tirsdag, desember 09, 2008

Julestemning i heimen.

Det har vore smått med jule-stemninga hittil i år, når vi ikkje eingong kan tende eit kjerteljøs utan at einkvan blir allergisk.
Men no har det seg slik at "nabojenta" rett over vegen har studert musikk ved Høgskulen i Volda i fleire år, i tillegg til at ho dirigerer opptil fleire kor.I år har Høgskulen gitt ut sin eigen CD med gamle og nye julesongar, og eg fekk kjøpe ein med Janne til spesialpris.Ho har laga melodien til ein av songane og syng sjølv solo.
Til å synge O helga natt har dei leigt inn operasongaren Magne Fremmerlid.No har eg høyrt plata EIN gong, og det blir sikkert fleire.
Nils vil helst høyre og synge julesongane slik han lærte dei for snart 70 år sidan.Somme ting skal vere slik dei alltid har vore!
Før middag baka eg eit lad med pizzabotnar, slik at det skulle sjå ut som om eg baka til jul, eg også.Eg brukar Barmens oppskrift, som de kan finne på nettet.Eg dobla den tre gonger, då vart det 12 små botnar.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt med litt julemusikk mens ein bakar. Når det gjeld levande lys og allergi, kan ein kanskje erstatte med elektriske små julelampar, f.eks. juletre, stjerner? Mykje fint i lampebutikkane no. Kanskje det finnast allergi-/luktfrie stearinlys?
Kjempeide å bake pizzabunnar. Det skal jammen eg og gjere. Lettvint å lage til viss ein får uventa gjestar. Eidabesta

STRIKKEMOR(O) sa...

Veldig fin tekst på den julesongen. Må nok kjøpe den cd-en! Kjekt med nye songar på nynorsk. Det blir nok populært med pizza når gutane kjem på besøk i jula. Fint at også nissemor på Hildegard blei inspirert til det...he he....

Besta sa...

Til strikkemor(o): Viss du vil kan eg kjøpe ein CD til deg.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...