onsdag, februar 02, 2011

Vermelding 2.februar - 2011

Klokka er no12.30. Det er opplett og ganske fint ute. Temperaturen er + 4 grader C.
I dag har NIls kjøpt sand og strødd ned til kjellaren, så eg fekk sjå korleis  der ser ut på den kanten av huset. Som bildet viser, har vi enno rikelig med snø og is, Nils har hakka hol i isen somme stader. Snøen har brote ei stor grein av det største og finaste plommetreet vårt. Clematisen og klatrerosa har enno ikkje mist alt lauvet.Skimtar sol over Melshornet, men det er for mykje skyer.
Nils har vore ein tur i lag med Hassan i dag, men ikkje på sjøen. Eg har støvsuga heile huset, det er slikt arbeid eg greier om gikta plagar meg.
Elles har eg tatt meg ein tur til Trovågen på Google maps, kjekt å sjå at dei pussar opp husa og elles steller der fint til.
Til middag i dag skal vi ha fiskekaker frå frysaren, kanskje eg skal rive nokre gulrøter på den gamle raspa?
Slik ser det ut på tunet og på vegen, rikelig is der også. Her har Nils funne singel og strødd oppå isen. Ser på FB at folk tenkjer på vår-men det er for tidlig. Eg vil gjerne ha vinter, eg, med snø, sol og sparkføre.

2 kommentarer:

solveig sa...

Heilt anna klima her! Snøen er vekke frå markane og eg sykla på jobb!

Besta sa...

Det er for tidlig å tru på vår. Eg vil heller ha fin, kvit snø og sparkføre. Har ikkje hatt ut sparken i vinter; då det var fint, var det for kaldt.

Dagbok 2024: 14.mai

Desse tulipanane har eg planta sjøl og dei har stått i beddet ved garasjen i mange år. Dei har ein nydeleg raud farge, ikkje knallraude som ...