fredag, juni 12, 2026

Dagbok 2026: 12. juni

Klokka er no18.37. Temperaturen ute på trappa er +19 graderC, Det er overskya men opplett. Og det er vel slik vi har hatt det mesteparten av dagen. På bildet over ser vi den buska som eg brukar å kalle brura, ho er ikkje fullt så fin i år som ho brukar å vere, men ho blomstra no til sist i alle fall.

Eg hadde ikkje tenkt ut kva eg skulle gjere i dag, og då har det lett for å bli rot. Og det blei det. Etter at eg hadde ete frokost gjekk eg og la meg igjen for eg trong ikkje vaske i dag.Men eg kom meg no fort opp att og begynte å styre. Eg rydda littt i kjøleskapet for å sjå kva eg må kjøpe i morgon når Margrete og eg skal på shopping. Eg fann litt av kvart anna så eg sette i gang å koke ei suppe av diverse eg oppdaga. Mens suppa kokte var eg  ned og rydda under altanen, mellom anna saga eg opp nokre greiner som har lagt der lenge.Det vart litt ryddigare etter kvart.

Det var for tidleg å ete middag, så eg tok ein tur opp til Marit og var der ei stund, og då eg kom heim laga eg ferdig suppa og åt. Eg hadde hugsa å ta inn avisa og i dag var der 2 heile sider om legen "min", som no skal bli pensjonist. Eg tok no avskjed med henne sist eg var der. Då snakka eg med henne om det å få ein ny lege, og no har eg fått det, dei som har hatt Trude Tonning får ein ny lege, så spørs det om vi blir like fordnøgde med henne.Ein må rekne med nokre legebesøk når ein kjem opp i åra og då er det godt å ha ein lege som forstår seg på "gamle folk". 

I morgon skal Margrete hente meg utpå dagen og køyre på butikken så eg få handle. Eg har no att mat frå Solveig handla til meg for 14 dagar sidan- men eg må no ha påfyll

        Dette er første rosa i beddet mitt i år. Eg hugsar ikkje kva den heiter.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 12. juni

Klokka er no18.37. Temperaturen ute på trappa er +19 graderC, Det er overskya men opplett. Og det er vel slik vi har hatt det mesteparten av...