Klokka er snart 18.00. Temperaturen er 0 grader og det er overskya. Sat og rota med mobilen ein dag, og fann noko som heiter "VÆR" som no ligg på opningssida. Lurer på om eg må betale for det? Eg får i alle fall ikkje til å fjerne det. Typisk meg.
I dag gjorde vi brennsnuten/ betasuppa nesten ferdig før vi tok ein tur nedover. Eg hadde ærend på legesenteret der eg fekk utskrift av røntgenundersøkinga 23.nov. Eg var så dum at eg trudde dei ville sende den til meg- men den låg i luka. Så var eg innom fysikalske med rekvisisjon og diagnose, men der var det eit litt underleg system. Har ein rekvisisjon er det lang ventetid, men trening etc. kan ein få på dagen. Ja, eg gjorde no ein avtale med ein av fysioterapeutane eg kjenner frå før.Eg ventar litt med treninga til eg er heilt frisk av forkjølinga i alle fall.
På Amfi hamstra eg hårpleieprodukt på parfymeriet og hadde ein lang prat med butikksjefen som eg kjenner godt frå før.
Mat handla vi på Coop, det var stort sett kjedelige ting.
Då vi kom heim laga vi ferdig suppa, men utsette måltidet til ca 15.30 då Margrete kom. Det var hennar tur å køyre jentene på ballett i dag.
Det var godt å kome seg ut aldri så lite i dag, og det var ikkje kaldt. Har ikkje vore ute for ei dør på ei veke. I dag har det i grunnen vore akkurat passelig temperatur, men det kjem til å bli mildare etter kvart - i følge mobilen min.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar