fredag, mars 21, 2014

Dagbok 2014: 21.mars

Klokka er nosnart 19.30. Ute er det regn og vind og heilt ufyselig vêr. Eg blir trøtt og vêrsjuk av heile greia.Temperaturen er 4,3 grader C. 
Som den realist/pessimist eg er, har eg venta på at vinteren skulle kome i mars-april, etter ein eviglang haust/vår med behagelig vêr og temperaturar. Og no kom altså det vi ikkje ville ha. Eg blir trøtt og uopplagt av heile greia. Godt at eg hadde tatt helgevasken i går, elles hadde det vel ikkje blitt.
I dag var vi først nedover og handla inn mat, då hadde vi ikkje vore på butikk sidan laurdagen. Godt å ete tomt litt.
Då vi kom heim, var det såpass fint ute at Nils kunne hente heim båten, men ute i hamna bles det. Han leverte motoren til reparasjon og tok båten heim for vask og stell, den har lege ute heile vinteren.
Mens han var vekke laga eg god middag. Eg laga steikte kyllingfiletar med ris, salat og jornøttsaus (peanøttsaus). Fekk endelig prøvd ut den nye riskokaren eg fekk av Solveig til morsdag, og den funka heilt fint. Etter middag somna eg med lydboka på sofaen. Var så vidt vaken då ei av veninnene mine ringde.
No blir det vel TV resten av kvelden.Har eit lite strikketøy å henge fingrane borti. Har litt att av lyboka som eg har lagt inn på bloggen. "Kritikken" kjem seinare.
For dei som ikkje har fått det med seg er det Downs syndromdagen i dag. Spent på kva dag det er i morgon.
I alle fall ønsker eg alle blogglesarar ei GOD  HELG !

Bok nr. 18 - 2014: Hvit panter

Høyt tempo, fargerike karakterer og ulidelig spennende til siste side! «Hvit panter» er Øystein Wiiks tredje thriller i serien om Tom Hartmann.
Skipsreder Herman Nordahl omkommer i en brann i leiligheten sin. Ved obduksjonen viser det seg at han har vært utsatt for tortur med et redskap kalt Somalisk Jomfru, hyppig brukt i afrikanske diktaturer.
Pastor Hellener, familiepresten, som skulle forrette ved Nordahls begravelse, dukker aldri opp i kirken og blir funnet livløs i en skiløype i Lillomarka. En papirløs, døvstum gutt blir kidnappet. Tom Hartmanns ekskone, Cathrine Price får oppgaven med å løse mysteriet.

Samtidig befinner Tom Hartmann seg i Den arabiske gulf om bord i oljetankeren Fenris Fighter for å skrive en roman. Tankeren blir kapret av somaliske pirater under ledelse av en mystisk skikkelse kalt Den tilslørte. Det skal snart vise seg at dette ikke er noen vanlig kapring. En farlig aksjon er i gang, en aksjon som lenge har vært et fryktet scenario, men som ingen har våget å gjennomføre - inntil nå. Kan Tom Hartmann hindre katastrofen?

Øystein Wiik har skrive fire kriminalromanar:
Dødelig applaua
Slakteren
Hvit panter
Casanovasyndromet

Eg har no lese tre av dei, berre Slakteren står att
Dei to første eg las har vore elleville eventyr, særlig Casanovasyndromet, men Hvit panter er litt meir realistisk, sjølv om den er fantasifull nok. Den er også litt ryddigare og lettare å halde orden på enn dei eg har lese før. Her er  mange handlingar og ikkje alle er parallelle, men det gikk greitt.
Det eg likar med bøkene til Ø.W er det frodige spåket og det at han les så godt. Sjølv om denne boka også er eventyr, er den litt finurlig også, og litt samfunnskritisk, som seg hør og bør. Men mest er den just for fun. No har eg vor på biblioteket og henta heim enda ein underhaldningsroman: Hemmeligheter av Kate Morton.

torsdag, mars 20, 2014

Dagbok 2014: 20 mars.


Klokka har passert 17.30, temperaturen ute er +4,6  grader C og det regnar. Freistar ikkje å gå ut, så eg stakk så vidt kamera ut altandøra og knipsa eit bilde før det mørknar. Dette vêret likar eg ikkje. Likar ikkje å gå ute i regnet, så det har vore enda ein innedag. Skulle ut og gå tur i går, men då var det brått mørkt. Det er slikt som kan skje når ein får litt datatrøbbel, då går tida fortare enn berekna.
Det vart ikkje til at Nils fekk ta opp båten i dag heller. Men i morgon skal det skje. Han har avtalt med reparatør. Ja,ja, så går vel den dagen.
I dag var eg relativt flittig før middag. Fekk vaska og støvsuga til helga, skrive referat frå møtet sist onsdag og så steikte eg sei til middag. Vaskemaskina har også jobba på, og trommelen; ikkje råd å tørke klede ute i dette vêret. No skal eg legge i hop kleda. Elles har eg lese litt i lydboka mi. Latmannsliv ! 
No håper eg ar mildvêret varer så lenge at snøen blir heilt borte, så vi kan starte med hagearbeid når det lettar opp.Vi var i grunnen godt i gang før snøfallet kom. Forresten likar eg snø-men berre om vinteren.
I dag kan vi gratulere Ivar med dagen. Han er som vanlig to år eldre enn eg.

onsdag, mars 19, 2014

Dagbok 2014: 19.mars

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 3 grader C, det er overskya, for det meste opplett, men litt regn har det også vore.
Før middag gjorde eg litt husarbeid etc. før eg møtte på styremøte i pensjonistlaget. Dette var første styremøtet etter årsmøtet, derfor var også varamedlemmene med, og Nils er vara både i pensjonistlaget og eldrerådet, så i dag stilte vi sterkt.
Til middag i dag hadde vi restar frå måndag, det var for så vidt planlagt.
Vi åt, kvilte, drakk kaffi ....og dermed var vi komne langt utpå ettermiddagen. Sidan Nils hadde noko å gjere i garasjen, vart eg sittande med lydbok og strikketøy. Blei endelig ferdig med labb nr.1 - strikkar til "Føden" i Volda. Men eg skal finne meg ei anna oppskrift og kjøpe mjukare garn, dersom eg skal halde fram med prosjektet. Kjekt å ha noko på hendene når eg les lydbok, får ikkje til å sitte rett opp og ned mens eg les. No vurderer eg å gå ein tur, med bok på øyret, før det mørknar.
I morgon må Nils ta opp båten. Dei var litt uheldige i går og køyrde på ei rot som låg i sjøen, under vasskorpa. Vi kunne reist ut i dag, men det er best å dra båten opp på flo sjø. Påhengsmotoren har trulig fått ein skade. Ja, det er vel slikt ein må rekne med, at det skjer eitt eller anna.Når det ikkje er noko verre, får ein berre ta det med ro.
Den 19.mars 1878 blei farmora mi fødd, og eg hugsar at vi brukte å samlast på Hildegard når ho hadde fødselsdag. Det året ho fylte 70 år var det stor stas. Då hadde dei leigt fotograf som kom og tok bilde av heile storfamilien.Eg hadde lapp med meg på skulen, for eg måtte gå før skuleslutt den dagen.Siste fødselsdagen eg var med og feira var 90-årsdagen. Ho rakk å bli 91 år, men siste tida var ho på sjukeheim.Eg tenker litt ekstra på bestemor den 19.mars.

tirsdag, mars 18, 2014

Dagbok 2014: 18.mars.


Klokka er ca 16.30. Temperaturen ute er +5 grader C, og det har vore eit nydelig vêr i heile dag.Nils og kamerat Kjell for på sjøen for å fiske i 8-tida, og eg vart att heime. Når eg har huset for meg sjølv plar det gå ut over både tak og vegger, og i dag bestemte eg meg for å ta "glasskapet" på stova. Nokre glas brukar vi ofte, men andre blir mest  ståande og samle støv. I dag vart skapet tømt, og alt som trong ein vask fekk det. Hadde i grunnen tenkt å ta dei andre skapa i same slengen, men så vart det så fin sol ute at eg berre MÅTTE ut. Tok den vanlige runda, som vanligvis tek mindre enn ein time; i dag tok den to. Møtte mange kjende og vart ståande å prate med dei. Veldig koselig, det. Elles så hadde eg no lydbok med meg i tilfelle eg vart gåande åleine. Då eg kom heim, var Nils komen att, fiskefangsten var ikkje overveldande, men vi har så vi klarer oss. Nils hadde kokt kaffi, så småseimiddagen har vi til gode.Eg la meg på sofaen for å kvile beina litt, og heldt på å bli liggande.Gikk nesten i koma på grunn av varme. Her blir utrulig heitt inne når sola står på.Og dei kapittela eg las mens eg kvilte, trur eg må repeterast. Synest det er litt slitsomt å drage på det store kameraet når eg går tur, i tillegg til lydbok, mobil etc. , så det blir bilde frå altanen og trappa i dag også. Det øvste bildet er tatt rett mot sola, har lært eit lite triks av naboen.

mandag, mars 17, 2014

Dagbok 2014: 17.mars


 Klokka har passert 19.30, og eg har hatt litt av eit strev for å komme meg inn på bloggen min, såpass eg kan skrive eit nytt innlegg. Eg er av og til lettsindig med å trykke på tastar for både det eine og det andre utan å vite kva eg gjer, så no trur eg begge maskinene våre treng ei skikkelig reingjering.Apropos så tok Nils ein liten sjekk på varmepumpa i dag, og den vart meir effektiv etterpå.
Så var det vêret- i dag har vi hatt litt av kvart, våde snø, sol og vind, men det er mindre snø enn i går, trur eg. Eg har ikkje vore ute i dag.
Det første eg gjorde i dag var å lage dessert. Det er sjelden vare her i huset, men eg fekk lyst å prøve å lage slik dessert som eg fekk hos ei veninne førre veka. Det gjekk bra, nem neste gong eg lagar den, skal eg justere litt.
Elles tørka eg støv og pussa vindu på innsida. Det var ikkje mykje hjelp i, for det var på utsida dei var skitne. Middagen var nesten ferdig frå før, det einaste eg hadde å gjere var å lage brun saus.
Det var berre Margrete som kom i dag, men ho fekk med seg mat heim til ungane. Det er no berre to av dei som bur heime no.
Elles går dagane fortare enn eg likar å tenke på. Med lesingav bøker, chatting på PC og diverse husarbeid - det går an å kombinere..... Skulle ønske eg hadde kome i gang med diverse oppgåver som står på vent- men det er ikkje nok å ønske.

søndag, mars 16, 2014

Dagbok 2014: 16.mars

Klokka er ca 19.00. Temperaturen ute er +1-2 grader C og det er full vinter og masse snø, av den heller våte sorten. Men det blir vel ingen lang vinter denne gongen. Det går mot vår uansett.
At eg likar dette ville vere å overdrive.
I dag har eg ikkje vore ute for ei dør, men Nils var ute og moka snø før middag. Eg dreiv å laga diverse mat til i dag og til i morgon, så eg var for det meste på kjøkkenet. Elles har eg lese ut boka "Papirgutten", og strikka ferdig eit par lestar. No trur eg at eg har brukt opp det meste av garnrestane.
Til middag i dag hadde vi steikt kveite med heimelaga remuladesaus, Det er noko Nils likar betre enn eg; eg er ikkje glad i kveite, men no har vi heller ikkje meir.
I morgon ventar vi Margrete, og ev. ein son eller to, til middag. Onsdag er det styremøte i pensjonistlaget, denne gongen skal også vara- vere med, så då blir Nils og eg på samme møtet.
Han stiller forresten opp som hjelpar på alle møta, så vi stiller sterkt.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...