onsdag, februar 10, 2016

Dagbok 2016: 10.februar.


Klokka er 19.15, temperaturen er + 3 grader og Sylvi Listhaug på TV. Vi er nettopp komne heim frå pensjonistmøtet.
I dag har det stort sett dreia seg om pensjonistmøtet. Etter morgonstellet var vi på Bakk-Ola og henta songbøker, så var vi på Amfi og handla før vi stilte på Kulturhuset for borddekking m.m.
Vi rakk heimom for å ete lunsj, kvile litt og kle oss om før vi for på møte klokka 15.30.
Der var ikkje så mykje folk som sist, kanskje fordi det var årsmøte? Alle er visst redde for å bli valde til noko, sjølv om alle som står på val er spurde på førehand.
Dei som møtte fram fekk i alle fall nyte musikk med høgt nivå; Morten Bollerud på trekkspel og Øystein Salhus på fiolin. Dei spelte m.a. "Vinteren" av Vivaldi.
Ei av dei som var på møtet kom frå biblioteket med to bøker som dei hadde lagt av til meg, så no blir det meir ripping.
I morgon går føremiddagen med til å skrive referat, men så skal vi ikkje ha nytt møte før i april! I mars inviterer Rotary og Inner Wheel alle pensjonistane til "fest".

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...