onsdag, juli 04, 2012

Vêrmelding 4.juli - 2012

Klokka er no 20.30, det er lettskya, fint ver og temperaturen er +22 grader. Kan ikkje klage på veret då.
Nils stod opp klokka 5 i dag tidlig og for ut og drog linene. Han fekk ein del brosme, ei lange og to store lyrar. Der var også mykje pigghå på lina, men dei vart kasta uti att. I tillegg til å drage lina, fiska han etter sei på snella, og det blei kokt småsei både til oss og nokre av naboane i dag. Eg hadde akkurat ete frokost då han kom heim.
Eg brukte føremiddagen til å vaske og rydde litt i huset. Middagskvilda tok vi på altanen, og eg fekk lese ut boka mi. 
Margrete, Eirik og Amanda kom innom. Dei hadde vore på Melshornet ein tur. Dei er ivrige fjellgjengarar-særlig Margrete, trur eg. Etter eige ønske fekk dei berre kaffi, brus og is.Dermed fekk vi bytta bilar igjen, så no er "Trovågs lille røde" på plass igjen.
Rasmus ringde frå Lillehammer, dei er på Hunderfossen og ferierer, og lurte på om vi kom nedover. Sidan eg ikkje har vore heilt i form er det ikkje så lett å bestemme seg, sjølv om eg er mykje betre enn eg var.
Merkelig kor kjekt det er å få pakke i posten, sjølv om det er noko ein sjølv har bestilt og betalt.Eg har ofte ergra meg over at eg kan så lite "daglig-engelsk", så då eg såg denne boka hos Solveig, var eg ikkje sein om å bestille ei til meg sjølv. Så no skal det puggast her. Er faktisk overraska og glad over at eg forstår såpass som eg gjer. Har lært eit nytt uttrykk som eg synest er litt morsomt, visuelt, liksom:" No room to swing a cat". Tydinga seier seg vel sjølv? Kan opplyse om at boka kosta 140,-kr og ikkje har stive permar.

Bok nr.30 - 2012: Tilbakekomsten.


Tilbakekomsten - Håkan Nesser Nicolai Cleve Broch Elisabeth Bjørnson


Så har eg lese enda ei bok av Håkan Nesser. Denne kanskje litt "tyngre" enn den førre. Det som pregar bøkene til Nesser er i grunnen det store alvoret. Dei er ikkje særlig spennande, meir reflekterande. Kriminalinspektør Van Veeteren er ein alvorlig og grublande mann. Og det er på denne måten han løyser denne saka også. Han stiller fleire viktige moralske spørsmål undervegs.
Eg likte denne boka også, og den høver godt for lydbok sidan det er få personar og ei enkel handling. Denne gongen er det ei "cold case" som blir løyst.
Det er Nicolai Cleve Broch som les boka. Han les godt, men ikkje så bra som Finn Schau.
Om ein vil lese mindre dystre bøker av Håkan Nesser, vil eg anbefale "Kim Novak badet aldri i Genesaret sjø" og "Beretningen om herr Roos".

tirsdag, juli 03, 2012

Vêrmelding 3.juli - 2012

Klokka er snart halv åtte. Ute er det overskya, opplett og 17-18 grader C. 
Frå morgonen av og til ca klokka 14 var det strålande sol og blå himmel, så vi fekk oss ei stund på solsenga etter lunsj. På føremiddagen styrte vi litt i hagen, men eg må innrømme at eg har vore lat i dag (også), men så er eg blitt litt betre i hofta og foten m.m. Låg ganske lenge på solsenga og las, for det er sittinga som er verst.
Elles har eg ikkje mykje å skrive om i dag; vi har nettopp ete store mengder steikt fisk, lyr og sei, så no sit eg med kaffikoppen.
Skal skrive ferdig eit lite innlegg til avisa om pensjonistturen til Kongsberg i august.
Vi har ikkje meldt oss på den turen.
Nils har gjort klar linene sine og skal sette dei i kveld og drage i morgon.
Rasmus og fam. er på Hunderfossen.

Gratulerer med dagen, Solveig!


I dag fyller Solveig 49 år, og ho feirer dagen i Sverige, som så ofte før. På bilda eg har funne fram for å mimre om er ho fem år. Då var ho alt store-søster til to.Den sommaren Margrete vart fødd budde vi på Melle.Det eine bildet er frå sommaren, det andre frå hausten 1968.
Frå første stund var Solveig eit rolig og fredelig barn. Ho skreik lite, men var nokså alvorlig av seg.Ho var ikkje ein gong 1 1/2 år då ho blei storesøster, ei rolle som ho beherska frå første stund. Når eg la broren på stellebordet, gikk ho i skuffa og fann fram bleier, salve og anna som eg trong. Skreik han, så byssa ho korga. Solveig er født fornuftig og ansvarsmedviten og slik har ho vore heile livet. Då småsøskena vaks opp hadde eg mange gonger kjensle av at dei hadde meir respekt for Solveig enn for meg. Dessutan var ho mykje meir diplomatisk enn mora.(Men Margrete påstår at ho kneip!)
At ho vart lærar forundrar vel ingen, ho har nok hamna på rette hylla i livet. I tillegg har ho oppseda fire eigne barn med godt resultat, så vidt eg kan sjå.
Elles er matlaging ei av dei store interessene hennar, noko som ikkje syner att på figuren.Strikking har ho også tatt opp att etter mange år med dårlig skulder, og så er det hagestell om sommaren. Den einaste likskapen eg kan sjå med døtrene mine og meg er at vi alle tre likar å lese, og Solveig er den som les dei mest hardbarka krimbøkene, det er vel der ho tek ut dei meir "rampete" sidene sine.
Vi gratulerer så mykje med dagen, Solveig, og håper de har funne ein god restaurant og fått dokke noko godt i dag. Du må no feire at du er ung eit år til.

mandag, juli 02, 2012

Vêrmelding 2.juli - 2012

Klokka er 19.15, temperaturen er+ 16 grader C,og det er delvis skya og opphaldsvêr.
Eg har nettopp hatt meg ein runde i hagen for å sjå kva som blomstrar, og akkurat no står dei foredla storkenebblomstrane på sitt finaste; valmuane og irisane er på retur.  Men det eg såg aller best var at her skulle hus-og hagemora hatt seg ein dag eller to til å ordne opp. Det er sikkert andre som ser det same, derfor må eg forklare at eg ikkje er heilt oppe og går for tida. Etter å ha vore svært så sprek heile våren og sommaren, er eg no plaga med verk, så i dag kledde eg skikkelig godt på meg med ull både her og der i håp om at varme hjelper.
Elles har eg gått og småpusla inne i dag, baka brød for eksempel. Og så tok eg fram symaskina for å sy ei gardin og to dukar. Men der slo symaskina seg aldeles vrang, så eg fekk ikkje heilt fullført prosjektet. Den eine duken falda eg med hand mens eg las ut boka mi. Når eg er på butikken til Målar-Olav finn eg ofte fine gardinlengder som dei sel for 70 kr stk. Eg kjøper desse restane blant anna for å sy dukar og puter.
Så har eg plukka inn rabarbra, slik at det kan vekse opp nytt heile tida; tek vare på ferdig rensa og oppskåren rabarbra i frysaren, så kan eg lage kaker eller syltetøy m.m. seinare.
I dag fyller naboen vår 70 år, noko som ikkje er lett å sjå på henne, kunne ikkje tru ho var ein dag over 60 så sprek som ho er. Vi gratulerer henne med dagen.
Nils har funne seg ein fotballkamp på Zebra - og eg som var glad for at EM var slutt! Ja,ja, det er ikkje så rart at eg får lese mange bøker.
Kanskje somme hugsar at eg kjøpte ein fuchsia som heng ved inngangen vår? No har den begynt å blomstre. Nydelige blomster!

Bok nr.29 - 2012: Kvinnen med fødselsmerket.

Kvinnen med fødselsmerket
Då har eg lese ut enda ei bok; den var rett nok kort, berre 7 CD-plater. Veldig bra lesen av Finn Schau.
Har som ein liten mistanke om at eg har lese den før, men med min sviktande hukommelse gjer det ingen ting.
Dessutan likar eg veldig godt Håkan Nesser sine bøker-måten har skriv på. Denne boka høver veldig bra som lydbok, fordi den heile tida fokuserer på forbrytelsen og ikkje har så mange digresjonar.Som eg las i ei bokmelding på nettet er den "genialt enkel" - noko eg kan skrive under på.Tok med enda ei HN-bok frå biblio sist fredag-og kanskje har eg lese den før. Men der var særdeles dårlig utval den dagen.

søndag, juli 01, 2012

Vêrmelding 1.juli - 2012


Klokka er snart 20.00, og dagane går som ein røyk, sjølv om det ikkje skjer så mykje KVAR dag. Ute regnar det, og temperaturen er + 14 grader. Før middag var tempen oppe i 20 grader og det var tilløp til sol. 
Vi la ut på ein liten tur rundt Storebakken, men det tok si tid, for vi møtte mange hyggelige folk på vegen som vi prata med. 
I "Millionærsvingen" går arbeidet sin gang, men ikkje alt viser like godt att-som til dømes legging av drensrør.
Før vi kom heim hadde det alt skya over og det var like før regnet kom. Men ein må likevel beundre hagen i nummer 1. Den er like fin i gråver som i sol.
Det har blitt mykje sitting siste dagane, noko som ikkje er bra for meg. Eg er plaga med verk, og det var noko eg trudde eg var ferdig med.Så heldig var eg altså ikkje.
Etter middag måtte eg berre legge meg strak ut på sofaen-med lydbok.
Har fått melding om at Margrete og ungane er heime att i god behold. Det vart ein kort men hektisk ferie.


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...