I dag er det åtte år sidan Hassan kom til Norge, og det feira dei to fiskekameratane med å gi på tyrkisk restaurant og ete kebab. Hassan er opprinnelig frå Irak, men flykta frå landet og kom til Indonesia.Seinare kom han hit til Ørsta og har no norsk statsborgarskap. Nils vart kjend med Hassan for mange år sidan, då fiska dei begge på terminalkaia. Dei siste par åra har dei fiska i lag frå båten vår. Hassan er alltid blid og hjelpsom og likar seg godt i Ørsta.Vi kan gratulere Hassan med dagen. Han er no ein av våre nye landsmenn.
søndag, februar 06, 2011
Bok nr. 9 - 2011: Noen kjenner mitt navn
Frå 1500-1800-talet pågikk det vi kallar trekanthandelen. Britiske skip gikk ut frå Bristol og Liverpool med varer til Vest-Afrika.Varene var slike som våpen, brennevin og tekstilar.I Afrika bytte dei varene mot slavar, som innfødde slavejegerar hadde "fanga" inne i landet og ført ut til kysten under tvang. Slavane blei frakta ombord i skipa til Amerika og selde der, eller rettare- bytta mot varer som melasse til sukkerproduksjonen og rom. Med denne lasta gikk dei tilbake til England. På denne måten hadde skipa last heile tida og handelen vart svært lukrativ for dei som dreiv den.
Denne delen av historia er det forfattaren av Noen kjenner mitt navn har brukt som bakgrunn i forteljinga si. Mange forfatterar har gjort samme vrien i bøkene sine, brukt historiske fakta og sett inn fiktive personar på den historiske bakgrunnen.Men denne forfattaren gjer ikkje same feilen som dei fleste andre, han let ikkje personane bli borte i historia.Det er det som gjer at denne boka stiller i særklasse.
Vi møter først den aldrande Aminata Dialla i London i 1802. Då er ho komen dit for å vitne for abolisjonistane mot slavehandelen, og ho skal også få møte kongen, Charles 3. Ho er nokså skrøpelig i kroppen, men hovudet er like klårt som før. Ho har blitt oppmoda om å skrive ned heile den lange livshistoria si, og det har ho gjort. Det er den historia vi får lese eller høyre.Det er Aminata sjølv som har forteljestemma gjennom heile boka, det gjer at forfattaren held fokus og ikkje rotar seg bort.
Aminata vart fødd i 1745 i ein landsby i Vest-Afrika. Elleve år gammal blir ho fanga av slavejegerar og teken om bord i eit skip med kurs for Sør-Carolina, og slik hamnar ho på den andre sida av Atlanteren. Ho opplever mykje, både godt og vondt, men ho er ei gløgg jente som lærer seg både å lese og skrive, det er kanskje det som bergar henne?
Eg likte denne boka godt. Den er både lærerik, gripande og spennande. Den er lettlesen utan å vere platt, og høver godt som lydbok. Visst er her mange personar involvert, men dei "opptrer" ikkje på samme tid, så det går heilt greitt. Eg synest forfattaren har gjort ein genistrek når han klarer å formidle noko som er såpass vanskelig på ein så enkel måte. Denne boka har fått god kritikk og eg trur dei aller fleste vil like den godt.Det gjorde i alle fall eg. Den er på 14 CD-plater.
Eg vil gi honnør til opplesaren Kirsti Grundvig.

lørdag, februar 05, 2011
Vermelding 5.februar - 2011
Klokka er snart 14.00. Temperaturen er +3 grader C, det er opplett og akkurat no er sola gjennom skydekket.
Etter vinden som var sist natt, måtte vi ut og sjå etter båten.I hamna var alt i orden, men det var veldig høg flo. Det var lett å registrere på den gamle ferjekaia. Elles er det heilt bert der ute, nesten utrulig når ein ser kor mykje snø det er her inne.
Eg hadde eit ærend på biblioteket i dag også, men der var det lite nytt. Fann ei bok av Tove Nilsen, og så tok eg med meg Kvinnen i plast, til tross for at den ligg på eine MP 3-spelaren min. Margrete skreiv om den i går, så eg vart litt nyfiken. Har enno nokre plater att av den eg held på med.
Sidan vi fekk våtare, mildare ver er eg blitt meir plaga med ryggen, hofta og heile kroppen, og det er ikkje så mykje eg kan gjere anna enn å lese.
Vi var innom Amfi i dag også,men kjøpte berre litt mat. Om laurdagane er der så mykje frammande folk.Amfi dreg mykje folk til bygda, ikkje minst fordi der er gratis parkering. Det er kommunen som eig arealet som Amfi får nytte til kundeparkering. Då synest eg faktisk at dei kunne både salta og strødd, så folk kom seg fram på skikkelig vis.
I dag gratulerer vi Anne Marie på Stårheim med dagen!
fredag, februar 04, 2011
Vermelding 4.februar - 2011
Klokka er snart 14.00. Temperaturen ute er +3,2 grader C. Det regnar litt og innimellom blæs det.
Det er typisk for her vi bur at vinden kjem i rosser, og så er det nesten stilt innimellom. Eit trasig ver i alle fall, men neste fredag skal det bli kaldt og klårt. Det er i alle fall det STORM seier. Og eg håper det slår til.
I dag har det ikkje skjedd så mykje. Eg har vaska til helga og fekk faktisk pussa kjøkkenvindua på begge sider, så no er dei fine, så lenge det varer.Nils har laga til "gravlaks" av ørreten vi kjøpte i går. Det går nokre dagar før vi kan ete av den.
Vi har ete tidlig middag i dag, for vi var tidlig oppe. Og i dag har vi hatt Taco. Ingeborg begynte å skrive om Taco på FB i går og då blei freistinga for stor. No skal eg ha meg ei stille stund med lydboka mi. Held på med ei veldig bra bok no.
Vil ønske alle ei fin helg uansett ver og føreforhold, og i dag kan vi gratulere Oddvar på Eid med 50-årsdagen.
torsdag, februar 03, 2011
Vermelding 3.februar - 2011
Bildet tok eg for ein ca 1 time sidan, då lava snøen ned. No er klokka halv 4 og det er litt lettare. Temperaturen er + 2 grader C. Når ein ikkje kan vere ute her heime, eller gå tur, må ein finne på noko anna. I dag vart det ein tur til Vik igjen. Vi gikk heile gågata fram og tilbake for mosjonen sin del. Der var sanda så det var fint å gå midt i gata, fortaua var ikkje like godt moka alle stader. Trist å sjå alle dei tomme butikklokala - folk møtest på Amfi, der det er både varmt og tørt. Det er mange pensjonistar som går på Amfi for å treffe "folk". I dag trefte vi Ruth og Harald, og det vart til at vi sette oss inn i kaféen og fekk oss ein lang prat over ein kaffikopp, før vi handla frå oss. I dag kjøpte Nils ein frosen ørret som han skal grave. Han har laga gravlaks før, og det er ganske enkelt. Vi likar det. Og så skulle eg ha hyllepapir. Eg fann det ikkje på den vanlige plassen, og spurde butikksjefen kvar hyllepapiret var blitt av. Han svara:"hyllepapiret ligg i hylla- ha.ha". Der låg det altså ikkje, og han kunne opplyse at det var ute av sortimentet, men eg kunne høyre på -nille. Eg så gjorde, og der fekk eg høyre at hyllepapir var gått ut av produksjon, men at mange spurde etter det. Så er du av dei som brukar noko så gammaldags, så må du hamstre om du kjem fram på nokre rullar. Eg har heldigvis litt på lager.
Var innom Europris og skulle kjøpe ei papir-/boss-korg til å ha på datarommet, for der var ikkje plass til den gamle etter ommøbleringa. Vi fann det vi var på jakt etter og valde ei grøn. Då vi kom i kassa, fekk vi vite at ein ikkje kunne kjøpe EI- prisen var for tre. Der var ein annan sort vi kunne kjøpe, men den kosta like mykje som desse tre.......Ja, ja, vi finn vel noko å bruke dei andre to til, men eg synest dette er for dumt.
Vi hadde gjort klart til middagen før vi for, så den gikk det fort å lage til maten då vi kom heim. I dag hadde vi bitar av sei i kvit saus med løk og paprika. Nils hadde strødd salt på fisken, så eg salta ikkje sausen. Skylde fiske før vi hadde den oppi sausen. Så blei det god middag i dag også.
onsdag, februar 02, 2011
Vermelding 2.februar - 2011
Klokka er no12.30. Det er opplett og ganske fint ute. Temperaturen er + 4 grader C.
I dag har NIls kjøpt sand og strødd ned til kjellaren, så eg fekk sjå korleis der ser ut på den kanten av huset. Som bildet viser, har vi enno rikelig med snø og is, Nils har hakka hol i isen somme stader. Snøen har brote ei stor grein av det største og finaste plommetreet vårt. Clematisen og klatrerosa har enno ikkje mist alt lauvet.Skimtar sol over Melshornet, men det er for mykje skyer.
Nils har vore ein tur i lag med Hassan i dag, men ikkje på sjøen. Eg har støvsuga heile huset, det er slikt arbeid eg greier om gikta plagar meg.
Elles har eg tatt meg ein tur til Trovågen på Google maps, kjekt å sjå at dei pussar opp husa og elles steller der fint til.
Til middag i dag skal vi ha fiskekaker frå frysaren, kanskje eg skal rive nokre gulrøter på den gamle raspa?
Slik ser det ut på tunet og på vegen, rikelig is der også. Her har Nils funne singel og strødd oppå isen. Ser på FB at folk tenkjer på vår-men det er for tidlig. Eg vil gjerne ha vinter, eg, med snø, sol og sparkføre.
tirsdag, februar 01, 2011
Vermelding 1.februar - 2011
Bildet er tatt kl.12.15. Då kunne vi så vidt sjå at sola gikk bak Melshornet, men at det ikkje er lenge att til ho "klive honnje", og då får vi sol heile dagen. Ja, berre viss det klarnar opp sjølvsagt. I dag er det skya, relativt kraftig vind, litt regn og + 7 grader C. Det skulle sette fart i snøsmeltinga. Føremiddagen har vi så langt brukt til rydding og vasking på "datarommet". Der er det mange permar og bøker som skal ned og opp att, derfor prøver eg å gjere slikt arbeid mens det er landligge, for eg treng litt hjelp.Vi har ommøblert litt også- ja, sånn er det når ein kjøper noko nytt som skal ha plass.
(No sette det seg ein spurvehauk på altanrekkverket, men han forsvann før eg fekk tatt bilde av han. Har aldri hatt slike fuglar så nær før).
Nils ventar på at det skal bli fiskever. I mellomtida har han laga klart utstyret. Det viktigaste er å ha ein 750 grams svenskepilk av rustfritt stål med gummimakk i staden for dregg. Då får han største seien.Vi har no ikkje akkurat næringssorg, men han likar å fiske! Og vi likar å ete fisk.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...