onsdag, januar 23, 2008

Utsikt frå altanen.

Ville berre vise kor fint ver det var her i går.
I dag er det dessverre overskya og sola kjem ikkje fram. Ho er heilt borte nokre veker rundt jul, men vi plar sjå ho att rundt Håkon sin fødselsdag - datoen er litt avhengig av veret.
For tida driv eg og kavar med datamaskina, ho virkar, men arbeider altfor seint. Det er nok den trojanske hesten som har skulda, men eg oppdaga at eg har visst sletta alle antivirusprogram. Kva er det motsette av "tasteskrekk" ?

mandag, januar 21, 2008

Første steg.


I dag har Nils vore på posthuset og fått ein lapp til å lime på postkassa. Denne lappen hindrar at vi får uadressert reklame i kassa. Det vil seie, så enkelt er det ikkje. Dette gjeld berre reklamebrosjyrar som posten distribuerer, ikkje den som private firma køyrer rundt med sjølve.
Er det nokon som veit kva vi kan gjere for å sleppe å få den? Held det å lage "plakat" sjølve ?

søndag, januar 20, 2008

Nyttårsforsett.

Då eg tok norsk grunnfag skuleåret 1985 /-86 las vi m.a. Dalen Portland av Kjartan Fløgstad og hadde den på pensumlista.Ikkje alt i den boka er like realistisk, det vart t.d. antyda at menneska sjølve var med på å "skape" ver og klima. Noko som ikkje var dokumentert for 20 år sidan. No veit vi noko anna, og ingen av oss trur vel lenger på at klimaendringane er "naturlege"- eg har lært at normale klimaendringar går så sakte at ein knapt ville registrere det i eit menneskeliv.
Ingen av oss er vel upåvirka av det som skjer i naturen, men eg kjenner meg nokså hjelpelaus når det gjeld å gjere noko med det. Likevel er planen min for det nye året å gjere det vesle eg kan for natur og miljø. Boss-sortering har vi drive med i mange år; alt organisk avfall går i kompostkassa og blir god gjødsel til blomsterbeda, papir og plast blir sortert ut, boksar og glas blir fylt i iglooar osb.Det er vel slikt som dei fleste gjer. Vidare skal vi seie nei takk til reklame i posten; er det noko vi er interessert i kan vi søke på nettet eller gå til butikken. Vi brukar ei stor nylonveske når vi handlar mat, får nok plastposar likevel. Prøver å fylle opp oppvaskmaskina skikkelig før eg set den på, og gjer det same med klesvaskemaskina. Tørkar klede ute i staden for i trommelen så sant det let seg gjere. Vi vil ikkje sitte inne og fryse, der går grensa, men vi treng ikkje å varme opp heile huset når vi er berre to. Sparepærer i dei fleste lampar er eit must.Varmepumpe har vi skaffa oss, og i tillegg til den fyrer vi med ved.
Dette er noko av det vi prøver å gjere for å spare energi, men vi kan sikkert gjere mykje meir. Tek imot alle tips med takk!
No er eg klar over at vi har god tid, og at ikkje travle småbarnsforeldre i full jobb kan gjere det same som vi. Men oppmodinga mi er at alle må ta miljøsituasjonen på alvor og ikkje berre "tenke litt på det", son Kongen sa i eit intervju.

fredag, januar 18, 2008

Vinteren 1994.

I dag er det 14 år sidan Håkon vart fødd, og vi gratulerer barnebarnet med dagen!
Vinteren 1994 var spesiell på mange måtar. Det eg hugsar best er sjølvsagt den dagen eg fekk telefon frå Øystein om at dei hadde fått son nummer tre.
Rundt nyttår var det veldig kaldt og røra på Velle skule fraus og sprakk. Det vart store vass-skader på skulen og mykje ekstra arbeid for alle. Medan skulen vart sett i stand att, flytta Endre, ein kollega, og eg med klassene våre inn i klubbhuset til Ørsta Idrettslag.
Rett ovafor klubbhuset ligg grusbana til fotballaget og den vart brøyta. Snøen vart lagt i høge dungar rundt bana og elevane hadde det heilt hivens i friminutta. Seinare vart det mildver og frost igjen med is over heile bana. Ikkje så dumt det heller.
Mens vi heldt til i klubbhuset var det OL på Lillehammer, der maskotane var Kristin og Håkon. Mange gutar fekk namnet Håkon det året!
Eg er sikker på at mange barn, ja, vaksne og, kunne tenkje seg litt skikkelig vinter med masse snø?

torsdag, januar 17, 2008

Ei historie om mjølk.

Kald mjølk rett frå kjøleskapet er eit sjølvsagt gode i vår tid. I min barndom var det nesten ingen som hadde kjøleskap,det var rett og slett ikkje å få kjøpt. Mjølka måtte ein prøve å halde nokonlunde kald på andre måtar.
Men på sjukehuset hadde dei kjølerom, heile tre stykke.
På det eine oppbevarte dei mjølk i store kummar og DEN var kald. Dei som var pasientar eller arbeidde på sjukehuset,syntest at mjølka der var SÅ god. Særleg surmjølka var populær. Den var ei 50-50 -blanding av kefir og saup (kjernemelk) og var veldig populær også til privat bruk.
Det var den tida vi gjekk på det gamle meieriet og kjøpte mjølk over disk. Mjølka hadde dei i store kummar og så auste dei opp i spanna vår med eit litermål sånn ca det vi skulle ha.Det var vanlig å kjøpe mjølk kvar dag, og heime var det stort sett min jobb. Ofte var det lang kø framfor disken, og dei som var små måtte vente til sist.Skulle vi ha fløyte, var det på samme måten; då hadde vi gjerne eit Norgesglas e.l.til å ha fløyten i. Kummane med mjølk og fløyte stod utildekka inne i butikklokalet og vart fylt opp frå bakrommet etter kvart som det trongst.

Bøndene køyrde sjølve mjølka til meieriet i store spann. Transportmiddelet var hest og vogn.Mjølka vart pasteurisert, men ikkje homogenisert, så fløyten låg som eit lag øvst i spanna når den hadde stått i ro ei stund.

onsdag, januar 16, 2008

Kjøkkenhistorier

Som de veit er eldste dotter mi svært interessert i alt som har med kjøkken å gjere, og for tida er det særleg komfyrar som har fanga interessa.No har ho utfordra meg til å skrive litt om dette temaet på bloggen.
Eg hugsar korleis det var på sjukehuskjøkkenet der mor mi jobba, før dei fekk elektrisk komfyr. Då hadde dei ein stor komfyr som dei fyrte med kol.Kolet vart oppbevart i skuffer nedst i komfyren. Eg treng vel ikkje å seie at det var ein varm jobb å lage mat der.
Men drog ein ut kolskuffa, kunne ein finne anna enn kol, for der likte sjukehuskatten seg så godt i varmen. Ja, dei hadde verkelig ein katt på kjøkkenet, og han heldt regionen fri for rotter og mus. Ingen såg noko rart i det den gongen.Men eg veit ikkje om jaktinstinktet var på topp, for han var ganske så velfødd.
Sjukehuset heldt seg også med grisar. Det kom to søte grisunger ein gong for året og dei fekk matrestar frå sjukehuset - trur neppe dei kjøpte mat til grisane. Og så vart dei slakta og brukt til mat.
Seinare fekk dei elektrisk komfyr, og det var eit stort framsteg. Den inneheldt mellom anna to store steikomnar.
Mor mi , som var kjøkkensjef på den tida, miste ikkje fatninga så lett. Heller ikkje då doktor Lygonis, som var grekar, kom med ein grisunge som han ville at ho skulle steike til han.Han hadde ikkje stor nok steikomn. Mamma tok utfordringa på strak arm. Men likte det gjorde ho ikkje!

Pensjonisttreff.


Kvart år i januar blir pensjonistane inviterte til ei kosestund på Velle skule, den gamle arbeidsplassen vår. Det er dei eldste lærarane ved skulen som arrangerer.Den eldste av pensjonistane er 85 år; eg ein ein av dei yngste i det laget.Men om mange er begynt å bli gamle, så er det berre utanpå. Elles er vi unge til sinns og klåre i hovudet. Vi har det kjekt i lag, og viss de trur vi sit berre og mimrar og snakkar sjukdom, så er det feil! Vi diskuterer også ting i tida, ikkje minst skulepolitikk! Og så må vi oppdatere oss på barn og barnebarn, så vi har litt å bryne oss på.Mange av oss har jobba i lag i nærmare 20 år.
På bildet ser de songheftet som låg ved kvar kuvert; rosa var litt friskare i går. Dei legg mykje arbeid og omtanke i å ta imot gamle arbeidskameratar. Menyen var karbonadesmørbrød+ kaker og dessertar. Alt var godt og fint tillaga.
Trur ikkje at det er så mange andre skular som har så fine pensjonistfestar som Velle!!! Sjå og lær !!

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...