torsdag, desember 04, 2008

Først pølse og stappe.......................


Amanda har vore med oss sidan i går.Då hadde ho så mykje feber at det var ingen grunn til å ta henne med heim; ho hadde måtta vore heime frå skulen i dag uansett. Morfaren brukar alle triks for å skaffe seg yndlingsrettane sine, til dømes å skulde på at barnebarna likar det. Så i dag slo han til med pølser og potetstappe. Som de ser vart alle gode og mette.Margrete kjem og hentar Amanda litt seinare.
Veit ikkje om det er innbilning, men eg føler meg ikkje heilt på topp eg heller i dag.At morfaren treng å skifte til heile sokkar burde hermed vere dokumentert. Han HAR heile sokkar!

7 kommentarer:

Hildegard sa...

Artig bilde. Av og til trur eg ungane kan trenge ein fridag for å ta seg inn att, det er nok ikkje berre foreldre som blir stressa. Slik er det med vesleguten vår av og til og då er det kjekt å få lov å passe han. Kanskje alle sokkane til besten er pakka som julegåver? Ja,det kan vel vere godt å byte ut fiskemiddagen av og til. De hadde vel noko godt til dessert også? Eidabesta

solveig sa...

Det med sokkane er varemerket hans. Eg veit ikkje om han gjer det for å irritere?

STRIKKEMOR(O) sa...

Stilig bilde!

Besta sa...

Bildet kunne ha vore stilig om det hadde vore av betre teknisk kvalitet.Innebilda mine blir serdeles dårlege. Nei, sokkane er ikkje innpakka-han har ei heil plastkasse full av heile sokkar, men eg trur eg har snakka frampå at desse fekk han gå med så lenge at dei kunne gå rett i bosset.Han tek meg på ordet.

Hildegard sa...

Har du prøvd å stoppe dei. Eg tykkjer det er så kjekt å stoppe sokkar - nesten som veving.
Eidabesta

Besta sa...

Eg stoppar sokkane så lenge der er håp,så strikkar eg ny fot, men ein dag er alt håp ute.. Eg LIKAR faktisk å stoppe eg også.

arieldog sa...

Det bildet var berre heilt topp! Takk for pass av syk pike!

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...