søndag, oktober 05, 2014

Dagbok 2014: 5.oktober

Klokka er 18.45. Temperaturen ute er + 13 grader. For ein time eller to sidan var det mykje varmare. Før middag var det regn og grått, men etter middag klårna det opp og sola kom fram. Vi hadde som ein mistanke om at finevêret ville kome utpå dagen, derfor gjorde vi middagen klar tidleg. I dag var det fårikål på menyen, og sidan det ikkje klårna opp før maten vart ferdig, åt vi tidlig. Vi åt opp alt, og det var bra, for eg er ikkje glad i restar. Fårikålen smakte heilt perfekt. Og det gjorde også middagsluren på sofaen etterpå.
DÅ skein det opp og vi skulle ut! Eg var ikkje i form til langtur, så eg gjekk ei runde her på Vallabøen; Nils reiste til Volda for å sjå Eirik m/fl. sparke fotball.Der er han framleis.
Det var eit underlig vêr mens eg var ute. Sola skein, men eg kunne sjå at det regna inne i dalane. Regnboge var der også. No er heile himmelen som gull. Håper at det varslar finevêr i morgon. (Alle bilda er tatt på same tid. Det øvste mot aust, dei andre mot vest.)






Bok nr.63 - 2014: Sommeren uten menn

 
        Mia og Boris har vært gift i 30 år. En dag finner Boris ut at han trenger en pause. Pausen viser seg å være fransk, ung og yppig. Det er duket for et sammenbrudd for den forsmådde Mia.    
Mia legges inn på psykiatrisk avdeling for en kortere periode. Deretter forlater hun hjemmet i Brooklyn, New York for å tilbringe sommeren hos moren i Bonden, småbyen hun kommer fra, et sted i Midtvesten.
Mia går gjennom hele følelsesregisteret, fra sammenbrudd og gråt, til hyl, raseri og bitter ironi
Levd liv og heftige diskusjonerI Bonden, sammen med moren og en lesesirkel bestående av hennes aldrende venninner - "de fem svanene", som de gamle damene kalles, damer som "lever intenst i nuet" - og sammen med en gruppe på sju jenter tidlig i tenårene, som Mia underviser i poesi, kommer vår heltinne langsomt til hektene igjen. Og det blir slett ingen begivenhetsløs sommer. De gamle kvinnene, inkludert moren til Mia, bærer alle sammen med seg sine liv og sine hemmeligheter som stiger opp til overflaten. Og blant de unge jentene som skal lære seg å skrive poesi, syder det av konflikter, konstellasjoner, sårhet og en helt egen og fascinerende mangel på empati som man gjerne finner i unge tenåringsjenter.

...................................................................................

For det første har eg brukt altfor lang tid på denne vesle boka på berre 5 CD-plater.

For det andre har eg hatt litt problem med å halde tråden, kanskje fordi eg har lese for lite om gongen, kanskje fordi opplesaren les litt for fort, for meg, eller kanskje fordi handlinga er litt springande.

For dei som vil lese denne boka, vil eg anbefale å lese den på papir, eller/og lese om den på nettet først. (Det er noko eg sjeldan gjer, men skulle ønske eg hadde gjor det denne gongen.) Eg ser ikkje bort frå at eg kan kome til å lese boka om att, for den er verkeleg bra. Såpass mykje fekk eg med meg.
Forfattaren er fødd i USA av norske foreldre og gift med den kjende amerikanske forfattaren Paul Auster.

lørdag, oktober 04, 2014

Dagbok 2014: 4.oktober



Klokka er 16.00, temperaturen + 19 grader C og no har det begynt å blåse. Vi skal vel få ein porsjon til med vind og regn, reknar eg med.
I dag har vi berre surra og sosa og rekt.
Det begynte med at Nils skulle treffe Knut Amundgård på Amfi frå 11-12. Eg gjorde meg klar til han skulle kome heim, men då han kom var klokka nesten 13.00. Så det vart ein litt forseinka handletur på oss i dag.
Første stopp var G-sport på Spinneriet. Der hadde dei skorne som dei ikkje hadde her, og eg utstyrte meg med gode vintersko, laga for glatte vegar.På sal. Så var eg på garnbutikken og handla litt lestegarn. Vi hadde parkert slik at vi gjekk forbi Gjenbrukbutikken, så vi måtte inn der og kike. Butikken er todelt; i den eine delen var der skikkelig fint, og ei hyggelig dame. Ho viste oss ei brun melkeflaske, slik som vi kjøpte melk i den første tida vi var gifte. No går dei glatt for 50 kr/stk. Gamle Norgesglas er også ettertrakta.
Der var veldig mykje fint, og butikken var ryddig og innbydande. Eit flott middagsservise med blå blomster stod på eit bord. Berre synd at ein har altfor mykje frå før. Men Nils fann noko som dama ikkje visste kva var. Eg har aldri sett ein slik, men forstod med ein gong at det var ein "VRE", for Nils har forklart meg før at dei brukte ein slik når dei batt garn for å få maskene like. Han fekk kjøpe den for 10 kr. Der var mange fine skåler og fat, men eg kan ikkje kjøpe meir til meg sjølv, og ikkje kan eg true inn på andre heller.
Då var klokka så mykje at Nils var svolten, det blir han ofte i Volda, så vi måtte ha kinamat. I dag var "dama vår" på kafeen. Og ho hjelpte oss å finne ein rett vi ikkje har kjøpt før. Og den var god. Så intervjua ho oss, for ho synest ho kjenner oss godt no, ho fekk vite ALT. Om alder, inntekt, hus osb. Ho snakkar godt norsk, og det er artig å snakke med henne.
På heimvegen var vi innom den nye REMA 1000-butikken på Ose og handla matvarene der. Den var innreidd om lag på same måten som Lidl-butikkane var, med tre lange reolar, om lag som Rema i Ulsteinvik, men større.
Langa som Nils hadde salta på til i dag, får vi ete ein annan gong. I kveld blir det vel mykje TV, men eg har i grunnen lyst ut ein tur først. Litt seint på dag å begynne i hagen, kanskje. Men så fint !
Dette er ein vre- om lag så stor som mobilen min. Reknar med at namnet er lokalt, og at det heiter noko heilt anna her.Garnnål har han frå før.

fredag, oktober 03, 2014

Dagbok 2014: 3.oktober

Klokka er 21.20. Temperaturen er + 11 grader C og det regnar. Tidlegare i dag bles det kraftig, så eg var litt skeptisk når det galdt flyturen til Ingeborg.Ho reiste med toget frå Kristiansand til Oslo og skulle ta flyet til Hovden. Så enkelt vart det ikkje.


Sjølv gjorde eg litt husarbeid før middag, men klokka 12.00 var vi på plass på Kulturhuset for å dekke bord til Eldredag-feiringa.
Åt litt lunsj då vi kom heim, for vi rekna med å forlate pensjonistmøtet før maten kom på bordet. Det skjedde heller ikkje.
Det var kjekt å sette seg lengst bak i salen i dag, utan penn og blokk. Ved samme bord sat redaktøren i Møre-Nytt, han hadde vel ikkje fått andre til å ta jobben klokka 16.00 på ein fredag. HAN hadde penn og blokk + eit avansert kamera, så denne gongen blir det ein skikkelig reportasje i avisa med store bilde.
Programmet gikk greitt, og så kom maten på bordet.
I mellomtida hadde vi fått melding frå Margrete om at Ingeborg hadde måtta ta flyet til Vigra, fordi dei ikkje kunne lande her,  grunna vinden. Slikt skjer ikkje ofte!
I staden for å vente på bussen, køyrde Margrete, Eirik og Erlend til Festøya og henta Ingeborg der.
Vi køyrde eit par pensjonistar heim, og var ein liten tur heimom før vi møtte gjengen på Rosabella. Vi hadde bestilt ein pizza som var klar då dei kom. Eg visste at dei var svoltne.Ein stor pizza til gjekk også med.
Kjekt å sjå att Ingeborg-ja, dei andre også, men dei såg vi sist sundag også. Amanda var ikkje med, ho er på konfirmantleir. Såg på FB at Olaug jr. er komen att frå Berlin. Godt når alle er vel heime, men det er alltid nokon som er ute og fartar.
Så ønsker eg alle som er innom bloggen ei GOD HELG ! og for dei som har haustferie blir det i tillegg: GOD FERIE !

torsdag, oktober 02, 2014

Dagbok 2014: 2.oktober.

Dagens turmål: Kvilebenken.

Klokka er no18.15, temperaturen ute er + 13 grader og det er fint lettskya vêr.Vi har nettopp ete middag, så eg har sofaen i sikte.
I dag før middag støvsuga eg og vaska til helga, sidan vi blir opptekne med pensjonistlaget i heile morgon, nesten.
Etter at eg var ferdig med husarbeidet, var vi ein tur til Vik, der vi mellom anna handla på rabattlappane frå Coop. Då vi kom heim var vêret så fint at eg ville vere ute, Nils hadde vore ute og jobba før middag, så han fekk ikkje vere med på tur.
I dag ville eg prøve meg på skogsvegane til tross for at eg er i svært dårlig form etter å ha site i ro heile sommaren. Forma er skikkelig dårlig og alle bakkar er blitt mykje lengre og brattare berre sidan sist vår, pusten er heller ikkje noko å skryte av.
Den tida eg gikk mykje oppe i skogsvegane åleine og vasa, gav Nils og eg våre eigne namn til vegane, slik at han skulle finne meg att om eg trong  hjelp. På kartet heiter alle vegane Fonnavegen.
I dag gjekk eg opp Fonnavegen, og svinga ut "Raudhyttevegen" og gjekk ut til kvilebenken. Ein veldig liten tur for dei spreke-ein Amerika-tur for meg. Men eg fullførte og kom meg heim heil og rein, med kamera og det heile.

Raudhyttevegen -tilbaketur.

Raudehytta.
Området utanfor Raudehytta brukar Nils og eg å kalle Hiroshima, fordi der ser heilt bomba ut etter at orkanen Dagmar rasa for nokre år sidan. Men naturen lækjer vel dette såret også.


                                         Millionærsvingen.
(Fonnavegen) På denne tomta stod det før ein flott enebolig, no er den riven og det er sett opp to nye hus, med fire leilegheiter i kvart.

Og her ser eg ned i Starevegen. Legg merke til dei to bjørkene til venstre i bildet. Den eine heilt brun, den andre nesten grøn.

Ikkje før var eg komen heim att, så måtte eg til å steike fisk.

onsdag, oktober 01, 2014

Dagbok 2014: 1.oktober

Klokka er snart 20.00, temperaturen ute er +10 grader C og det er regn og grått, dvs. det er rett og slett mørkt no. September er over, men oktober kan også bli fin- eg misser aldri trua på fine haustdagar.
I dag før middag laga er to store porsjonar med blandaballj, vi hadde til middag i dag, og så har vi tre middagar til i frysaren.
Nils var til synskontroll hos optikaren i dag, og han såg minst like godt som for to år sidan. Han fekk til og med lov å køyre bil utan briller. Grunnen til denne undersøkinga er at han skal fornye sertifikatet. No fekk han attest frå optikaren, som han kan ta med til legen.
I tillegg til å lage ballj har eg berre rydda litt, shina opp kjøkkenet og stoppa sokkar..... Føler meg meir og meir som ei gammaldags husmor, og lever godt med det.
Fredag er det pensjonistmøte, og så kjem Ingeborg heim. Har ikkje sett henne sidan februar.

Bok nr.62 - 2014: Jeg har et teppe i tusen farger.


- Det er så fint å snakke om mat med deg, mamma.
- Lage det, spise det, snakke om det. Men husker du at jeg noen gang tok deg på fanget og koste med deg? Var nær deg?
Jeg rakk akkurat å la mitt eget blikk flyte vekk før det møtte hennes.
- Ikke akkurat husker, men du leste veldig mye for meg, sa jeg.
Nå hadde jeg havnet på dypt vann, jeg skjønte det med det samme ordene forlot munnen.
- Herregud … For en mor jeg har vært. Leste! Som om det kan erstatte kjærlighet.

Anne B. Ragde har skrevet frem et motsetningsfylt portrett av en sterk og kompromissløs alenemor med jobb som maskinkjører på en plastposefabrikk, en kvinne med en stor, men ubenyttet intellektuell kapasitet og en usvikelig tro på høyresiden i norsk politikk, kombinert med en usedvanlig evne til å trylle frem overdådige måltider fra et tomt spiskammer. Denne kvinnen er Annes danske mor, Birte, som døde på senvinteren i 2012. Med humor og kjærlighet skildrer Ragde gode og onde dager fra oppveksten i Trondheim før og etter foreldrenes skilsmisse, og fra årene da Anne selv flyttet hjemmefra og stiftet familie. Den siste tiden Birte levde, var preget av unødige lidelser på et underbemannet sykehjem. Det var rystende å se sin egen mor dø som en fremmedgjort og uverdig pasient.
.............................................................
Etter som eg har lese mange av Ragde sine bøker, og sett og høyrt henne i fleire intervju, synest eg nesten at eg kjenner henne.Det er ein av grunnane til at eg synest det var interessant å lese denne boka. Her fortel ho først og fremst om mor si, som ikkje akkurat var ein A 4 -person. Eg har lenge tenkt å lese om att "Arsenikktårnet" , som er hennar beste bok. Las den for lenge sidan, men vil lese den om att no når eg veit at den handlar om bestemor hennar, og mora sin barndom.
"Jeg har eit teppe........" er ei bok som eg likte godt. Den fortel i tillegg til den personlige historia, også mykje om korleis dagleglivet har endra seg for dei fleste her i landet.Den handlar også om eldreomsorga . Anbefalt.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...