onsdag, januar 13, 2016

Dagbok 2016: 13.januar

Klokka er snart 17.00, temperaturen minus 2 grader, og det er overskya. Det hadde kome bitte litt snø sist natt også, men ingen ting å mòke, heldigvis.
I dag skulle Nils filetere fisk, og eg manna meg opp for å lage fiskegrateng. Det var ei stund sidan sist no, og det vart litt meir styr enn vanleg. Eg hadde veken ferdigkokokt makaroni eller ferdigrensa purre i frysaren, nemlig. Det er litt rot med det, men no har vi middag i to dagar, så i morgon når vi kjem frå møtet er det berre å varme i mikrobølgeomnen. Eg har så mykje makaroni i at vi slepp å ha poteter til, men råraspa gulrot er eit must.
Vi åt middag relativt tidleg, og så vart det pause på sofaen med lydbok, og så var den dagen over. Sjølv om dagane er litt lysare enn ved juletider, så er dei framleis korte.
Eg står no i ferd med å friskmelde meg sjølv og eg har så smått begynt å strikke litt innimellom.
Vi har hatt lang ferie frå pensjonistlaget no, men så blir det ein del å gjere no fram imot årsmøtet i februar. Kva tid eg skal begynne treninga på Fysikalske bestemmer eg sjølv. Det er bra å vere nøydd til å komme seg ut, elles vert dørstokkmila fryktelig lang.
Trur eg må ha ein tur på Plantasjen for å få litt farge i stova, smått stell med blomster no.

tirsdag, januar 12, 2016

Dagbok 2016: 12.januar.

Klokka er 17.45, det er overskya og minus 1 grad i følge mobilen min. Eg har ikkje vore lenger enn ned i kjellaren i dag.
Nils for ut for å fiske sei i 10-tida i lag med kamerat Kjell, men dei fekk ikkje så veldig mykje. Heldigvis, hadde eg så nær sagt, for det er mykje arbeid med filetering etc. også. Ja, det er ikkje eg som gjer det arbeidet altså.
Mens Nils var vekke fekk eg vaska relativt grundig på kjøkken og bad, samt lagt i hop klesvask. Energien strekk ikkje til store arbeidsoppgåver. Den forkjølinga sit jammen i.
I dag hadde vi oppattvarma suppe frå i går og det var veldig lettvint og greitt. Etterpå somna vi, eg på sofaen, han i reclineren.
Slik går no dagane, og dei går fort, altfor fort eigentleg.
Kan aldri hugse å ha sett så mykje TV som denne vinteren, har ikkje bøker som fristar, og må ta det med ro når det gjeld strikking på grunn av sitteproblem. Det var litt fint og lyst nokre dagar, men bo er det bekmørkt igjen. Her er det såpass mykje snø at det er glatt på vegane her oppe hos oss, men vi har ikkje montert opp sparken-det kunne vi kanskje ha gjort.
Begynte så vidt på ei ny bok i dag, men eg trur eg får begynne på begynnelsen igjen...........

mandag, januar 11, 2016

Bok nr. 4 - 2016: Borgermesteren



Om boka: Dette er historien om en suksessfull mann som ikke kan rømme fra fortiden. Michael Henchard har i tyve år holdt på en dyster hemmelighet: i fyllerus på et landsbymarked solgte han sin kone Susan til en sjømann. Nå er Henchard en respektert borgermester i byen Casterbridge, og plutselig er kona tilbake i byen.
****

Thomas Hardy er ikke den britiske forfatteren som er mest kjent i Norge, har jeg inntrykk av… Men for noen år tilbake så jeg filmatiseringen av The Mayor of Casterbridge, som den heter på originalspråket, også snublet jeg altså over den på Ordflyt også. Jeg hadde antageligvis ikke tatt fatt på papirutgaven, men terskelen for å starte på bøker på lydbok er litt lavere for meg…
Den handler altså om Michael Henchard, som i en blanding av stolthet, frustrasjon og fyll presterer å selge kona og babyen sin til høystbydende på et marked. Nærmere tjue år senere sporer Susan og datteren han opp igjen, og han har opparbeidet seg en stilling som borgermester i småbyen Casterbridge. Han har naturlig nok ikke fortalt noen om at han solgte kona si, og nå er altså fortiden tilbake for hjemsøke han. Men jeg synes allikevel at den beskrivelsen er litt knapp, for boka strekker seg langt lenger enn som så.
Kona er nemlig ikke Henchards eneste problem. Samtidig har han «kompromitert» en kvinne i en annen by og derfor ødelagt ryktet hennes, og det eneste «riktige» å gjøre i en slik situasjon er naturligvis å gifte seg med henne. Dessuten kommer skotten Donald Farfae til Casterbridge, og han viser seg å være en likandes kar. Kanskje litt for likandes… Er Henchards stilling som borgermester i fare? Og hvordan skal han håndtere det faktum at den nå nesten voksne datteren tror at sjømannen han solgte henne til er hennes ekte far?
........................................................................
Boka kom ut første gong i 1886-noko eg har tatt omsyn til under lesinga. Eg har lese den mest av litteraturhistorisk interesse, for forfattaren var populær i si samtid. Margrete kjem til å lese boka snart, og ho er mykje betre inn i engelsk litteraturhistorie, så eg overlet til henne å vurdere boka.
Elles vil eg no berømme forfattaren for å få til så mykje hibbel og dramatikk med eit så begrensa persongalleri.

Dagbok 2016: 11.januar

Klokka er snart 18.00. Temperaturen er 0 grader og det er overskya. Sat og rota med mobilen ein dag, og fann noko som heiter "VÆR" som no ligg på opningssida. Lurer på om eg må betale for det?  Eg får i alle fall ikkje til å fjerne det. Typisk meg.
I dag gjorde vi brennsnuten/ betasuppa  nesten ferdig før vi tok ein tur nedover. Eg hadde ærend på legesenteret der eg fekk utskrift av røntgenundersøkinga 23.nov. Eg var så dum at eg trudde dei ville sende den til meg- men den låg i luka. Så var eg innom fysikalske med rekvisisjon og diagnose, men der var det eit litt underleg system. Har ein rekvisisjon er det lang ventetid, men trening etc. kan ein få på dagen. Ja, eg gjorde no ein avtale med ein av fysioterapeutane eg kjenner frå før.Eg ventar litt med treninga til eg er heilt frisk av forkjølinga i alle fall.
På Amfi hamstra eg hårpleieprodukt på parfymeriet og hadde ein lang prat med butikksjefen som eg kjenner godt frå før.
Mat handla vi på Coop, det var stort sett kjedelige ting.
Då vi kom heim laga vi ferdig suppa, men utsette måltidet til ca 15.30 då Margrete kom. Det var hennar tur å køyre jentene på ballett i dag.
Det var godt å kome seg ut aldri så lite i dag, og det var ikkje kaldt. Har ikkje vore ute for ei dør på ei veke. I dag har det i grunnen vore akkurat passelig temperatur, men det kjem til å bli mildare etter kvart - i følge mobilen min.

søndag, januar 10, 2016

Dagbok 2016: 10.januar


Klokka er 17.00, temperaturen er minus 3 grader, og det kjennest nokså "varmt" ut- eg var så vidt ut på trappa.
I dag gjekk Nils ein tur i skogen, men eg vart att heime, er enno ikkje heilt god etter forkjølinga, men eg ikkje SJUK i den forstand. Mens eg var ger åleine fekk eg vaska og rydda kjøleskapet, både kjøle- og frysedelen. Så fekk eg bra oversikt over kva vi har og kva vi må kjøpe.
Nils kokte lange til middag i dag, det likar vi begge, og så slepp ein å bli så tungt mett når ein sit i ro. Elles driv eg framleis og les på den noko "gammaldagse" boka som Margrete lånte på biblio.
Eitt år det var så langvarig kulde dreiv vi og laga islykter og hadde på trappa. I går fann eg på at eg skulle lage ei slik mens det enno var kaldt. Det er ein enkel prosess, ei plastspann med vatn og noko mindre, fylt med stein inni. denne gongen pynta eg opp med ein orkide og nokre eføyblad inne i isen.
Kveite lykta då det vart mørkt, og den lyste fint.........å ta bilde av den var verre. Tok den ikk på kjøkkenet til slutt.
I dag fekk vi melding om styremøte i pensjonistlaget komande torsdag, så no er det slutt på vår ferie også. Det er godt å kome i gang med noko etter ein så lang "ferie".



lørdag, januar 09, 2016

Dagbok 2016: 9.januar

Klokka går mot 19.00. Temperaturen ute er minus 11-12 grader C og vêret er like fint som før.
I dag kjende eg meg ganske frisk for første gong på lenge, så eg dusja og vaska håret med tanke på ein tur til Vik. Men så feiga eg ut. Det var for kaldt til å ta laus. Ingen ting er så kaldt som ein kald bil, og vi har mat så vi klarer oss til mandag.
Eg fann ut at eg kunne bake brød, for no var der ikkje mange att i frysaren, Nils var heldig og fann eitt i går. Elles har eg gjort lite og ingen ting til nytte.
Eg har hatt litt problem med "sitteknuten" så då kan eg ikkje strikke. Derfor har eg stått attmed kjøkkenbenken og lese lydbok mens eg løyser kryssord og sudoku.
Vi hadde ein Grandis i frysaren, det blei middagsmaten i dag. Eg gler meg til det blir tomt i skuffer og skap, slik at eg kan få rydda skikkelig opp.
I dag har eg ikkje tatt bilde av fjelle og sola, men den var her i dag også.
I dag er det John Per sin bursdag. Av oss fire søskenbarna på Eid var han den yngste, og det er han vel framleis, sjølv om han har passert 70. Då han var liten og dei budde på Hildegard, brukte vi å hauste juletreet på bursdagen hans. Dei flytta til Sørumsand i 1954 og John Per bur framleis i huset som foreldra bygde.
Gratulerer med dagen, John- Per!
Dette bildet må vere tatt rett etter krigen, på altanen ved apoteket. Vi ser bortover mot Almenningen. Der ser heilt annleis ut i dag. Det er frå venstre: Svein, eg, Ellen Marie og John Per.
Dette boildet viser same gjengen noko seinare. Det er tatt ved Ålfothuset, og der flytta vi inn i juni 1953. Svein er ikkje med på bildet, så han har nok vore fotograf. Eg hugsar at han var tidleg ute med å kjøpe seg kamera. (Dette bildet blei sikkert tatt i ein sommarferie.)

fredag, januar 08, 2016

Dagbok 2016: 8.januar


Vi har same fine vêret, men dei to gradestokkane våre viser ikkje det same. På den eine er det minus 10 grader, den andre viser minus 12 grader C. Sola kryp lenger nedetter fjellsida for kvar dag, men finevêret varer nok ikkkje til vi får sola.
I dag var eg oppe i skikkelig tid, og har vore relativt aktiv. Det var så fint og tørt i dag at eg tok sjansen på å bytte på sengane og lufte sengkleda. Eg har høyrt at for å få bukt med sengemidden skal sengkleda henge ute i minusgrader, det gjorde dei i dag. Men madrassane vart ikkje med ut, så han gøymde seg nok der.
Og så var det berre å sette i gang vaskemaskin og tørketrommel, orka ikkje å henge ut klede i denne kulden-ikkje tørkar dei heller. No er kleda ferdig tørka, og eg skal stryke og legge på plass.
Nils skulle på eit møte klokka 12.00, og då steikte eg ferdig middagsfisken og sette den i steikomnen. Så i dag hadde vi "skikkelig" middag.
Etterpå låg eg på sofaen med lydbok-og då somna eg sjølvsagt. Eg er framleis slapp og trøtt etter denne sykja eg har/ har hatt. Den heng lenge i. Helst vil eg berre sove- men gjer det ikkje.
Det blir ikkje så mykje spennande å fortelje om når eg berre går inne i hus og rotar, men alt har ein ende- også forkjølingar. Lengtar litt etter åkome ut i frisk luft og i lag med folk. (Men det kan godt bli litt mildare først.)
Eg har ikkje vore inn på rette dagane sidan før jul, men no har eg funne ut at det er fredag, så då vil eg ønske alle ei god helg!

NB: Eg tek nye bilde kvar dag, sjølv om dei er til forveksling like dei frå dagen før.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...