mandag, desember 26, 2016

Dagbok 2016: 26.desember

Klokka er no 19.45, temperaturen er + 5 grader C, det regnar, sluddar og blæs litt innimellom, men ikkje meir enn det som har vore før i veka.
I dag har vi budd oss godt på uvêret. Først på dagen var eg ut i garasjen og henta inn rikeleg med ved, før eg lét att garasjedøra. Så var det ut på altanen, der eg batt fast eller fjerna alt som var laust. Måtte nytte dei få timane det er lyst.
Seinare fann eg fram ein batteridriven radio vi har og fekk sett batteri i den, før eg kokte ei full kanne med kaffi og hadde på termokanne. Så godt rusta for storm og straumbrot har vi aldri vore før. Men kvar vert det av stormen?
Vi høyrer rykte om sterk vind både her og der, men her hos oss er det stilt. Vi hadde nettopp besøk av Ingeborg og Eirik som skulle på "Rokken" i Volda; dei hadde tatt ferja over fjorden og kjent litt på stormen. Heldigvis skal dei overnatte hos farmora i Volda.
Elles har vi hatt ein veldig roleg og stille dag. Nils har vore i bra form-eg trur han har hatt godt av desse rolege stille dagane vi har vore her "åleine". Her er i alle fall ingen matorgiar, så vi slepp å slanke oss etter jula. I dag vart middagen kjøttsuppe frå pose (Toro) med bitar av grillpølser. Nils er ikkje glad i middagsmat, men suppe får han ned.
Elles har eg strikka litt og høyrt lydbok og så har vi sett ein del TV. Det blir vel meir utover kvelden.
Alt i alt har vi det bra. Viss nokon vil komme på besøk i dagane som kjem, er det fint om de seier ifrå på førehand. Vi har mykje mat i hus, men det meste er frose ned, for å seie det slik.

søndag, desember 25, 2016

Dagbok 2016. 25.desember

Høgtlesingsboka vår.

Klokka er ca. 23.30, så det vart litt seint før eg blogga i kveld. Eg vart sittande å sjå det eine TV-programmet føre og det andre etter. Det er for lengst mørkt ute; temperaturen er + 5 grader C, det regnar og blæs, men mellom bygene er det relativt stilt. I dag har eg ikkje vore ute for ei dør.
I går kveld var ikkje Nils i form, trur ikkje han tolte så godt pinnekjøtet, vi er avvande med sterk og kraftig mat, både eg og han. Så i dag har det gått i brødmat men godt pålegg etc. Nils var litt slapp først på dagen, men så tok han ein liten lur og kom i betre form.
Eg går no her og puslar litt i huset, set på oppvask-og vaskemaskin m.m. Har til og med strikka litt mens eg høyrde lydbok.
I dag kom vi innimellom med ei høgtlesingstund om Solveig og Bård. Eg er så lite vant til å lese høgt no, at eg blir sår i halsen av det, derfor blir det ikkje så mykje om gongen.
Det kan høyrast ut som om vi har det veldig kjedelig-det har vi ikkje. Vi ser TV, høyrer radio og les, mellom anna. Og vi kjem oss sjeldan i seng før det lid godt over midnatt. Så søv vi tilsvarande lenge om morgonen. Vi gjer akkurat som vi vil på det punktet.
Litt irritasjon skal det likevel vere i systemet. Her har vi no ein vannkran på kjøkkenet som ikkje vil stoppe heilt. Det sildrar og renn. Og slikt må sjølvsagt skje på juledag.
Vi har det bra, og håper at dei som er innom bloggen også kosar seg. Vêrmeldinga varslar storm og uvêr, så får vi sjå kva det vert til her. Vi treng ikkje gå ut, og vi har både ved og stearinlys om straumen skulle gå.
Ønsker alle ei fortsatt god jul!
Klutane dempar lyden. Det er heldigvis rikeleg vatn i Vasskoppen.

lørdag, desember 24, 2016

Dagbok 2016: 24.desember. Julaftan


Klokka er ca 21.45, temperaturen er + 4 grader C. Vi har nokre byger meg regn og litt vind, men det er på ingen måte snakk om ekstremvêr her hos oss. Når eg ser på TV korleis det er på fjellovergangane er eg glad for at ingen av "våre" er på tur frå aust til vest og  omvendt. I slikt vêr er det best å halde seg heime.
Etter eige ønske har vi hatt ein utruleg stille og fredeleg dag her i pensjo-heimen. Det har vore mykje action i seinare tid, som alle veit, så no var det godt å berre legge seg bakover i godstolen og kose seg med julemusikk og diverse andre program på TV og DAB-radio. Og eit lite strikketøy innimellom.
Eg tok meg ein tørn og rydda i garasjen før middag, såpass Nils fekk sette inn bilen. Skal rydde meir seinare, men det er ikkje alt er har oversikt over, så eg må ha litt instruksar.
Vi åt litt i 2-3 tida, så vi måtte utsette julemiddagen til klokka 18. Nils åt ikkje all verda, det er middagsmat han har mest problem med. Men maten var god og eg åt for to.Og så har vi drukke kaffi og ete av julemannane som Olaug jr. har laga. Sjølv har eg ikkje bakt julekaker i år, men vi manglar ikkje mat!
Gåvene vi fekk var fine og nyttige-vi takkar for dei. Men aller mest vil eg takke for all hjelp vi har fått av familien, naboane og andre over lang tid. For alle besøk, blomster og andre gåver. Det er overveldande.
Så vil eg ønske alle fortsatt GOD  JUL.

fredag, desember 23, 2016

Dagbok 2016: 23.desember.

Klokka er 19.15, temperaturen er + 5 grader og asfalten er våt. Trur ikkje det har regna så mykje.
Elles er tilstanden i heimen som vanleg. Nils er verken verre eller betre, han er slapp og i dag har han vore kvalm. Då får han ikkje i seg så mykje mat heller. Og det er synd, for no har vi utrulig mykje god mat i hus.
I dag stod vi ikkje tidleg opp. Eg hadde planar om å vaske bad og kjøkken, og ikkje så mykje anna.
Det tok sjølvsagt ikkje så lang tid, men Nils fekk to besøk og ein telefon før eg var ferdig.
Det er så utruleg kor mange som tenkjer på oss og kjem innom med både det eine og det andre. Det er nesten for mykje av det gode, for som dei fleste tenkjer eg på at alt godt skal gjengjeldast med noko, og det får eg ikkje gjort. Det får meg til å tenkje på Olav H. Hauge sitt dikt om å gjere ein mann ei "beine".

Han kom or fjellet, skulde heim,

fekk føring ifrå Osa

ut til Øydvinstò.

Og han var raust

og baud betal.


Men Osamannen

var ikkje fal:


Eg vil betala;

eg kan ikkje nå deg

med ei beine att.


So gjer ein annan mann

ei beine då,

sa Osamannen,

og skauv ifrå.

                                             Olav H. Hauge


Eg oppdaga at vi hadde 3 liter H-melk som gjekk ut på dato i dag, og etter at vi hadde ete risgraut frå Fjordland, tok eg og koka graut av melka, som eg skal fryse i høvelege porsjonar- får håpe eg finn plass i ein eller annan frysar.
Eg mangla noko lite etter handelen i går, og gjekk ned på nærbutikken for å handle litt som eg kunne bere heim. Der trefte eg nokre naboar på julehandel, og dei baud til at eg kunne få sitte på med dei heim. Dermed kunne eg handle to fulle posar-så då vart det enda meir mat i huset.
No er det eit dilemma: Skal vi sjå på NRK 1, eller på TV 2 ? Eg plar alltid velje "STAS-kanalen"-men så skal Arill vere på TV 2. Vi må kanskje ta opp eitt av programma og sjå det etterpå.
Anne Marie ringde til Nils i dag. Han likar at folk ringer og pratar med han, og det er det mange som gjer. Han har stor slekt og mange venner.
Så er det kanskje på tide å ønske alle som les bloggen min ei GOD JUL.

Julebrev har eg ikkje skrive i år fordi eg manglar e-postadresser. Det er fint om de sender mail til meg slik at eg får inn att adressene. Eg brukar no berre denne e-postadressa: olaug.trovag@gmail.com
Nils har same adressa, det er berre å bytte ut det første namnet. Vi brukar stort sett kvar sin PC for tida.

torsdag, desember 22, 2016

Dagbok 2016: 22.desember.

Klokka er 20.05. Temperaturen ute er +1,5 grader C, og i dag trur eg neppe det har vore heilt lyst særleg lenge. Det er greitt med regn og mildvêr, men ein blir trøytt av å gå rundt i eit evig mørke.
Elles har det vore ein hyggelig dag på mange måtar. Nils måtte legge seg etter frokost, men så stod han opp og dusja etc. og sidan har han vore oppe. Han er ikkje akkurat sjuk, berre slapp, og noko kjem vel av medisinane han tek. Eg har stort sett vore oppe-gåande heile dagen. Det vanlege husarbeidet tek si tid, og i dag har eg steikt sveler igjen. Har ein takke, så får ein bruke den!
Einar og Audun kom i 15-tida, og etter at vi hadde ete og drukke kaffi ei stund, reiste Einar og eg på handel. Det er jammen bra å ha shoppingassistent !
Eg hadde laga meg til ei lang liste, med mange tunge ting, og etter mitt ønske hamna vi i Furene på Coopbutikken der. Der er det litt betre plass enn på Amfi.  Det var mange som hadde tenkt det samme, og alle hadde stappfulle korger, men jammen gjekk det unna. Dei fleste som jobba der var utlendingar, smilande og hjelpsame.
Då vi kom heim bar Einar og eg alle varene inn i kjellaren, og etter at vi vart åleine, var eg ned og fekk alt på plass i kjøleskap og frysar. Trur vi har mat nok!
Eirik var ein liten tur innom i dag, for å få med seg pakkane frå Kongsberg, og så kom Birte og Håkon så vidt innom døra på veg til Hareid.
I morgon har eg tenkt å vaske og rydde til jul, og så blir det kanskje ein bitteliten tur på nærbutikken- til fots.
Vi er innstilt på å slappe av og kose oss med TV-program i jula. Og så kjem det nok folk innom når det lid på. Vi har hatt mykje besøk i det siste og vel sjølve å vere to-eine på julekvelden.

onsdag, desember 21, 2016

Dagbok 2016


Klokka er 17.45, temperaturen ute er + 4 grader, og det regnar og blæs. Stupande mørkt er det også.
I dag har det vore ein veldig roleg dag, utan noko som helst slags besøk. Nils var i dårleg form då han stod opp, så han la seg att etter frokost og fekk seg ein god lur, mens eg støvsugde alle teppegolva.
Det er det einaste eg har gjort i dag, når ein ser bort frå dei daglege oppgåvene.
No håper eg at Einar og Audun kjem ein tur i morgon. Det er byttestasjon for julegåver her hos oss, og så vil dei vel sjå oss før jul. Audun er no ikkje heime så ofte. Eg har bede Einar om å køyre meg på butikken, så no må eg reinskrive handlelista mi, slik at eg kan vere effektiv!
Nils er ikkje i så god form som eg kunne ønske, men han får i alle fall i seg mat. Det går mest på brødmat, middagsmat er han mindre glad i-han som før hadde noko bortimot verdensrekord i middagseting.
Etter ein litt sein lunsj har vi slappa av begge to- så dette har vore noko bortimot ein kviledag for meg også. At vaskemaskina surrar og går, det gjer ikkje så mykje. Strauk litt klede også. Fredagen har eg tenkt å vaske og rydde, og så får jula bli som den blir- det er ei "unntaks-jul"- uansett.
I dag ringde Ellen Marie, ho skriv ikkje julekort i år, men ringer i staden. Heilt greitt det.
Når eg ser på TV og det som skjer i verda, tenkjer eg på mor til Ketil Bjørnstad;  ho grudde seg alltid til jul, for då forventa ho at grusomme ting skulle skje i verda. Slik hadde eg det i mange år etter Asker-ulykka, flystyrten som kravde mange menneskeliv. (Eg har nyss lese Ketil Bjørnstad sine bøker om "Sekstitallet" og "Syttitallet").Og no er det berre å sette på Tv-en så får vi minst ei katastrofe for dag. Men her i landet har det gått bra, så langt.
PS: Ikkje før hadde eg skrive dette, så kom Håkon på besøk, og før han hadde fare, kom Torbjørn, så vart det besøk i dag også.

tirsdag, desember 20, 2016

Dagbok 2016: 20.desember

Klokka er ca 20.30, temperaturen er + 9 grader C, og i dag har det vore opplett. Men så kom det ein ganske sterk vind susande.
Sist natt sov eg som eit murmeldyr frå eg la meg i 1-tida til eg vakna klokka 9. Kan ikkje hugse sist eg sov så godt og lenge. Då Nils stod opp, kunne han fortelle at han hadde nesten ikkje sove i det heile, så han var ikkje i form. Han måtte legge seg litt etter frokost, mens eg styrte litt i huset.
Margrete og Ingeborg kom mellom 12 og 12.30.Då drakk vi kaffi og åt sveler, som eg hadde steikt, og annan "julemat".
Før dei reiste att var Margrete og eg ein snartur nedom biblioteket og lånte litt bøker til helga.
Eg har gått og venta på at det skulle bli opplett slik at eg fekk lufte sengetøy og vaske soverommet til jul. Og i dag slo eg til, måtte passe godt på både teppe og dyner, så dei ikkje vart tatt av vinden. Det gjekk bra, så no er i alle fall eitt rom klart for helg. Eg var litt stressa i dag-eg trudde det var onsdag, men så kunne Nils rette litt på meg og skuldrane kom på plass igjen.
Nils har ikkje vore i form i dag, han trur det vart for travelt med den fysioterapeuten som var her i går. Når han blir trøtt og ikkje er i form, får han ikkje i seg nok mat, og så er vi i den vonde sirkelen igjen. Han pressa i seg litt middag, og så er det flaskene frå apoteket å lite på. Til frokost åt han godt.
Eg ville han skulle legge seg nedpå etter middag, men han vil ikkje øydelegge for natta.
Matias kom innom på ein snarvisitt for å sjå til han.
Eg sette meg til å høyre ferdig boka mi, mens eg rippa ei av dei nye bøkene, og strikka. Så sette eg meg inn i stolen min i stova, og sovna med boka på øyret. Eg er veldig trøtt for tida, om eg skal skulde på det eine eller det andre, veit eg ikkje. Kanskje er det årstida ?
Då Margrete og eg var nedover, var det som den finaste vårdag - med fønvind. Ja, uansett kan ikkje vinteren bli så veldig lang når han enno ikkje er komen. Det blæs framleis ute, men ikkje så voldsomt som før.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...