onsdag, oktober 22, 2014

Dagbok 2014: 22.oktober

Klokka har passert 18.00, temperaturen er + 7 grader C og akkurat no er det opplett. Tidlegare i dag var det regn og grått. Nils var nedover og fekk klipt håret sitt før middag, eg vaska eit par golv etc. Nils tykte vi kunne reise til Fosnavågen i dag og kjøpe fiskesaker før vi legg om til vinterdekk, og eg seier sjeldan nei til ein tur.
Det er fint med ein tur ut til havet, der himmelen er vidare og mindre grå. Mykje fin natur er det også å sjå. Men når det gjeld byane i fylket vårt, kjem ikkje Fosnavåg på topp. Dei driv og lagar betre veg utover, og dei har bygt mange store flotte bygningar i sjøkanten, men gatene er smale, bratte og kronglete på alle måtar, og det er nesten umulig å finne parkeringsplass.
Første stopp var Dyrkorn-butikken, ein velutstyrt fiskevegnbutikk som ligg i det området som eg kallar "Sibir" - på grunn av dei falleferdige og stygge murbygningane rundt omkring. Men Nils fekk det han ville ha, 50 kveiteonglar med forsyn.
Så var det å finne seg ein kafe, og vi enda opp der vi plar ete, på Nina Kafe, eller Pelican Rouge, som den heiter på fint. Der kjøpte vi lunsj-bufet, i dag med berre kalde rettar: Kylling, reker, egg, grønsaker etc.etc. Vi fekk ete så mykje vi ville for 80 kr kvar; med brød til blei det eit skikkelig måltid. Og så kjøpte vi oss kaffi etterpå.
Vi var enige om at vi trong ikkje gå på butikkar, vi har det vi treng, men vi måtte no sjå det nye kulturhuset og Thon-hotellet. Dvs. vi gjekk ikkje inn. Det er innvigd, men dei jobbar framleis i og rundt bygget. Det er mange bilde i Regionavisa i dag.







Alltid når vi reiser utover ser vi skiltet til Torvik der Hurtigruta legg til, og i dag ville vi sjå korleis der såg ut. Vi køyrde til vegs ende utan å sjå kaia, men Nils prata med ei postdame som fortalde kvar Herøy-terminalen låg. Det var ei kjempestor kai, men terrorberedskapen var ikkje noko særleg, for vi kunne køyre heilt ned på kaia utan at nokon brydde seg. I det fjerne såg vi Ulsteinvik.



Om det ikkje er så vakkert midt i byen Fosnavåg, er det mange fine og idylliske stader rundt omkring på øyane i Herøy kommune.Her er eit glimt frå Torvik.

Nina kafe
(bildet under) Lett å kjenne/finne på grunn av  den raude fargen.

På heimvegen stoppa vi på PEKAS i Myrvågane, der har dei alltid noko vi treng. I dag fann Nils seg ein stamp til å ha fisk i og eg fann litt småtteri til huset. Vegg i vegg låg ein stor, fin Kiwibutikk, der eg fekk kjøpt melk, det einaste vi trong i dag. Då vi kom til Ørsta var eg innom biblio og henta eit par bøker.
Vi har vore i full sving sidan vi kom heim. Nils har knytt forsyn på onglane sine, og gjort klart til at feiaren skal kome i morgon. Eg har stort sett site ved datamaskina, blogga og rippa bøker. Innimellom har eg kokt graut, det gjer vi når vi har melk som er ute på dato.



50 onglar-49 forsyn.



tirsdag, oktober 21, 2014

Dagbok 2014: 21.oktober

Klokka er ca 20.00, temperaturen ute er + 14 grader C. I dag har det vore overskya og opplett, men då eg var ute og gjekk tur mellom klokka 17.30 og 18.30, kjende eg nokre regndropar på slutten av turen.
Denne dagen har vi ikkje vore så aktive. Nils var til Volda før middag, og mens han var vekke fekk eg farga håret mitt, strikka litt og lese lydboka.
Til lunsj vart det krabbe i dag også, for Jørn kom med fire stk. i går kveld, tre av dei var det ganske mykje mat i.
Etter lunsj slappa vi av litt og så drakk vi kaffi, før Nils måtte på møte i VØR der han er vararepresentant. Dei plar alltid få pizza på dei møta, så vi bestemte oss for å droppe middagen.
Eg strikka ferdig eit lestepar og festa trådar, las ferdig lydboka, blogga om den, og så gjekk eg tur.
Det viste seg at dei ikkje hadde fått pizza likevel, og eg var svolten, så då var det berre å lage skikkelig middag med steikt sei, poteter og gulrot. Ein rett som aldri går av moten her i huset. Godt var det med skikkelig mat etter all reste-etinga. No er det tid for kaffi. Døgnrytmen vår er sånn litt ymse! Somme dagar et vi middag klokka 12.00-andre dagar på kveldstid. Det er friheit!

Bok nr. 67 -2014 : Vann til elefantene


Fra Lydbokforlagets side:«Vann til elefantene» er en spennende historie med sirkuslivet som burlesk bakteppe, men mest av alt er det en uforglemmelig fortelling om kjærlighet og vennskap – og om å ha mot til å gjøre det rette.

23 år gammel befinner Jacob Jankowski seg plutselig foreldreløs og pengelens i depresjonstidens USA. Tilfeldighetene kaster ham på et tog som tilhører Benzini-brødrenes beryktede sirkus. Det blir et møte med en helt ny verden for den unge Jacob. En verden full av vanskapninger og klovner. En verden der uante farer truer, og der den festlige fasaden skjuler fattigdom, nød og ulykke. En verden der Jacob endelig får oppleve den store kjærligheten ...

...............................................................
Det har kome få nye lydbøker til biblioteket i det siste. Derfor har eg nytta høvet til å lese om att bøker som eg har likt godt. Krim egnar seg ikkje til å lese om att, då må det i tilfelle vere "nogo attåt".
Denne sirkusboka likte eg godt då eg las den, og den skuffa ikkje no heller. Som eg har skrive så mange gonger før, hugsar eg ikkje godt, så det var nesten som å lese den for første gong. Boka handlar, som det går fram av omtalen, om sirkusliv i USA i mellomkrigstida. Det er vanskeleg å få arbeid, og for somme blir løysinga å reise rundt med sirkus. Direktørane er ikkje alltid så humane, og både menneske og dyr lid mykje vondt. Forfattaren har plukka blant sirkushistorier frå røyndommen og integrert dei i teksten. Han har gjort grundig research, så boka har også historisk verdi. Eg anbefaler boka, for dei som er imot dyr på sirkus, og for dei som er for, og for alle som er glade i dyr.Ja, boka handlar ikkje berre om dyr, sjølvsagt, menneska er vel viktigast. Historia om elefanten Rosie er kostelig. "Rosie" er ein elefant som verkeleg har levd, men under eit anna namn.
Boka er filmatisert, eg har ikkje sett filmen og veit ikkje om eg vil sjå den. Likar godt min eigen "film".

mandag, oktober 20, 2014

Dagbok 2014: 20.oktober

Klokka er 17.45. Temperaturen er + 11 grader C, det er heilgrått og regn. Eg har vore inne heile dagen og er ikkje frista til å gå ut no heller.Inne har eg det både varmt og lyst, så her er godt å vere.
Nils ville så gjerne ha sei med seg til Kongsberg, så han reiste på sjøen klokka 8.00 i dag tidlig. Og i dag var han heldig og fekk bra fangst, så no har han noko å gi bort.
Mens han var vekke, bakte eg 6 grovbrød. Før likte eg ikkje å bake, men no går det fint, etter "Solveig -metoden". Eg lagar deigen i miksaren, som før, men så kjem det smarte: Eg har eit bakeunderlag som eg har kjøpt på Clas. Eg tømmer litt olivenolje på underlaget og så deigen. Olivenolje på hendene-og så bakar eg ut brøda, utan eit gram mjøl på hender eller underlag. Hendene er like reine, med unntak av olivenoljen. Eg brukar raude silikonformer frå Jernia, som eg ikkje treng å smørje eller vaske. Det blir veldig lite søl på denne måten, og det er fort gjort å rydde opp. Bakeunderlaget er det berre å tørke av med ein klut. Det eg må passe på er å lage deigen ganske fast frå begynnelsen av.
Til lunsj i dag åt vi krabben som vi fekk med Jørn i går, der var ikkje mykje mat i den, trur her er for mykje krabbe i fjorden.
Etter at vi hadde slappa av litt, laga eg glasur og hadde på gulrotkakene, la i hop ein klesvask etc.etc.
Nils har filetert all seien. Og så planlegg han korleis vi skal få alt med oss. Dei har allereie hatt snø i Kongsberg, og vi må sjølvsagt byte til vinterdekk før vi fer.

søndag, oktober 19, 2014

Dagbok 2014: 19.oktober.

Klokka er 17.45, temperaturen ute er + 11 grader C, det er heilgrått og det regnar.
Slik har det ikkje vore i heile dag; før middag kom sola fram og det var fint ute. Men eg var ikkje i form til å gå tur i dag, eg reagerer på fuktig vêr, så Nils gikk ein tur opp mot Skåla utan meg. Eg skulle lage glasur til eit par gulrotkaker, men mangla melis, så eg laga ei anna kake i staden. Den er no i frysaren.Så får eg kjøpe meir melis i morgon.
Etter at eg hadde rydda og vaska opp, ringde eg til ei veninne, og så var Nils heime att og vi laga middag. Det blei ein "rest" frå frysaren i dag også, men no er der berre ein ferdigmiddag att. Og takk for det.
Elles har det ikkje skjedd så mykje i dag, eg har lege på sofaen og lese litt, og tatt det veldig med ro. No fristar det lite å gå ut i alle fall. Og så er det noko som heiter "kviledag"- sjølv om eg har inntrykk av at alle andre på min alder bestig det eine fjellet føre og det andre etter.I alle fall på FB.Skulle gjerne ha vore i form til det, men det er eg ikkje.
I dag kom Jørn med krabbar til oss, Nils har kokt dei, og så får vi sjå i morgon om der er noko inni.

lørdag, oktober 18, 2014

Dagbok 2014: 18.oktober

Klokka er 15.45. Temperaturen ute er + 10 grader C, det er overskya og  regn. Surt og kaldt kjennest det etter alt det fine vêret og den varme sola som vi er blitt vane med.I dag hadde eg diverse å styre med før vi for nedover. Og før vi stakk innom Amfi var vi ein tur ut på Rjåneshamna. Matias har teke båten sin på land, så NIls flytta sin båt bort på Matias sin plass. Grunnen? Jau, då kjem vår båt med på Web-cam bilda frå hamna. Mens han heldt på med det gjekk eg ein tur på stigen. Sist eg var der bles det herleg fønvind, i dag gjekk vinden , som ikkje var særleg sterk, til marg og bein.

På desse benkane var der vi sat og drakk kaffi i sommar, då vi måtte ut til sjøen for å kjøle oss ned. Trist at sommaren er så kort, for min del kunne det godt ha vore sommar heile året.

Etter at Nils hadde gjort seg ferdig med flyttinga reiste vi inn på Amfi og trakka rundt litt. Trefte Ruth og Harald, blant andre, og prata litt med dei.Det vesle vi skulle ha, kjøpte vi på Bunnpris. Heime varma vi opp siste resten av brennsnuten frå tysdag. Om det er å seie: brennsnut er best før den har vore i frysaren. Akkurat som anna mat. Denne veka som kjem  blir det vel mest å tømme frysar og kjøleskap for diverse matrestar.
Det blir ikkje noko meir tur med meg i dag. Verkte veldig i beina etter turen i går, men det gav seg utpå kvelden, og i dag er eg bra. Alt som går over er lite å bry seg om.
Fredags- og laurdagskveldane går mykje opp i å sjå TV, og eg må ta opp "Skal vi danse", for eg skal sjå "Stjernekamp". Dei få programma eg ser på TV 2, tek eg opp og ser på hurtigspoling, så slepp eg reklame og tørrprat.

fredag, oktober 17, 2014

Dagbok 2014: 17.oktober

Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa.
I dag var vi ikkje oppe så tidleg, så føremiddagen vart kort. Eg fekk vaska og støvsuga det som stod att frå i går, og så tok vi oss ein tidleg lunsj.
Kvar skulle turen gå i dag? For ut måtte vi, kanskje er det siste solskinnsdagen på lenge. Kven veit ? Vi bestemte oss for Volda, men først var vi ein tur inn på Clas og fekk ein tilgodelapp då vi leverte tilbake den mislykka kasserollen. På Coop i Furene kjøpte vi ein litt mindre og billegare.
Har sett at Ruth og Harald har gått tur på Andaneset, så det ville vi prøve. Vi køyrde inn til bommen, og gjekk på gamlevegen inn til tunnelen.(Den armen av tunnelen som går inn til gardane på neset, ikkje den som endar i Hjartåbygda) Vegen er heilt flat så det var ikkje noko problem på den måten, men føtene mine er ikkje gode. I dag angra eg verkelg på at eg ikkje hadde tatt med kamera, for der var så nydeleg der inne. Trea hadde framleis mykje lauv i vakre haustfargar.
Men jammen er det bra at vi har fått tunnel gjennom Rotsethornet, for fjellsida ovafor gamlevegen ser alt anna enn trygg ut. Og steinar låg der på vegkanten heile strekninga, mange veldig store. Tenkte på at der køyrde vi før, somme gonger. Andre måtte køyre der kvar dag, fram og tilbake.

Utsikt over Voldafjorden, utover.

Denne garden ligg fint til på neset, ikkje langt frå tunnelopninga, så dei har kort veg til Volda.

Her ser vi Folkestad til venstre i bildet.

Nils skulle finne seg ein ile til lina si. Her var bra utval.
No har vi ein kjøpepizza i omnen, det blir middagen i dag. Og så ønsker vi alle ei nydeleg helg.
( Alle bilda er tatt med mobil).

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...