lørdag, mars 02, 2013
Dagbok 2013: 2.mars
Klokka er no vel 14.30, og vi har nettopp hatt oss eit herremåltid med steikt sild. Ute er det +2-3 grader C og vekselsvis regn, snø,sludd og hagl.Bilda av Ørstafjorden tok eg då vi var nedom Amfi og handla litt før middag. Ja, etter 3-4 månader med stort sett berre sol og finevêr føler eg at vêret er blitt meir normalt igjen. Og no kan vi roe ned og vere heime, kose oss inne.Det er litt stressande med så mykje fint vêr.(Men det er no det vi helst vil ha uansett.)
Vi hadde eit lite ærend nedover, for det var noko vi ikkje fekk tak i i går. Fekk ikkje tak i det i dag heller enda vi var innom to butikkar. Derimot møtte vi mykje kjekke folk på Amfi, nokre av dei hadde vi ikkje sett på lenge.
I dag er det UKM i Volda og Eirik og bandet Lommerosk deltek i år også. Skulle vore der og heia på han, men klarer ikkje lydnivået. Blir heilt dårlig når eg tenkjer på at desse ungdommane som spelar og høyrer på såg høg musikk, kjem til å ende opp med hørselsproblem og tinnitus.
I dag kan vi gratulere Marianne i Innvik med dagen. Ho vart fødd den tida vi budde på Engeset, så det begynner å bli nokre år sidan.
Nils har på TV-en og ser skirenn, eg har ikkje sett sport i det heile tatt denne vinteren, greier ikkje å få opp interessa.Det er så mykje heile tida.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 12.desember
Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar