lørdag, desember 13, 2008

Lesestoff til jul.

Var innom biblio som snarast i dag og hamstra inn til jul. No er det ikkje sikkert det blir lese så mykje, men det er godt å ha ei lydbok om det er netter ein ikkje får sove t.d. Alle desse er bøker eg har hatt lyst å lese og i dag var dei komne i "nye-hylla". Neste år skal eg blogge alle bøker eg les og nummerere dei slik som Margrete.Så hugsar eg kanskje kva eg har lese?

torsdag, desember 11, 2008

O holy night.

I går var Solveig med fam. på ein liten stikkinnom- visitt. Vi kom i ein liten diskusjon om julesongar og var heilt samde om at Adams julesang(O holy night) burde syngast av ein mann.Til dømes Magne Fremmerlid, som syng på plata som eg har skrive om før.
Men at songen også kan syngast av ei ung jente, synest eg Charlotte Church er eit godt døme på.Eg har blitt kjend med mange "nye" songerar etter at eg begynte å frekventere nettstaden YouTube.

tirsdag, desember 09, 2008

Julestemning i heimen.

Det har vore smått med jule-stemninga hittil i år, når vi ikkje eingong kan tende eit kjerteljøs utan at einkvan blir allergisk.
Men no har det seg slik at "nabojenta" rett over vegen har studert musikk ved Høgskulen i Volda i fleire år, i tillegg til at ho dirigerer opptil fleire kor.I år har Høgskulen gitt ut sin eigen CD med gamle og nye julesongar, og eg fekk kjøpe ein med Janne til spesialpris.Ho har laga melodien til ein av songane og syng sjølv solo.
Til å synge O helga natt har dei leigt inn operasongaren Magne Fremmerlid.No har eg høyrt plata EIN gong, og det blir sikkert fleire.
Nils vil helst høyre og synge julesongane slik han lærte dei for snart 70 år sidan.Somme ting skal vere slik dei alltid har vore!
Før middag baka eg eit lad med pizzabotnar, slik at det skulle sjå ut som om eg baka til jul, eg også.Eg brukar Barmens oppskrift, som de kan finne på nettet.Eg dobla den tre gonger, då vart det 12 små botnar.

mandag, desember 08, 2008

Lydbok- krim.


Når eg les krim på lydbok, har eg lett for å gå surr både i namn og hendingar, men denne boka var ekstremt rydding frå først til sist. Eg fekk med meg alt som skjedde utan problem, og tykte den var interessant og spennande. Så les eg kritikkane på nettet, og der meiner dei mellom anna at boka er for "enkel". Mulig det. Men det enkleste er ofte det beste-også når det gjeld krim.Eg likar at alle trådar blir nøsta opp og at ein ikkje er i tvil om kven "skurkane" er til slutt. Eg er kanskje litt enkel eg også?
No kan det virke litt umoralsk at eg sit og les krim( og strikkar) mens andre stressar med alle slags juleførebuingar. Til mitt forsvar kan eg seie at eg vart litt elendig etter at eg hadde vore på trening i dag. Men NO skal eg ta meg ei stund og jobbe.

lørdag, desember 06, 2008

Trendy julegåver.

Kom dessverre i skade for å slette den knusande kritikken min av MØRKEMANNEN i går, då eg skulle fikse på noko anna. Men eg går ut frå at lesarane hadde fått med seg det meste? Kanskje ikkje at Eidabesta og -besten hadde sett filmen.
Elles vart eg litt oppløfta då eg såg litt av Frokost-TV i går. Finn Schjøll ønska seg faktisk heimestrikka sokkar til jul.FORDI DET VAR SÅ TRENDY.Så hermed må det vere klart: Det er TRENDY julegåver eg gir bort!(Eg trudde berre dei var gode og varme).
Må også ta med ein kommentar frå Minstejenta, då ho såg på kor eg strikka:Det er ikkje vanskelig å LAGE julegåver når ein kan å strikke!

torsdag, desember 04, 2008

Først pølse og stappe.......................


Amanda har vore med oss sidan i går.Då hadde ho så mykje feber at det var ingen grunn til å ta henne med heim; ho hadde måtta vore heime frå skulen i dag uansett. Morfaren brukar alle triks for å skaffe seg yndlingsrettane sine, til dømes å skulde på at barnebarna likar det. Så i dag slo han til med pølser og potetstappe. Som de ser vart alle gode og mette.Margrete kjem og hentar Amanda litt seinare.
Veit ikkje om det er innbilning, men eg føler meg ikkje heilt på topp eg heller i dag.At morfaren treng å skifte til heile sokkar burde hermed vere dokumentert. Han HAR heile sokkar!

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...