søndag, mai 05, 2013

Dagbok 2013: 5.mai.

Holmane.
Klokka slo nettopp seks slag (18.00). Ute er det overskya, +11 grader C og nokre få regndropar av og til. Vi er nettopp komne heim frå ein liten tur. Vi var eit "ærend" bort på terminalen, og etterpå gikk vi ein tur langs Rossåa.
 Tømmer til utskiping.
 Eg hadde sjølvsagt med meg kamera og tok ei rekke meir og mindre vellykka bilde. Vi køyrde bort til ungdomsskulen og gjekk langs elva . Sidan sist eg gikk der, var det kome ei fin bru over til andre sida, der eldhuset ligg. I dag var det så stor fjøre at vi kunne gå nesten tørrskodde til Smørholmen, som ligg midt i Ose-elva, der er eldgammal skog og hekkeplass for mange fuglar.
Bru over Rossåa.
Rossåa møter Ose-elva.
Heile dette området ligg nær Velle skule så eg skulle vere lommekjent her, men mykje nytt har kome til i i seinare tid; fotballbaner, plasthall for fotball og ridehall.I "gamle dagar" var heile Holmane eit urørt området der vi tok elevane med for å lære om alle slags blomster og plantar.Ja, heldigvis er ikkje heile området øydelagt.
Her ser vi ned til Velle skule og yrkesskulen.Den  blå hallen er ridehall.
 
Før middag i dag, måtte Nils ta seg av fisken han fiska i går, det er ikkje så kaldt no lenger at den kan henge på dagesvis. Han mol opp 3,2 kilo fisk, som eg laga fiskekaker av. Det blei også middag i dag.
Dessutan kokte han kraft på ryggbeina og flaus, slik at vi kan lage fiskesuppe på kort varsel.Vi har ein del prefabrikert mat i frysaren no, som  gjer at det blir mange lettvinte måltid framover. Nils har sett på ein fotballkamp, så eg vurderer å gå ein tur med bok på øyret.

lørdag, mai 04, 2013

Dagbok 2013: 4.mai

Morgon og kveld.
Klokka er ca 18.00. Ute er det overskya og nokre regndropar no, opplett før i dag. Temperaturen er +11 grader C. Ei stund i dag var den oppe i +16 grader C- men då var det like før vi vart for heite. Sola var så vidt framme då.
Nils var tidlig oppe i dag og for på sjøen lenge før eg var oppe. Han sette snikar og fiska med snøre. Har fekk ei lange, ei fin hyse og nokre seiar. Ikkje meir enn vi treng sjølve denne gongen, for her var det tomt. Vi likar å ha litt i frysaren, men ikkje meir enn vi klarer å ete unna.
Mens han var vekke vart det ikkje gjort så mykje, eg hengde ut og tok inn klede, strauk litt osv. Elles fekk eg rippa ei bok mens eg las ut den eg heldt på med.(Sjå førre innlegg).
Vi venta litt før vi for nedover, tenkte det minka litt på folka utover dagen. Men der tok vi feil. Der var fleire bilar enn nokon gong utanfor Amfi. Etter at eg hadde gjort unna ærenda mine på apoteket, køyrde vi bort på Rema 1000 og handla litt mat.
Vi gjekk ein tur etter at vi kom heim, men i dag var eg ikkje så spek, vart gåen i ryggen. Det er slikt som går over.Kjekt å gå tur i nærmiljøet, treffer folk og får vite litt av kvart om det som skjer i bygda. No ser det ut til at Nils skal sjå fotball på TV, så då kan eg begynne på ei ny bok, som eg ikkje har store forventningar til. Når ein berre les lydbøker, må ein finne seg i at utvalet ikkje er så stort alltid.

Bok nr. 22 - 2013: Operatøren.

Beskrivelse:
Den 1. april 1944 skulle Knut Hauglands liv vært over. Han unnslapp døden etter å ha skutt fire Gestapo-agenter. Da hadde han allerede vært sentral i tungtvannsaksjonen, etter å ha overvintret på Hardangervidda. Senere ble han Thor Heyerdahls nære venn, deltok på Kon-Tiki-ekspedisjonen og bygde opp det berømte museet.Knut Haugland har aldri fortalt sin historie. Før nå.
Knut Haugland døde i 2009, han vart fødd i 1917. Før han døde rakk han å fortelle historia si til Svein Sæter, som skreiv den ned.
Knut Haugland var med på både tungtvannsaksjonen og på Kon-Tiki-ekspedisjonen, og var den siste gjenlevande frå begge desse hendingane.
Han fortel historia si nøkternt og utan sentimentalitet. Sjølv om mykje av stoffet er kjent frå før, likte eg å lese denne boka. Den er svært lettlesen, han fortel enkelt og greitt kva som hende, utan å gjere det spesielt dramatisk eller problematisk. Han reflekterer heller ikkje så mykje over det som hende, der hadde eg venta meg litt meir etterpåklokskap.
Etter Kon-Tiki-ferda arbeidde han med å bygge opp Kon-Tiki- museet og Hjemmefrontmuseet.
Eg vil anbefale boka; sjølv om ein har høyrt mykje om hendingane, og sett filmar etc. har vi aldri høyrt Knut Haugland si eiga fortelling før.
Nils vil gjerne lese boka også, så vi har lånt papirutgåva til han.Og der er det bilde!

fredag, mai 03, 2013

Dagbok 2013: 3.mai

Klokka er 17.00. Bildet over er tatt klokka 14.00. Heile denne tida har det snødd trollkjerringar, men ikkje ei einaste ei ligg att på marka. Heldigvis. Av og til ser det ut som om det skal lette opp, men så aukar det opp att.Dette er omtrent det eg venta meg etter ein vinter så kald og tørr som eg ikkje kan hugse vi har hatt før. Men så er eg pessimist, då.Temperaturen ute er + 4 grader.
Det er ikkje så mykje ein kan få gjort slike dagar, eigentlig så er det vel hagearbeid som skulle stått på programmet?
Før middag gjorde vi oss klar for ei handlerunde på Amfi, det var i grunnen ikkje så mykje vi skulle ha, og sidan vi ikkje hadde skrive liste, gløymde vi eit par ting også. Slik er det når ein bur nær butikkar som er opne frå 7 om morgonen til 23 om kvelden, ein lærer ikkje å skjerpe seg. Dagens trim vart såleis eit par rundar på Amfi.Vi trefte sjølvsagt folk vi kjende, og det er alltid kjekt.
Då vi kom heim, laga eg ei nydelig fiskesuppe, om eg skal seie det sjølv, og så vart det påfølgande middagslur med lydbok. Eg har snart lese ut boka om Knut Haugland, og sidan vi måtte innom biblio i dag, lånte eg papirutgåva av boka til Nils.
Mens vi sat og drakk kaffi ved kjøkenbordet såg vi nokre fuglar som gjekk og rota på plenen til naboen. Dei likna på trost, men var kvite i brystet. Så var det fram med fugleboka. Ja, vi har fleire fuglebøker, men det er denne vi oftast tyr til.Nils kjøpte den i morsdagsgåve til meg då vi budde på Melle. Der var eg heime heile dagane og såg somme tider fuglar eg ikkje kjende, så eg ønska meg ei slik bok.Vi fann sjølvsagt fuglen, som er berre litt sjelden, nemlig ein ringtrost.
Dersom det lettar opp mot kveld må eg ha ein tur ut! Og så vil eg ønske alle ei god helg.
 

torsdag, mai 02, 2013

Dagbok 2013: 2.mai.

 Morgon og kveld.

Klokka nærmar seg 19.00. Temperaturen ute er + 7 grader C. Akkurat no er det lettskya og litt sol. I dag tidlig snødde det, ved middagstide hagla det, så i dag har vi hatt det variert. Inne har vi det varmt og godt, så vi lid inga naud. Har ikkje bestemt meg for om eg skal gå tur eller ikkje enno.
I dag har det ikkje skjedd så mykje. Før middag dreiv eg og støvsuga nokså grundig. Og så har eg hatt eit par høner å plukke. Trur det blir ei stund til neste gong. Kokte to store høner, den eine sette eg i steikomnen etter den var kokt og laga viltsaus til. Det kan eg hugse mamma gjorde ein gong, og eg har også gjort det før, men det er lenge sidan. Den andre høna vart berre kokt og reinska, så det er meininga det skal bli mulligatawnysuppe-ein gong. Krafta har vi silt og frose i porsjonar.
Elles har eg strikka litt og høyrt lydbok. Alle dagar er ikkje like innhaldsrike. I dag har det altså vore heimedag.
"Mellombror" på Kongsberg fyller 7 år i dag. Synd at vi/dei er så langt borte.Håper han kosar seg på dagen sin!
I dag er det 40 år sidan ungane og eg sykla frå Engeset til Vallabøen og stod på vegen og såg gravemaskina grave ut ei hole der huset vårt skulle stå. Solveig og Rasmus sykla sjølve, Margrete sat på med meg. Vêret var like guffent som det har vore i dag. Det snødde den gongen også.Vi flytta inn 14.desember same året.

Til Vebjørn.

 
Farmor og farfar gratulerer deg med sjuårsdagen ! Vi håper du får ein kjempefin dag!

onsdag, mai 01, 2013

Dagbok 2013: 1.mai

 
 
Sud om havet han stundom laut skrida
Der var rikdom på benkjer og bord
Men ikring såg han trældomen kvida
Og så vende han atter mot nord.

Lat no andre om storleiken kivast
Lat dei bragla med rikdom og høgd
Millom kaksar eg ikkje kan trivast
Millom jamningar helst er eg nøgd.
                      Ivar Aasen

GRATULERER MED DAGEN!
Klokka har passert 15.30, det er overskya og grått ute, litt vind og ca +7 grader C. Eg synest det er surt og kaldt !
Nils var ute og gjekk i flaggborg klokka 10-11. Eg var heime, bytte på sengane og vaska soverommet før han kom heim att. Han ville til Volda på møte klokka 12.00 og det vart til at eg blei med. Møtet var på ein liten sal i 1.etasje på Samfunnshuset. Der var dekka på småbord og det vart heilt stappfullt til slutt. Kjende att mange av lærarane mine frå DH-men kjende dei meg? Nå nei! Det har tross alt gått 25 år.
Hovudtrekkplasteret i dag var Theo Koritzinsky. Han heldt ei relativt lang men interessant tale. Han tok utgangspunkt i Ivar Aasens song "Nordmannen" (Mellom bakkar og berg:) _som det høver seg når ein er på desse kantar 200 år etter at Aasen vart fødd. Han hadde med to vers som eg knapt har høyrt før.Slik fekk han Aasen til å bli skikkelig raud-grøn. I mangel på pianist stilte han opp og spela til songane. I ei høvelig sangbar tonehøgd, noko som er nokså sjeldan der eg vankar.
Eg er litt plaga med at når eg høyrer på folk som talat, sit eg og "refererer" inne i haudet mitt. Det er nokså slitsomt.
Fredric Holen(Ap) frå Ørsta heldt ein flott appell. Han står på stortingslista for Møre og Romsdal. Så løp og stem. Det trengst ein ung, vakker mann på tinget.
Ein flyktning frå Sør- Sudan var fram og snakka for Amnesty International. Han har budd i Norge/Volda i eitt år, så norsken hans var ikkje perfekt, men vi fekk utdelt manus på korrekt nynorsk, det var trulig skrive av ei Volda-dame.
Han peika mellom anna på alle dei godene vi hadde i Norge, som er fråverande i heimlandet hans. Han hadde med seg kona si og ein liten gut på mindre enn 1 år.
Til slutt song vi Internasjonalen-på nynorsk. Det er ein ting som provoserer meg og det er at så mange songar vert omsett både til bokmål og nynorsk. Førre veka då vi skulle synge "Kom mai du skjønne milde..." heitte den brått  "Kom mai med blad og blomar......" Når ein song først er omsett til norsk (bokmål eller nynorsk), så la det vere med det !
Elles var Ørsta/Volda internasjonale folkedanslag der og underheldt, og ein ung gut spela gitar og song
Eg tok nokre bilde med knipsekamera, dei vart sjølvsagt ikkje gode, men eg likar ikkje å valse rundt som ein papparazzi heller.(Men no har eg skrive "referat")
Jammen var der att ein liten skvett suppe i dag også, så no har vi ete nok brennsnut for ei stund.
I dag fyller søskenbarnet mitt i Stryn 71 år. Gratulerer med dagen, Kjell!

Dagbok 2026: 14.oktober

                           Det blæs litt i dag. Fint å sjå himmelen i vest om kvelden Klokka er no17.30, temperaturen ute er +10 graderC, de...