onsdag, desember 21, 2016

Dagbok 2016


Klokka er 17.45, temperaturen ute er + 4 grader, og det regnar og blæs. Stupande mørkt er det også.
I dag har det vore ein veldig roleg dag, utan noko som helst slags besøk. Nils var i dårleg form då han stod opp, så han la seg att etter frokost og fekk seg ein god lur, mens eg støvsugde alle teppegolva.
Det er det einaste eg har gjort i dag, når ein ser bort frå dei daglege oppgåvene.
No håper eg at Einar og Audun kjem ein tur i morgon. Det er byttestasjon for julegåver her hos oss, og så vil dei vel sjå oss før jul. Audun er no ikkje heime så ofte. Eg har bede Einar om å køyre meg på butikken, så no må eg reinskrive handlelista mi, slik at eg kan vere effektiv!
Nils er ikkje i så god form som eg kunne ønske, men han får i alle fall i seg mat. Det går mest på brødmat, middagsmat er han mindre glad i-han som før hadde noko bortimot verdensrekord i middagseting.
Etter ein litt sein lunsj har vi slappa av begge to- så dette har vore noko bortimot ein kviledag for meg også. At vaskemaskina surrar og går, det gjer ikkje så mykje. Strauk litt klede også. Fredagen har eg tenkt å vaske og rydde, og så får jula bli som den blir- det er ei "unntaks-jul"- uansett.
I dag ringde Ellen Marie, ho skriv ikkje julekort i år, men ringer i staden. Heilt greitt det.
Når eg ser på TV og det som skjer i verda, tenkjer eg på mor til Ketil Bjørnstad;  ho grudde seg alltid til jul, for då forventa ho at grusomme ting skulle skje i verda. Slik hadde eg det i mange år etter Asker-ulykka, flystyrten som kravde mange menneskeliv. (Eg har nyss lese Ketil Bjørnstad sine bøker om "Sekstitallet" og "Syttitallet").Og no er det berre å sette på Tv-en så får vi minst ei katastrofe for dag. Men her i landet har det gått bra, så langt.
PS: Ikkje før hadde eg skrive dette, så kom Håkon på besøk, og før han hadde fare, kom Torbjørn, så vart det besøk i dag også.

tirsdag, desember 20, 2016

Dagbok 2016: 20.desember

Klokka er ca 20.30, temperaturen er + 9 grader C, og i dag har det vore opplett. Men så kom det ein ganske sterk vind susande.
Sist natt sov eg som eit murmeldyr frå eg la meg i 1-tida til eg vakna klokka 9. Kan ikkje hugse sist eg sov så godt og lenge. Då Nils stod opp, kunne han fortelle at han hadde nesten ikkje sove i det heile, så han var ikkje i form. Han måtte legge seg litt etter frokost, mens eg styrte litt i huset.
Margrete og Ingeborg kom mellom 12 og 12.30.Då drakk vi kaffi og åt sveler, som eg hadde steikt, og annan "julemat".
Før dei reiste att var Margrete og eg ein snartur nedom biblioteket og lånte litt bøker til helga.
Eg har gått og venta på at det skulle bli opplett slik at eg fekk lufte sengetøy og vaske soverommet til jul. Og i dag slo eg til, måtte passe godt på både teppe og dyner, så dei ikkje vart tatt av vinden. Det gjekk bra, så no er i alle fall eitt rom klart for helg. Eg var litt stressa i dag-eg trudde det var onsdag, men så kunne Nils rette litt på meg og skuldrane kom på plass igjen.
Nils har ikkje vore i form i dag, han trur det vart for travelt med den fysioterapeuten som var her i går. Når han blir trøtt og ikkje er i form, får han ikkje i seg nok mat, og så er vi i den vonde sirkelen igjen. Han pressa i seg litt middag, og så er det flaskene frå apoteket å lite på. Til frokost åt han godt.
Eg ville han skulle legge seg nedpå etter middag, men han vil ikkje øydelegge for natta.
Matias kom innom på ein snarvisitt for å sjå til han.
Eg sette meg til å høyre ferdig boka mi, mens eg rippa ei av dei nye bøkene, og strikka. Så sette eg meg inn i stolen min i stova, og sovna med boka på øyret. Eg er veldig trøtt for tida, om eg skal skulde på det eine eller det andre, veit eg ikkje. Kanskje er det årstida ?
Då Margrete og eg var nedover, var det som den finaste vårdag - med fønvind. Ja, uansett kan ikkje vinteren bli så veldig lang når han enno ikkje er komen. Det blæs framleis ute, men ikkje så voldsomt som før.

Bok nr.74 -2016: To søstre

To søstre
Historien om to ungjenter fra Bærum som reiser til Syria og en desperat far som forsøker å finne dem.

En oktoberdag i 2013 kommer ikke de to tenåringsjentene, Ayan og Leila, hjem til vanlig tid. Senere på kvelden kommer sjokkmeldingen: De er på vei til Syria. På jakt etter døtrene tar faren seg inn i det borgerkrigsherjede landet, en reise som skal føre ham inn i områder kontrollert av Den islamske staten (IS).

Dette er bare starten. I "To søstre" går Åsne Seierstad, den bestselgende og kritikerroste forfatteren av "Bokhandleren i Kabul" og "En av oss", løs på et av de viktigste og mest kompliserte spørsmål i vår tid. Hvorfor radikaliseres muslimsk ungdom oppvokst i Vesten? Hva førte de to søstrene fra Kolsås til Kalifatet? Hvem er Ayan og Leila?

Som få andre makter Åsne Seierstad å komme tett på personene hun skriver om. "To søstre" er både historien om jentene som dro, et land i krig og om en familie som splintres. Det er også en fortelling om oss, i Norge i dag
.
..........................................................................
Då har eg endeleg fått lese ut denne boka. Det har tatt si tid, for det er ikkje alle dagar eg har høve til å lese så mykje. Somme tider er eg så trøytt at eg sovnar ifrå alt osb. Det er ikkje noko gale med boka, tvert imot. Det er ei svært viktig bok, som ein ikkje først og fremst les som underhaldning, men for å sette seg inn i eit alvorleg problem. Kva er det som får ungdom som har vakse opp i Norge til å bli radikaliserte islamistar  som reiser til Syria for å delta i krigen der? Dette er ingen roman, men ein reinspikka dokumentar, skrive av ein journalist som eg verkeleg ser opp til. For å få med meg alt, må eg nok lese delar av boka om att.

mandag, desember 19, 2016

Dagbok 2016: 19.desember

Klokka er 20.00. Temperaturen er + 11 grader C, i dag tidleg var den + 12 grader. Det er drømmevêr for oss som ikkje likar snø og kulde; så får vi heller halde ut med relativt korte og mørke dagar og regnvåt asfalt.
Dagen i dag har gått veldig fort, og det vart ikkje gjort så mykje i dag heller. Eg bakte tre store grovbrød, så no har vi brødmat til langt inn i romjula. Elles har eg pusla litt i huset, som vanleg. Vi venta fysioterapeut klokka 13, men ho kom ikkje. I staden dukka det opp ein nabo med eit digert julebrød-ho hadde kanskje høyrt om det mislykka julebrødet mitt?
Mens vi sat og prata kom fysioterapeuten, og då var klokka 14. Anten har Nils høyrt feil i telefonen, eller så har ho notert feil klokkeslett. Men det gjorde ingen ting. Ho var her ein times tid, og no har Nils fått eit mosjonsprogram som han skal gå gjennom kvar dag.
Vi hadde eit lite måltid då vi vart åleine, måtte smake på julebrødet-nemlig. Og det var like godt som det vi fekk i forrige veke. Nydelig!
Så ringde Solveig og spurde om det var greitt at dei kom innover ein tur -eigentleg hadde dei tenkt å komme seinare i veka. Dei kom i 18-tida, Solveig, Øystein  - og Olaug, som er heime på ferie.
Dei fekk julebrød, lefser og søst (gombe), blant anna, til kaffien. Eg har ikkje bakt ei kake til jul-men alt ordner seg for snille piker......
I morgon ventar vi Margrete, ho skal ha munnleg eksamen og kjem ho hit etterpå, Ingeborg blir også med-ho er heime frå Oslo. Så kjem det vel til å dukke opp fleire familiemedlemmer i løpet av veka etter kvart som dei kjem heim og har tid.
I dag fekk eg julekort i posten. Sjølv plar eg skrive julebrev på data og sende til alle kjende. I år sit eg med to nye datamaskiner, der ingen adresser er lagt inn, så då har eg eit lite problem. Det blir nok berre julehelsingar på bloggen og Facebook. Men eg håper eg blir tilgitt sidan dette har vore eit år noko utom det vanlege.
Nils kjem seg litt etter litt og han får i seg bra med mat no, det er liksom første post på programmet. Så får vi håpe det går bra vidare framover.

søndag, desember 18, 2016

Dagbok 2016: 18.desember


Klokka er 18.10, temperaturen + 9 grader C og litt regn, slik det har vore siste dagane. Anders Hovden skreiv i si tid ein julesong som er lite kjend utanfor Ørsta:
"Kaldt og mørkt og lite sol
såleis er det fram mot jol"- det einaste som manglar er kulde, det har det vore lite av til denne tid.
Sist natt sov eg veldig dårleg. Då eg endeleg sovna vakna eg opp att gong etter gong og verkte snart her og snart der. Då det var på tide å stå opp verkte eg ingen stader, så det var no eit pluss.
I dag hadde eg ein plan, eg skulle rydde ut adventspynten og få inn julepynt og så skulle eg bake.
Dei julebrøda eg laga i går er den største katastrofen i min bakekarriere. Tunge som murstein- og ikkje smakte dei godt heller. Forstår ikkje kva som hende.
I dag laga eg ein stor kveitebolledeig etter ei oppskrift eg har brukt tusen gonger før. Laga eit brett med bollar, og to kveitebrød med rosiner. Det vart litt betre resultat enn i går, om enn ikkje perfekt.Mens deigen stod til heving strauk eg løperar og la på både her og der. Eg har rikeleg av den sorten, for å seie det forsiktig.
Til middag laga eg gryterett med ris til, og Nils åt, meir av plikt enn av lyst. Han får i alle fall i seg mat, om det ikkje er direkte store mengder han set til livs.
Etter middag måtte eg legge meg på sofaen ei stund, fordi det var eit akutt behov.
Elles har eg funne ut av korleis eg skal legge inn og ta ut bilde frå nyemaskina, men eg har enno ikkje sjekka ut redigeringsprogram, derfor er ikkje bilda så veldig bra.
Nils ser handball på TV no, han ser stort sett TV heile dagen, men no har eg sett meg inn på datarommet for å lese bok og strikke.
PS: Eg har blitt retta litt på. Det var ikkje Anders Hovden som skreiv "Kaldt og mørkt" men ein som heitte Laurits H.Hov, frå Gausdal. Eg må ha høyrt feil; særleg sidan han som tonesette diktet heitte Anders Hove, er det sannsynleg. Eg takkar den som retta på det, sjølv om han/ho er anonym.





lørdag, desember 17, 2016

Dagbok 2016: 17.desember.

Blant dei gamle bilda som eg får til å legge inn, fann eg dette bildet av Hareidskyrkja-det var det året det var så kaldt på julaftan.

Klokka er19.00, temperaturen er + 6  grader C og det har vore rimeleg bra vêr i dag, trur eg. Har ikkje vore mykje ute, men eg har i alle fall registrert at det er vått på vegen og at det regnar litt.
I går gjorde eg nesten ingen ting, så i dag bestemte eg meg for å vere litt flittig. Det har eg for så vidt vore, utan at resultatet vart så imponerande.
Sidan Nils likte så godt julebrødet som naboen kom med, tenkte eg at eg kunne lage nokre eg også. Brukte ei oppskrift frå Facebook, men eg må ha gjort eitt eller anna gale, for deigen ville ikkje heve seg skikkelig. Eg hadde gjær i, det det var ikkje der feilen låg. Det hadde vore betre eg ikkje hadde brukt oppskrift, for det skal noko til å mislykkast med gjærdeig. OK!  vi åt av brødet attåt kaffien, og om det kravde litt ekstra tygge-energi gjekk det ned.
Eg hadde noko bruning ståande i ei gryte, så eg laga veldig rikeleg brun saus i dag. Halvparten brukte eg til middag, supplert med ferdigkjøpte medisterkaker, kålrabi og poteter. Nils likar så godt rabbe til brun saus, og i dag åt han like mykje til middag som eg. Han er "flink" å få i seg mat no, håper det viser på vekta også. Aberet for min det er at eg også et - eg som nesten hadde slutta. Innimellom et han klementinar - og det er heilt frivillig. Han drikk også eit par porsjonar med styrkedrikk frå apoteket kvar dag. Det er alfa og omega at han får opp att vekta.
Sidan Eirik jobbar her i bygda sende eg melding til han med spørsmål om han kunne køyre meg på butikken. Eg hadde tenkt å gå ned på Kiwi i går, men fann ut at det minka på melk etc. så eg utsette handelen til i dag. Eirik kom rett etter arbeidstid og vi handla på Kiwi i full fart, så no har eg alt eg treng i huset. Skal i alle fall bake skikkeleg næringsrikt brød til Nils, med gode skorper, det set han pris på. Kjøpebrøda er stort sett mjøl og vatn, trur eg, mens mine brød er laga med melk, egg, olje etc. Så får eg heller ete litt mindre sjølv.
Ja, det handlar mykje om mat her i huset, for tida, men det går betre med Nils etter kvart som kreftene kjem tilbake, og mi oppgåve er å syte for at han får mat.
Han sit mykje i stolen sin og ser TV-og det må han berre gjere, heldigvis er det mykje sport for tida.
Eg sette meg ned med lydbok etter middag, men det var heilt nyttelaust-eg dikta sjølv etter få minutt, i halvsøvne rota eg i hop hendinga i boka med det som var på TV -men mest det som var inni hovudet mitt. Det var berre å "sprette opp" og koke kaffi. No blir det vel TV utover kvelden, håper dei har litt meir å by på enn i går.
No skal eg først av alt legge i hop ein klesvask. I morgon skal adventspynten ut, og jula inn-trur eg.
!7. desember vil eg alltid hugse som den dagen både mamma og Hilde vart innlagde på sjukehuset på Eid. Det var i året 1990.Derfor hugsar eg også at Hans Petter har fødselsdag i dag og vi gratulerer!



fredag, desember 16, 2016

Dagbok 2016: 16.desember


Klokka er 21.45, temperaturen ute er no + 9 grader, men før i dag var den oppe i + 11 grader. Stygt å seie det, men eg likar litt global oppvarming.
I dag har det vore ein stille og roleg dag, berre eit par telefonar og ingen besøk.
Eg vaska litt golv på føremiddagen, elles har eg ikkje gjort mykje eg heller. Når Nils sit i stolen sin, blir det ofte til at eg også blir sittande.
Han har vore i bra form i dag, men no mot kveld er han ikkje så sprek. Det kan eg vel heller ikkje vente. Han har fått i seg bra med mat, det er eigentleg det viktigaste, men han strevar. Vi har hatt litt høgtlesing frå Hjørundfjordboka i dag også.
Eg har strikka litt, høyrt litt lydbok etc. og så er det TV-en .
Sidan eg ikkje hadde så mykje å gjere har eg forska litt på datamaskinene. Eg var så van med å legge bilda inn på den gamle laptopen, at eg har litt problem no når eg har Windows 10 på begge maskinene. Eg får til å legge inn bilda, men ikkje så lett å få dei ut att. Greier å få dei inn på FB-men bloggen står enno utan bilde.
Ønsker alle ei god helg!
Bildet er gammalt, men det ligg på ei mappe som "virkar".

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...