fredag, februar 12, 2016

Dagbok 2016: 12.februar

Klokka er 18.00, temperaturen er minus 1 grad og det er nesten klårt ute. No skal vi snart ha ein kaffikopp for det blir fullt program på TV.
Det har vore ein minnerik dag på mange måtar. Vi starta dagen med å gå i gravferd til ein mann som Nils vart kjend med den tida han jobba på Moldøen Canning i Måløy. Dei flytta til Ørsta om lag på samme tid som vi, og vi hadde mykje med kvarandre å gjere ei tid. Vi er til dømes fadrar på yngste jenta deira. Magnus har vore sjuk i fleire år og siste par åra har han vore på sjukeheim. Det var ei fin gravferd, sjølv om der ikkje var så veldig mykje folk. Og Knut Ose spela nydelig på fiolin attåt orgelet. Vi var med fram på gravplassen. Det var så fint der i dag, med kvit snø på marka og eit lett snødryss frå himmelen. Eg fekk som ei kjensle av å sjå ein film, med alle dei svartkledde menneska mot den kvite snøen. Det var Sæbøpresten, Espen, som forretta i dag.(Han er svigerson til Arne Ola)  Han er sjølv ein ivrig fiskar, så det vart ein del snakk om fisk.

Då vi kom heim tok eg eit par bilde, det var litt spesielt at det var sol og snødryss på same tid. 
Vi har samla eit lager av egg, så i dag laga eg pannekaker til to av seks egg. Ja, vi åt ikkje opp alt, så no tek vi resten til kaffimat. Nils har nettopp laga nydelig kaffi.

Men i mellomtida har det skjedd dramatiske ting. Eg sette på vaskemaskina før vi skulle "pause"-men då eg skulle ta ut kleda, hadde det ikkje skjedd noko. Hadde litt problem sist eg vaska også, så no dømde vi maskina til døden. Vi veit ikkje kor gammal ho er, men i alle fall godt over ti år. Eg var inn på nettet og sjekka litt, og sidan Elkjøp har ope til sju, rakk vi å kjøpe ny maskin i dag. Men vi får den ikkje før mandag. Litt dumt at eg har samla opp klede heile veka for å vaske i dag! Trudde det var lurt. Som alltid anbefalar seljaren ei maskin framfor dei andre, og som alltid kjøper vi det som blir anbefalt. Ingen stor risiko heller, for der er garanti på alt. I dag vart det altså Siemens Wash 1400, etter at eg hadde utfordra seljaren på alle tenkelege måtar eg kunne komme på.
Eigentleg skulle eg ha støvsuga i dag, men det rakk eg ikkje, så det får bli i morgon.
I morgon ettermiddag/kveld skal vi på Rosabella og ete pizza i lag med Margrete og ungane. Dei skal på kino først. Vi skal feire litt morsdag og Valentinsdag etc. Vi brukar å gå på Rosabella når det er musikal eller ballettshow etc. Men det passar ikkje denne gongen..


No på kvelden vart det veldig fint vêr med sol frå nesten klår himmel. Vil ønske alle ei fin helg anten de skal ut på ski eller sitte inne og sjå TV. Ja, same kva de finn på. Det er i alle fall godt at dagane er lengre og lysare. 

torsdag, februar 11, 2016

Dagbok 2016: 11.februar

Klokka er ca 15.45, og sola skin som ho har gjort i heile dag. Temperaturen på baksida av huset er + 3 grader. No har ikkje eg vore ute for ei dør i dag heller, og grunnen kan kort og godt kallast dataproblem.
Eg sette meg til og skulle skrive referat i dag etter frokost, og då brukar eg alltid den stasjonære maskina sidan den er kopla til skrivaren. Men kvar var Windows Word? Eg fann ut at eg måtte ha sletta det ein dag eg sat og "rydda" på maskina. Så fekk eg den lyse(?) ideen at eg kunne legge inn Windows 10 når eg likevel var på glattisen. Det gjekk heilt fint det, men det tok si tid, så i mellomtida vaska eg bad og kjøkken. Men maskina var ikkje ferdig då eg var det, så eg tok like godt og skreiv på laptoppen og etter kvart fekk eg sendt det til meg sjølv og printa det ut. Puff!
Windows 10 virkar, og eg har funne att både mail, startsida og Facebook. Men det er noko som er vekke: BØKENE. No sat eg i går kveld og rippa to bøker og la dei inn på minnepenn til Solveig, men ikkje på min eigen MP3-spelar, så no rippar eg igjen. Heldigvis hadde eg ikkje levert tilbake bøkene. Nokre bøker gjekk tapt, men det går no an å få låne dei ein gong til.
Eg har fått sendt referatet til avisa, og bilde. Så håper eg alt går i boks.
Mens eg kava på hadde Nils koka ertersuppe som vi åt i 13-tida. Og no har eg tatt inn kleda som har hange ute heile veka-det var sentrifuga som slo seg vrang, for elles tørkar eg i trommelen. No må eg rippe vidare......

onsdag, februar 10, 2016

Dagbok 2016: 10.februar.


Klokka er 19.15, temperaturen er + 3 grader og Sylvi Listhaug på TV. Vi er nettopp komne heim frå pensjonistmøtet.
I dag har det stort sett dreia seg om pensjonistmøtet. Etter morgonstellet var vi på Bakk-Ola og henta songbøker, så var vi på Amfi og handla før vi stilte på Kulturhuset for borddekking m.m.
Vi rakk heimom for å ete lunsj, kvile litt og kle oss om før vi for på møte klokka 15.30.
Der var ikkje så mykje folk som sist, kanskje fordi det var årsmøte? Alle er visst redde for å bli valde til noko, sjølv om alle som står på val er spurde på førehand.
Dei som møtte fram fekk i alle fall nyte musikk med høgt nivå; Morten Bollerud på trekkspel og Øystein Salhus på fiolin. Dei spelte m.a. "Vinteren" av Vivaldi.
Ei av dei som var på møtet kom frå biblioteket med to bøker som dei hadde lagt av til meg, så no blir det meir ripping.
I morgon går føremiddagen med til å skrive referat, men så skal vi ikkje ha nytt møte før i april! I mars inviterer Rotary og Inner Wheel alle pensjonistane til "fest".

tirsdag, februar 09, 2016

Dagbok 2016: 9.februar


Klokka er 17.00 og Nils held på å koke middag. Temperaturen er + 3,5 grader og vi har hatt ein lettskya fin dag. Sola har også vore framme.
Nils var låk i foten i dag, så då har han funne ut at det beste han då kan gjere er å gå ein tur, helst i terreng. Så det gjorde han før middag. Eg er ikkje flink å komme meg ut. I dag hadde eg sett meg i hovudet at eg skulle bake brød, og då slo eg like godt til med dobbel porsjon= 6 brød.
Derfor vart middagen utsett til seinare og vi unte oss lunsj med nysteikt brød.
Etter ei lita pause fann eg ut at eg kunne begynne å rydde i skuffer og skap. Det synest eg i grunnen er ganske kjekt. I dag tok eg føre meg mine eigene skuffer og skapt. Fekk kasta ein del, og fann att noko eg har leita etter lenge,  det er det kjekkaste med rydding.
No er her veldig godt og varmt i stova sidan Nils har sett i gang med å brenne slikt som ikkje skal kastast i bosset, men "tilintetgjerast" på annan måte.
I morgon blir vi opptekne med pensjsonistmøtet nesten heile dagen, og fredag skal vi i gravferd. Han som er død jobba i lag med Nils både i Måløy og her i Ørsta. Vi er dessutan fadder på eine dottera hans. Han har vore sjuk lenge og i seinare tid har han budd på sjukeheimen. Det som er litt underleg når ein kjem opp i åra er at det er jamaldringane våre som døyr; før var det stort sett "gamle folk". 
Eg har så vidt begynt på ei ny bok av Gillin Flynn, men eg kan ikkje sitte så mykje utan å få problem, så det blir vel mindre både med lesing og strikking. Har eit lestepar på gang som er nesten ferdig, og ein stor pose med lestegarn. Fleire i familien er avhengige av heimestrikka lestar, så eg håper eg kan vere til nytte ei stund til

mandag, februar 08, 2016

Bok nr.10 - 2016: Åpne sår

Åpne sår av Gillian Flynn (Lydbok-CD)
Krimdebuten til Gillian Flynn, forfatteren bak «Flink pike».
Camille Preaker har bosatt seg i Chicago etter et lenge opphold på en psykiatrisk klinikk. Hun arbeider som journalist i en annenrangs avis mens hun forsøker å legge barndommen i Wind Gap bak seg. Men så blir to unge jenter funnet drept i hjembyen hennes, og Camille sendes tilbake for å dekke tragedien. Hun setter motvillig kursen hjemover til familiens herskapsvilla, hvor hun gjenforenes med sin mor og halvsøsteren Amma. Snart avdekker Camille nye spor i jakten på dobbeltmorderen, men hvorfor identifiserer hun seg så sterkt med de døde jentene? Det viser seg at Camille må gjenåpne gamle sår for å komme videre, og ikke minst for å overleve ...
«Åpne sår» er en mørk og åndeløst spennende reise inn under huden på Camille Preaker og hennes svært dysfunksjonelle familie. Romanen regnes som en av de sterkeste krimdebutene i USA på mange år, og innkasserte både en Edgar-nominasjon og to Dagger-priser.

................................................................................................................
Eg har lese berre ei bok av denne forfattaren før, nemleg "Flink pike", ei bok som somme elskar, andre hatar. Eg likte den. Om ikkje " Åpne sår" er fullt så bra, så har eg likt den også. Den handlar også om ganske "sjuke" folk. Eg var heile tida overtydd om at eg visste kven mordaren var, men vart likevel overraska då løysinga kom.
Boka er på berre 7 CD plater, og sidan Nils var på eit møte no i kveld, nytta eg høvet til å lese dei to siste. Opplesaren er flink, og det er ikkje mykje folk å halde orden på.
Eg må til mi unnskyldning seie at eg strikka flittig heile tida!

Dagbok 2016: 8.februar

Klokka er snart 18.00, temperaturen er +3 grader og kvar denne dagen har blitt av, veit ikkje eg. Dagane går som ein røyk anten ein gjer noko eller ikkje.
I dag har eg ikkje gjort stort, men vi måtte ein liten tur til Vik, mellom anna så måtte eg ha blekk til skrivaren-og då er det Clas Ohlson som får besøk.Nils hadde avtale med ei dame han skulle snakke  med, og eg trefte ei anna som eg prata med.
Då vi kom heim kokte vi poteter og åt spekemat. Det blei ein liten bokpause før vi drakk kaffi.
Eg skreiv årsmelding til pensjonistlaget i går, men måtte flikke litt på den i dag, såpass eg fekk det inn på to sider. Fekk litt trøbbel fordi eg ville ha det inn på eitt ark, men skal ikkje gå i detaljar. No er alt i orden-men det tok litt tid.
Eg held på med ei bok som eg har planer om å lese ferdig i løpet av kvelden, og så har eg ein klesvask på gang. Merkeleg kor ein dag kan forsvinne utan at det hender noko særleg. Nils skal på møte i kveld-det er politikken som kallar.

søndag, februar 07, 2016

Dagbok 2016: 7.februar

Klokka er 17.00. temperaturen er + 7 grader C og det er skya opphaldsvêr. Eg var nettopp ut på altanen og tok bilda.
I dag hadde eg ein liten jobb å gjere; eg skulle skrive årsmelding for Pensjonistlaget, vi skal ha årsmøte komande onsdag. Mens eg skreiv tok Nils seg ein tur ut for å sjå etter båten . Eg rakk også å rydde litt i huset og lage remuladesaus mens han var vekke. I dag skulle vi ha steikt kolkjeft/ lysing til middag, med heimelaga remulade, noko som Nils er veldig glad i. 
Maten var god og vi et enorme mengder når vi har slik god fisk. Eg steiker den med skinnet på, slik at det blir godt brunt og sprøtt. Det er berre eitt aber: lukt av steikt fisk i huset i timesvis etterpå, ja, eg synes heile meg osar steikt fisk. Må vaske håret i løpet av dagen/kvelden!
Elles har eg begynt på ei ny bok, men har ikkje lese meir enn ei plate enno. Og så har eg strikka litt. Viss eg har nok trykksverte i hus, skal eg trykke opp årsmeldinga i løpet av kvelden.
Eg ser ikkje den norske serien "Mammon"-blir så lei av slike grå/svarte bilde. Vi har no farge-TV eigentleg. Men eg tek opp diverse program som eg har i bakhand, det er meir sosialt å sjå TV enn å lese når ein er to.
Nils har vore ut på tilbygget og rota i snøen slik at den skal smelte fortare, det skal visst bli kaldare på sikt.


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...