Klokka er 17.45. Temperaturen er + 11 grader C, det er heilgrått og regn. Eg har vore inne heile dagen og er ikkje frista til å gå ut no heller.Inne har eg det både varmt og lyst, så her er godt å vere.
Nils ville så gjerne ha sei med seg til Kongsberg, så han reiste på sjøen klokka 8.00 i dag tidlig. Og i dag var han heldig og fekk bra fangst, så no har han noko å gi bort.
Mens han var vekke, bakte eg 6 grovbrød. Før likte eg ikkje å bake, men no går det fint, etter "Solveig -metoden". Eg lagar deigen i miksaren, som før, men så kjem det smarte: Eg har eit bakeunderlag som eg har kjøpt på Clas. Eg tømmer litt olivenolje på underlaget og så deigen. Olivenolje på hendene-og så bakar eg ut brøda, utan eit gram mjøl på hender eller underlag. Hendene er like reine, med unntak av olivenoljen. Eg brukar raude silikonformer frå Jernia, som eg ikkje treng å smørje eller vaske. Det blir veldig lite søl på denne måten, og det er fort gjort å rydde opp. Bakeunderlaget er det berre å tørke av med ein klut. Det eg må passe på er å lage deigen ganske fast frå begynnelsen av.
Til lunsj i dag åt vi krabben som vi fekk med Jørn i går, der var ikkje mykje mat i den, trur her er for mykje krabbe i fjorden.
Etter at vi hadde slappa av litt, laga eg glasur og hadde på gulrotkakene, la i hop ein klesvask etc.etc.
Nils har filetert all seien. Og så planlegg han korleis vi skal få alt med oss. Dei har allereie hatt snø i Kongsberg, og vi må sjølvsagt byte til vinterdekk før vi fer.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
1 kommentar:
Førre veke lærte eg elevane å bake fletteloff. Den veka får eg tørre hender! Så kjem eg på å finne litt olivenolje iskåpet. Betre "hudkrem" finst ikkje!
Legg inn en kommentar