onsdag, september 30, 2026

Dagbok 2026: 30.September

                                                                          Siste klipp i år

Klokka er no18.30, temperaturen ute er no+14 graderC og vi har hatt ein fin sommardag


Klokka er no 18.30. Ute er det lettskya no, men vi har hatt fin sol før i dag.

Føremiddagen rota eg vekk på ein eller annan måte,  då det leid på dag var eg oppe hos Marit ei stund. Men så fekk eg sjå at naboen min dreiv og klipte plen,og då fekk eg blod på tann. Han klipte ikkje på samme måten son vanleg, men eg kan ikkje så mange måtar så eg måtte gjere det slik eg plar. Eg hadde  heldigvis fullt batteri, og det varte lenger enn eg hadde rekna med. Ergo klipte eg litt meir enn eg hadde tenkt. Men NO blir det i alle fall ikkje meir klipp i år , trur eg, (Eg har noko lite eg skulle ha klipt då...)

I morgon er det Eldredagen og den blir feira på kulturhuset her i Ørsta. Eg har no lyst å vere der, men eg har ingen å gå i lag med, så då må eg eventuelt gå åleine. Eg kjenner no mange av dei eg vil treffe, så det er ikkje farleg, men eg har ikkje bestemt meg enno.


Ingen kommentarer: