, prøver å ligge litt attpå, men må stå opp fordi ryggen er vond. Det gir seg så snart eg kjem i bevegelse. Nils fekk medisin på senga i dag også, men stod opp og åt frokost. Appetitten er ikkje så stor, den var mykje betre i sommar. Men han har ikkje vondt når han held seg i ro, så det er i alle fall positivt.
Eg var no ute og saga og klipte litt i dag også, men ikkje så lenge. Plukka litt Victoria-plommer, dei er kjempegode når dei er skikkelig modne. DET har Nils lyst på, men kan ikkje ete ubegrensa. Elles så vart det ein enkel middag i dag, for Nils har eigentleg ikkje lyst på middagsmat. I dag hadde vi grillpølser og kjøpestappe. I går kjøpte eg to posar med Toro potetmos-det må vere første gong eg har kjøpt noko slikt etter at eg vart pensjonist.
HBO-en som kom i dag er han vi kallar "Moxnes"-eg har ikkje sett han sidan Ingeborg var her.
Einar skulle på eit oppdrag i Volda så han stakk innom. Han fekk plukke plommene som eg ikkje nådde.
No blir det vel mykje TV i kveld, og eg er snart ferdig med lesten som eg begynte på i går. Når eg er ferdig med den skal eg strikke fleire kjøkkenklutar til Solveig.
I morgon tidleg skal naboen og eg på tur til VØR med ørten sekker hageavfall. Det verste er at eg kjem til å produsere meir hageavfall så lenge det er bert.
Ønsker alle ei god helg! Eg får ikkje inn i hovudet at det er fredag -for meg har det vore laurdag i heile dag.
torsdag, september 21, 2017
Dagbok 2017: 21.september
Klokka er 20.35, utetemperaturen er + 13 grader C og i dag har det regna heile dagen. Litt av ein overgang frå finevêret i går. Nils var som vanleg ikkje i form på føremiddagen, så han fekk medisin og frokost på senga slik at han kunne ligge så lenge han ville. Han kom seg fram til slutt, men var veldig slapp. Vi begynte å tenke på om han vart så slapp på grunn av auken i smerteplaster, og det kan vel ha sitt å seie.
Han kom seg utover dagen, og åt litt middag frå i går mellom anna. Så ringde fastlegen, han ville stikke oppom ein tur, og det syntest vi var heilt greitt. Vi hadde snakka om det då vi var til kontroll på legesenteret sist, så vi var budde på det. Vi prata litt om tilstand, medisinar etc. Vi skal no prøve om det fungerer betre med mindre smerteplaster t.d. Eg spurde Nils om han ville eg skulle vere til stades, og det vil han alltid at eg skal. Eg vil ikkje at legane skal oppfatte meg som dominerande-men når Nils vil at eg skal delta, så gjer eg det.
Mobilen til Nils låg att på nattbordet hans. Vi såg at Solfrid kreftkoordinator hadde ringt, men sidan det var etter arbeidstid ringde vi ikkje opp att.
HBO-en var litt sein i dag, så ho kom etter legen hadde vore her.
Solveig hadde ikkje høve til å komme i morgon, så ho kom i dag i staden, så ho og eg var nedover og handla. Eg får sitte på med Marit når eg eg vil, men Solveig vil no ein tur innover uansett.
I morgon kjem Audun heim og skal vere heime til sundag kveld. Då skal han flytte inn i leilegheita han har kjøpt seg på Hareid. Solveig har no vore der og vaska litt her og der, sidan leilegheita har stått tom ei stund. Det er midt i Hareid sentrum, med utsikt til ferjeleiet og fjorden (sundet?) No ser Nils fotball.
Sidan det ikkje var utevêr i dag, bakte eg seks brød, strikka litt og høyrde lydbok først på dagen.

onsdag, september 20, 2017
Dagbok 2017: 20.september
Om sommaren er det på Melle dei kan nyte kveldssola, no bur dei i skuggelandet, mens vi, og ikkje å snakke om dei som bur i Mosmarka, har dei finaste kveldane.
Klokka er 19.10. Temperaturen ute på trappa er + 15 grader C, og denne dagen har vore den finaste på lenge. I alle fall når det gjeld vêret.
Elles er det ikkje så store endringar i heimen. Nils er nokså slapp, særleg om morgonen og før middag. At vi har auka dosa på smerteplasteret kan ha sitt å seie. Han fekk medisin og frokost på senga i dag også, så fekk han ligge litt frampå mens eg var ute og rydda opp i sekkane mine. Naboen og eg skal på VØR på laurdag og levere hageavfall. Han har fått låne ein eigna bil, så eg får bli kvitt litt eg også. Elles kan ein køyre boss i vår bil også-men då må eg ha sjåfør.
Eg har gått ut og inn i dag, som alle andre dagar, jobba litt her og der. Fekk rydda litt i hagen, og vaska bad og kjøkken -blant anna.
Nils et -men har ikkje så veldig appetitt, det kan eg vel heller ikkje vente. Men så lenge han er så klar i toppen som han er, og høyrer godt, så har han mykje selskap i TV-en.
Eg hadde så smått tenkt meg på butikken i dag, men så fann eg eit brød i frysaren, så då overlever vi til i morgon.
Det har vore lite besøk i det siste, det er stort sett berre HBO som har vore innom, og sidan Nils er så slapp veit eg ikkje kor mykje han toler. Best i form er han utover ettermiddagen.
tirsdag, september 19, 2017
Dagbok 2017: 19.september
Viss de dobbelklikkar på bildet vil de kanskje sjå ein mann med hjelm høgt oppe i bjørka. Den skal tydeligvis demonterast. Eg er like glad kvar gong eit stort tre må bøte med livet for å sleppe fram lys og sol. No er ikkje dette treet i vegen for oss, men likevel........
Klokka er 19.30, temperaturen + 12 grader C og det har vore ein fin dag med lette skyer og mykje sol.
Nils var sjølvsagt ikkje i form i dag tidleg, men i dag prøvde vi ein ny vri. Han fekk både medisinar og mat før han stod opp, og då greidde han å dusje. Denne gongen gjekk det bra; når han dusjar om kvelden blir han heilt gåen. I dag hadde vi middag også, det har ikkje vore så ofte i det siste. Vi hadde ovnsbakt laks-noko som har blitt ein favoritt i heimen.
Eg har jobba ute og vore inne om eit anna. Fekk klipt skråninga i dag, og etter å ha sjekka litt på nettet, fann eg ut at eg kunne klippe dei lange greinene på Victoria-treet, dei hang heilt ned på marka. Så måtte også kompostkverna fram, så eg fekk male opp greinene, og sidan ledningen likevel var ute, brukte eg kantklipparen både her og der. Eg likar å jobbe ute, men kan ikkje vere i hagen heile tida og late Nils vere åleine. Hausten nærmar seg og eg må nytte godvêrsdagane til å få gjort unna utearbeidet.
Nils ser mykje TV, han har aldri vore nokon lesehest, så lydbøker er ikkje noko alternativ for han. Han følgjer godt med på alt som skjer i verda, og oppdaterer meg.
Vi har hatt ein god dag.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...