tirsdag, mars 05, 2013

Dagbok 2013: 5.mars.


Klokka er 14.00, temperaturen er + 4 grader C,  det er overskya, men opplett. Vi har nettopp ete ein tidlig middag, det vart restar frå i går.
Sidan vi ikkje hadde noko spesielt på programmet i dag, vart det til at vi tok oss ein tur ut på Rjåneset; eg skulle gå ein "tur på stien" mens Nils fiksa noko på båten.Der ute er det heilt bert, men iskald vind og litt regn. For oss som ikkje er vant til vind her vi bur, kjendest det iskaldt ut, og vi vart der ikkje så lenge.
Men for å få litt meir mosjon, traska vi "rundt Storebakken" før vi gjekk i hus- då vi kom heim.
Så mykje har det ikkje hendt i dag. Men i morgon skal vi begge på utvida styremøte i pensjonistlaget, Nils skal også møte fordi han er vara. Etterpå skal vi på Dagkino og sjå "Victoria".
Det første vårteiknet såg eg i dag, bak rorbuene på Rjåneset. Blå primula veks ikkje vilt, så desse er nok planta.
I dag er det Tone på Hardbakke som har fødselsdag og vi gratulerer !

mandag, mars 04, 2013

Dagbok 2013: 4.mars.

Klokka er snart 21.00, temperaturen ute er + 3 grader C og det regnar litt. Eg trur framleis at det skal bli meir vinter og snø, men faktisk nærmar våren seg. Og det er no bra!
I dag reiste Ingeborg og veninna på "jordomseiling"- og resten av storfamilien kryssar alle fingrar for at det skal gå bra med dei.
Vi var ein tur nedover før middag, hadde ærend på biblio og på Amfi.
Etter at eg hadde lese ut "Jeg nekter", las eg boka om att ein gong til med det samme. Veit ikkje kor smart det var, men eg hadde ikkje noko anna som frista. Eg har alltid likt å lese bøker fleire gonger.
Menyen når Margrete og ungane kom i dag skulle vere erter, kjøt og flesk, men då vi høyrde at dei hadde hatt ball i går, la vi nye planar. Det vart heimelaga potetstappe og diverse sortar pølser. Godt det ogsåOg det passa veldig godt med slik vanlig mat sidan Amanda hadde med seg ei veninne.Nils skrelte alle potetene og laga stappa.
Tok eit bilde av bordet med det nye serviset, men utan mat. Til dessert hadde vi det populære samansuriet av krem, vaniljekrem, marengs og bær. Veit ikkje om den har noko namn.
No har eg lagt dei to bøkene eg fann på biblio i dag inn på datamaskina, og derifrå over på MP3, det tek si tid alt, men eg har strikketøyet langsmed.
Vi gratulerer Ingar med 3 -årsdagen i dag!

Ingar fyller tre år i dag.

I dag fyller det yngste barnebarnet vårt 3 år, og farfar og farmor gratulerer så mykje med dagen.
Bildet er tatt her hos oss i haustferien, sidan har dei ikkje vore her, men vi var i Kongsberg i november.
Ingar er ei snill og blid gut, og vi skulle gjerne hatt både han og resten av familien litt nærmare.
Håper dei får ein fin dag.

søndag, mars 03, 2013

Dagbok 2013: 3.mars

Klokka er snart halv sju, og denne dagen går over i historia. Ute er det snø og slaps, og lite fristande er det å gå ut. Nils har moka tunet for hand, eg har laga middag og rydda kjøkkenet.
I dag hadde vi sei i form, fritt etter Solveig si oppskrift. Det blei godt!  
Før eg begnte på middagen, las eg over referatet mitt, retta litt, og fekk sendt det til avisa. Eg fekk også rydda opp i nokre papir som har med pensjonistlaget å gjere.For å seie det slik, så har eg betre orden på PC-en enn i vanlige papir.
Elles har eg strikka bittelitte grann, og lese lydbok. Eg gløymde å gå på biblio i går, så eg hadde ikkje noko å starte på etter at eg hadde lese ut "Jeg nekter". Så eg begynte like godt å lese den om att- det var faktisk ikkje så dumt ! No er eg komen til plate nr.4 av 6.
I morgon fyller yngste barnebarnet 3 år, Ingeborg reiser på jordomseglingog og vi ventar Margrete og dei to yngste hit til middag. Eirik og bandet "Lommerosk" var med i UKM i Volda i går, og dei gikk vidare til finalen.Kva tid Solveig kjem heim frå London er eg ikkje sikker på, men dei skulle ikkje vere så lenge.

lørdag, mars 02, 2013

Bok nr. 10-11 - 2013: Jeg nekter.

To menn møtes tilfeldig en tidlig morgen på brua over til Ulvøya i Oslo. Tommy og Jim. De har ikke sett hverandre på femogtredve år, men en gang hadde de vært venner så langt tilbake de kunne huske. Et vennskap like naturlig som å puste. Men hva skjer hvis den ene plutselig får det for seg at et vennskap må fortjenes? Og i dag: Jim står og fisker på brua, og Tommy kommer kjørende i sin nye Mercedes. Er det ikke rart, sier han, at ting kan bli sånn, omvendt. Fortid møter nåtid i det døgnet vi følger dem, tidlig i september, 2006.

Dersom ein har lese "Ut og stjæle hester"- og likt den- vil ein også like denne. P P skriv eit enkelt språk, han fortel noko, men ikkje alt.Han fortel kva som skjer og kva som blir sagt, resten må vi tenke ut sjølve. Og boka går så avgjort i moll. Den er ikkje spennande kva handling angår, likevel er den nesten umulig å legge frå seg. Slutten er ingen "slutt". Eg har lese mange av bøkene til PP og eg elskar dei. Andre kan sjå annleis på det, men kritikkane av boka er strålande.
De finn mykje stoff om boka på nettet, men eg anbefaler å lese den først. Eg trur eg skal lese den ein gong til-den er på berre 6 CD-plater.
http://www.oktober.no/Boeker/Skjoennlitteratur/Romaner-noveller/Jeg-nekter

Dagbok 2013: 2.mars


Klokka er no vel  14.30, og vi har nettopp hatt oss eit herremåltid med steikt sild. Ute er det +2-3 grader C og vekselsvis regn, snø,sludd og hagl.Bilda av Ørstafjorden tok eg då vi var nedom Amfi og handla litt før middag. Ja, etter 3-4 månader med stort sett berre sol og finevêr føler eg at vêret er blitt meir normalt igjen. Og no kan vi roe ned og vere heime, kose oss inne.Det er litt stressande med så mykje fint vêr.(Men det er no det vi helst vil ha uansett.)
Vi hadde eit lite ærend nedover, for det var noko vi ikkje fekk tak i i går. Fekk ikkje tak i det i dag heller enda vi var innom to butikkar. Derimot møtte vi mykje kjekke folk på Amfi, nokre av dei hadde vi ikkje sett på lenge.
I dag er det UKM i Volda og Eirik og bandet Lommerosk deltek i år også. Skulle vore der og heia på han, men klarer ikkje lydnivået. Blir heilt dårlig når eg tenkjer på at desse ungdommane som spelar og høyrer på såg høg musikk, kjem til å ende opp med hørselsproblem og tinnitus.
I dag kan vi gratulere Marianne i Innvik med dagen. Ho vart fødd den tida vi budde på Engeset, så det begynner å bli nokre år sidan.
Nils har på TV-en og ser skirenn, eg har ikkje sett sport i det heile tatt denne vinteren, greier ikkje å få opp interessa.Det er så mykje heile tida.

fredag, mars 01, 2013

Dagbok 2013: 1.mars

Klokka har no passert 16.30 og vi har drukke kaffi. Middagskvila vart rimelig lang i dag; i tillegg til at vi var tidlig oppe, hadde vi fiskesuppe til middag. Det er reine sovemedisinen. Ute er det overskya, slaps og + 1,5 grader C. Det er så normalt for årstida som det kan bli og det er beroligande.
Før vi for nedover i dag, dampa eg genser nr.2, så når Solveig kjem heim frå London har eg ein jobb til henne.
Eg løyvde to buntar garn som eg var ned att med, og bytte til meg fire buntar lestegarn-ja, det vart faktisk til at eg måtte betale litt imellom. På Amfi trefte vi ikkje nokon som eg kjende, vi var vel for tidlig ute. Så tok vi ein tur til Volda på garnbutikken der; eg var ute etter reklamehefte for genserar etc. men fann ut at der er meir å finne på nettet. I påvente av bestilling skal eg strikke lester, orkar ikkje å sitte med hendene i fanget når eg ser TV. Kjøpte noko tynt lestgarn i Volda, ein sort eg har brukt før, og som er sterkt og godt.
Eg plar alltid vere rask å skrive referat frå møta i pensjonistlaget, plar sende dei til avisa på torsdag, då kjem dei ofte i laurdagsavisa. Sidan møtet var på torsdag denne gongen, er det ikkje noko som hastar, det kjem tidligast i tysdagsavisa uansett. Men det er ein fare med å utsette ting, så eg får vel ta meg sjølv i nakken. Det går greitt og fort unna berre eg set i gang.Nils har fått noko sild av ein nabo som han driv og sløyer.
No er det helg igjen, synest det er fredag veldig ofte. Det er vel annleis for dei som er i jobb.
Ønsker alle ei god helg, om det ikkje er så fint ute, kan ein ha det bra inne.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...