Klokka er snart halv sju, og denne dagen går over i historia. Ute er det snø og slaps, og lite fristande er det å gå ut. Nils har moka tunet for hand, eg har laga middag og rydda kjøkkenet.
I dag hadde vi sei i form, fritt etter Solveig si oppskrift. Det blei godt!
Før eg begnte på middagen, las eg over referatet mitt, retta litt, og fekk sendt det til avisa. Eg fekk også rydda opp i nokre papir som har med pensjonistlaget å gjere.For å seie det slik, så har eg betre orden på PC-en enn i vanlige papir.
Elles har eg strikka bittelitte grann, og lese lydbok. Eg gløymde å gå på biblio i går, så eg hadde ikkje noko å starte på etter at eg hadde lese ut "Jeg nekter". Så eg begynte like godt å lese den om att- det var faktisk ikkje så dumt ! No er eg komen til plate nr.4 av 6.
I morgon fyller yngste barnebarnet 3 år, Ingeborg reiser på jordomseglingog og vi ventar Margrete og dei to yngste hit til middag. Eirik og bandet "Lommerosk" var med i UKM i Volda i går, og dei gikk vidare til finalen.Kva tid Solveig kjem heim frå London er eg ikkje sikker på, men dei skulle ikkje vere så lenge.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025:15.desember
Eg saknar ikkje snøen, sjølv om eg synest det er fint med kvit jul. Men eg må rydde litt på tunet, ser eg. Klokka ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar