lørdag, februar 21, 2026

DAGBOK 2025: 21.februar

 

Dette bildet er tatt litt før klokka 17 i dag, no er klokka 17.17 og der er enno litt sol i vest..Det har vore ein fin dag og no er klokka 17.10. Temperaturen ute er + 2 grader  circa.I dag har eg vore her åleine heile dagen og eg har fått gjort litt husarbeid, sjølv om handa ikkje er heilt bra enno, så trur eg det er på veg til å bli betre.

Eg fekk tatt fredagsvasken, endeleg, og etterpå gjekk eg ein tur  med piggsko og stav. Eg tok på meg dei fine vottane eg fekk av Solveig i fjor vinter og så møtte eg ei gammal dame som hadde samme sort, berre omvendt. Dvs. at det som var kvitt på mine, var svart på hennar og omvendt. Eg kjenner henne sikkert, men no på vinteren kjenner eg ikkje att folk for dei er så innpakka i huer og hetter og anna kamuflasje. Eg går sjelden med hue, så eg vert attkjend.Det har kome ny snø sidan sist eg gjekk, så det er bra å ha ein stav.

Då eg kom heim sette eg på poteter og tok fram maten som stod att frå i går, det var litt lite, men eg plussa på med svenske kjøttbullar så då vart det nok- Varm og mett sette eg meg inn i godstolen min, og eg trur eg sovna litt. Eg har ikkje vore på butikk i dag, men eg trur eg har nok mat til over helga, der er no ikkje stengt enno om eg skulle ombestemme meg.

Eg kan enno ikkje tenkje på å strikke, men eg synest handa har blitt litt betre, så eg håper det kjem seg etter kvart. Det er no ikkje berre strikking eg må la vere-det er ymse som skulle vore gjort i huset, men eg kan vaske når eg har hanskar på meg.

Eg skreiv ikkje GOD HELG i går men så får helsinga gjelde frå i dag. Eg tenkjer på kor kjekt det var å kome til Eid i vinterferien, og få sjå Johan, oldebarnet til Bodil og helse på mange i familien. Håper eg snart får sjå dei att.

fredag, februar 20, 2026

Dagbok 2026: 20.februar


 Klokka er no 19.12, temperaturen ute på trappa er + 4 grader, det er overskya- og inga sol å sjå i dag. Eg har vore inne heile dagen og gjort minst muleg. Fredagsvasken har eg utsett til laurdag . Det einaste eg har jobba litt med i dag er sudokuane i Mørenytt. Den middels vanskelege er i boks, men den vanskelege har eg ikkje fått til enno. Viss eg orkar det i morgon kan eg prøve meir..

Dagen har gått meir og mindre opp i tull, men eg har no enno ferie. I dag laga eg meg middag  til ei forandring,kjøt og saus og poteter. Ikkje ofte eg er så råflott.. Men det var ganske godt. Etter middagen gjekk eg opp til Marit som var heime åleine.Så fekk vi no prate litt i dag også.

Eg set meg til å sjå OL , interessa er ikkje så stor alltid, men i år har eg faktisk sett meir sport enn vanleg. For der er no mykje som er fint å sjå på, særleg likar eg å sjå kunstløp på skøyter både for menn og kvinner.

Eg måtte legge litt i omnen i dag også, men det minkar på veden min, så eg må kanskje kjøpe meir-eg nektar å fryse.. Eg har mange jobbar som står på vent i heimen, men høgre handa og armen er framleis ikkje heilt bra, og det vil nok ta tid før eg er heilt i orden. Neste veke er det tilbake til trening og diverse anna, for no er ferien snart slutt. Eg hugsar at Nils og eg ein gong i tida reiste til Kanariøyane på vinterferie-der var det godt og varmt om dagane, og ei veke var i grunnen nok. Det vat litt trasig her når sola vart borte, for ho varma godt inne i huset, og vi hadde sol her frå kl10 til16, sånn cirka.Men vi har hatt ein lett vinter så langt, eg hugsar vintrane før her på Vallabøen, ikkje sjeldan måtte ein moke hustaka for snø, og så var det mykje kaldare enn slik vi har hatt det i år.


torsdag, februar 19, 2026

Dagbok 2026: 19. februar

Klokka er no 18.05, temperaturen ute er 2 grader C, og hittil har det vore overskya men opplett i dag.

Eg var ikkje heilt i form då eg stod opp i dag, men det var ikkje noko som feilte meg, berre litt trøtt, trur eg. Eg venta at Solveig kom i dag, og det gjorde ho. Men Øystein skulle til Volda. For at Solveig skulle kunne sette bilen ned på tunet, tok eg og køyrde(Rygga) opp til gata med min bil 3 gonger. Det gjekk fint, for det låg ikkje så veldig mykje snø oppå isen. Men då Solveig kom sette ho i gang å moke skikkeleg (Eg er ikkje så nøye på det.) 

DÅ ho var ferdig skulle vi til VIK, eg hadde ærend med å få nytt batteri til klokka mi mellom anna.Eg har gått fleire veker med ei klokka som nesten aldri var rett. I går kveld vart eg så trøtt og såg på klokka, og den var berre halv 8-den var fleire timar forsinka. Hos urmakaren, som eg brukar å gå til, var døra stengt, men på Alti fekk eg nytt batteri, så no går klokka-som ei klokke. Solveig og eg gjekk på kafeen og kjøpte oss kaffi og nokre digre kakestykke som var veldig gode. Solveig handla litt til barnebarna sine på ein butikk. EG var ikkje i handlemodus i dag. Eg hadde tenkt å gå og sjå meg ut nye briller, men så hadde eg pussa dei gamle så eg såg meir enn godt nok. 

Eg forstår ikkje kvar siste veka vart av-i morgon er det fredag og nye sudokuar -og eg har no nettopp løyst dei som kom sist.  Eg har no hatt vinterferie, så det er vel det som gjer at tida har gått så fort. Men det har vore ei kjekk veke med mykje innhald. Komande veke blir det vel å gå på trening igjen. Legen sa at eg kunne trene -men ikkje bruke høgre armen enno. Den er veldig vond med det samme eg står opp, men så kjenner eg ikkje så mykje meir til den, viss eg passar på å ikkje bruke den . Ein gong vert  den vel bra, kanskje. Eg saknar veldig å få strikke, elles brukar eg no handa til diverse- den er no ikkje heilt ubrukeleg. Sola var så vidt framme i dag, men ikkje så mykje at ho varma, så no måtte eg legge innpå litt ved i tillegg til at varmepumpa står på.Men vi har no hatt ein fin vinter til denne tid.

Eg har ikkje vore opp til Marit i dag, og no er det for seint. Det er mykje å følgje med på TV for tida, både sport og forbrytelsar, og TV-en min funkar bra utan den vanlege fjernkontrollen. Erlend har bestilt ny til meg -eg irriterer meg litt over at så mange butikkar har flytta bort i Furene, før var her fleire elektrisk-butikkar i sentrum.



 

onsdag, februar 18, 2026

Dagbok 2026: 18.februar


 Klokka er no 17.20, temperaturen ute på trappa er så vidt under 0. Det har vore ein stråland vakker dag, men den for så fort over. Eg vart litt skæmd av all snøen som var komen i løpet av natta, Korleis i all verda skulle eg komme meg ut og eventuelt ta ut bilen.  Men eg slapp å gruble så lenge, før nabo Helge hadde rydda heile tunet, Eg tok snøen av trappa litt seinare, og salta, så eg håper at der ikkje kjem is. Det er ikkje så enkelt for meg å moke, med ein gammal vond rygg og ei betent arm.. Så tusen takk til Helge nabo.

Eg gjekk ein tur opp til Marit og gav henne eit lite referat frå gårsdagen.

Så var det tid for litt lunsj/middag og etter maten sette eg meg til med ein sudoku.Då eg var ferdig, oppdaga eg ein feil, så det vart litt irriterande-

Eg har no sagt at eg skal ha vaskedag om onsdagane, men eg syntest ikkje det var naudsynt med vask i dag, så det vart berre klesvask.

Eg hadde no håpa at det kom besøk i dag sidan det er skuleferie, men det kjem no fleire dagar. Ei veke ferie er ikkje så mykje, men eg hugsar at Nils og eg reiste til Kanariøyane i ein vinterferie- langt å reise for kort tid. Men eigentleg var det lenge nok.

Anten det kjem nokon i morgon eller eg blir åleine, så må eg til Vik, for no er klokka mi heilt utilregneleg , så anten er det berre batteri som manglar eller så er klokka lei av livet og vil slutte av.

Det vart så fint ver utover dagen, sola kom og var framme lenge  og skein inn i stova, men no har eg lagt litt i omnen for å få det skikkeleg varmt. Varmepumpa står på heile døgnet. Det har vore nokså kaldt ei stund, så eg har brukt opp mykje av veden min. Det kan hende eg må kjøpe meir, for eg nektar å sitte inne i stova og fryse.Det er eg for gammal til. Eg hadde sikkert fått ein sekk eller to med Rasmus,for han driv no og  "vedar" i skogen men han er litt langt borte.

I dag fyller sambuaren til Amanda 30 år. Gratulerer med dagen Martin!


tirsdag, februar 17, 2026

Dagbok 2026: 19.februar

 Klokka er no 19.40, temperaturen på trappa er minus2 graderC, : Det hadde kome ein god del ny snø i natt og meir og meir blei det utover dagen. Det har vore ein innhaldsrik dag,for vi har vore på tur. Med "vi"meiner eg  Svein Nordal, Margrete og eg. 


Svein med ny El-bil. Han henta meg her på morgonen, og  eg måtte vasse litt for å kome meg inn i bilen. Ferje over til Folkestad der Margrete kom på. Og så vart 
det å køyre i vinterlandskap heilt til Eid, der vi stoppa  ved Hildenes gartneri ei lita stund før vi for vidare til "Hildegard", huset til besteforeldra mine som bror min tok over. Dei som bur der no er kona hans og eit av barnebarna  med kone og barn, ein liten gut. Dei bur i leilegheilta som mamma hadde då ho var der. Det er ikkje så ofte vi treffast så det var veldig kjekt å møte så mange i dag .

Vi køyrde ein annan veg heim -frå Hjelle tok vi til høgre og køyrde etter kvart langs Hornindalsvatnet og til Grodås og vidare heilt til Volda, der vi tok ein tur på Marias, og åt ein lett rett som liksom vart middag i dag.

Svein køyrde meg heilt heim og her vart eg møtt av eit nedesnødd tun. Ja, vi har hatt ein lett vinter utan særleg mykje snø til no, så vi får  berre finne oss i det. Her hos meg er det vel framleis is under snøen. Eg har hatt ein kjekk dag.

mandag, februar 16, 2026

Dagbok 2026; !6.februar

Klokka er no 15.22, temperaturen ute på trappa er +4 grader, det er overskya, men opplett.  Eg har liksom vinterferie eg også, men eg måtte no finne noko å gjere likevel. Det vart til at eg tok ned julegardinene og no held eg på å vaske og henge opp dei gardinene som eg brukar resten av året. Det er så greit, eg vaskar dei i maskina og tek dei rett derifrå og  henger dei opp. Moderne gardiner skal ikkje strykast, men det fann eg ikkje ut med det samme. Det einaste som er littplundrete er å få dei opp att på opphenget. No har eg fått opp dei tre første , dei tre andre er i maskina enno.

Margrete og Svein skulle på tur ril Eid i morgon og eg skulle få vere med. Eg har kontakta Bodil slik ho veit at vi kjem, og Hilde ville visst komme også, for ho har og vinterferie. Det er ikkje så ofte eg er på Eid, og det er Voldafjorden si skuld, for nå ein først har kome over den så går resten greit.Eg synest det er kjekt å sjå heimatt av og til, men ingen ting er som før. Eg har tross alt budd 60 år her i Ørsta, så det må no vere "heime" no.No må eg sjå om resten av gardinene er ferdigvaska så eg får dei også opp. Det er 6 lengder i alt.


 

søndag, februar 15, 2026

Dagbok 2026: 15. februar

Klokka er no16.10 og eg kom nettopp att frå ein liten luftetur. I dag har vi ikkje hatt så fint ver som vi var blitt vande med no. Det er overskya, men opplett, men vi saknar sola både inne og ute. I går kunne eg slå av varmepumpa fordi sola varma så så godt. I dag måtte eg til med litt ved fordi varmepumpa ikkje var nok.

Eg vil ikkje seie at eg har kjeda meg i dag, for det er no heilt opp til meg sjølv kva eg kan finne på. I dag har eg sett mykje sport på TV, det var kjekt at eg fekk det til med fjenkontrollen som eg ikkje brukar til vanleg. Eg er ikkje så interessert i all sporten, men det kan no vere greitt å vere litt orientert.

Eg fann ut at eg måtte komme meg ut og gå tur, men eg var litt lei av å gå samme ruta kvar gong, så i dag gjekk eg motsett veg og avslutta med Storebakken nedover. I dag såg eg noko eg ikkje har sett før. Der var skilt som viste at ein ikkje kunne køyre opp Starebakken på eine sida og ned den andre.

Det galdt vel berre den vegen eg kom i dag. Det visste eg ikkje den dagen eg gjorde det fordi der var stengt i Olavsgata  på grunn av tre-felling. 

Eg saknar sola i dag , men det vil eg vel gjere mange dagar no, snø skal det viss komme også, og då blir det styr å moke tunet som enno er fullt av is og snø.

No skal eg lage meg ein kaffikopp med noko attåt. Komande veke skal eg ikkje på trening fordi det er vinterferie, men Solveig har no lova å komme på besøk ein av dagane. Kjekt å ha nokon å gå på "byen" med, eg likar ikkje så godt å gå åleine. Og så eg det somme ting ein må ha hjelp til-eg skal til dømes ha nye briller.

 

lørdag, februar 14, 2026

Dagbok 2026: 14.februar

                                                       På toppen av Storebakken


 Klokka er no18.26, temperaturen ute er minus 4 grader og det er klart. Enda ein fin februardag har gått over i historia, Så mange fine og solfylte dagar som vi har hatt denne månaden har vi neppe opplevd før, og noko av det beste er at det ikkje har vore sprengkulde slik vi ofte opplevde før i tida.

Eg vakna tidleg i dag, som vanleg, og laga meg frokost, men så syntest eg det var litt tidleg å stå opp, så eg gjekk og la meg att og sovna.

Då eg var oppe igjen gjorde eg meg klar og for på butikken og handla litt matvarer; eg synest eg kjøper relativt mykje mat, når eg tenker på at eg bu åleine.Men eg er no glad i mat, så.......

I dag hadde eg lyst å gå på Vernet, for i dag hadde eg telefonen opplada så eg kunne ta bilde. Eg var på veg opp, men snudde, det var altfor mykje is til at eg kunne gå trygt. Så det vart til at eg gjekk på vegen i dag også-opp Storebakken og nedatt på andre sida, som vanleg. Det er sikkert ein tur som er like lang som ein runde på Vernet, men ein går trygt.

Etter at eg hadde laga meg "middag" og ete, skulle eg sette på TV-en. 

Eg har ein del trubbel med TV.en for tida, for den fjernkontrollen eg brukar til av og på til vanleg er ikkje i orden, så eg må bruke ein annan til eg får ein ny.(Erlend har vore på butikken og bestilt) Eg sende bod på Erlend i dag også, men så greidde eg det sjølv. Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko. No ser eg sport på TV.-frå OL i Italia,for det får eg til. Det kan no vere lurt å følge med kva som skjer i tida. Artig med ho jenta frå Stryn som gjorde det så godt med skiskyting , ho var der i lag med dei to brørne som har dominert den sportsgreina i mange år.

Komande veke er det vinterferie på desse kantar. Det betyr mellom anna at eg ikkje skal på trening, og at Solveig vil komme ein tur inn til meg-det er noko å sjå fram til. Eg går her no med denne handa mi, det er visst ein betendelse  og det er ikkje så veldig vondt, men eg får ikkje strikke .Det går vel over etter kvart, og heilt hjelpelaus er eg no ikkje.

Det minkar på veden min, for det var ein kald vinter, Men no når sola har vore her, har den varma opp så eg  har spart både på veden og straumen nokre timar for dag. Eg brukar å skrive "god helg" på fredagane, men gløymde det visst i går, men så kan eg no ønske alle ei fortsatt God helg. Eg synest vekene går så altfor fort. 

                                                          Ettermiddags-sol

fredag, februar 13, 2026

Dagbok 2026; 13.februar


 Klokka er no 18.40, temperaturen ute er  minus 4 grader og vi har hatt enda ein by soldag, det er ikkje til å tru at ein kunne få ein slik ferbruar. Men no er det visst slutt. Marit har sjekk langtids-vermeldinga og den seier at no skal vi få snø og snø og attar snø. Det forundrar meg ikkje for det veret vi har hatt til no, har vore heilt eventyrlig.

Eg vakna tidleg i dag og stod opp ei stund, men fann ut at eg kunne ligge litt til.

Då eg vel var oppe andre gongen og hadde ete frokost, henta eg inn avisa for å begynne på sudokuane. Det tok ei tid , men eg løyste både den middels og den vanskelege, men det tok si tid, så etterpå åt eg resten av middagen for i går.

Eg ville sjølvsagt gå tur i fineveret, så eg tok på meg pigg skoorne og tok staven og gjekk ut, Er tenkte at i dag skulle eg gå opp på Fonnvernet, berre synd at telefomen hadde flatt batteri-som vanleg. I enden på Starevegen møtte eg naboane mine, dei hadde vore opp på Vernet, men frårådde meg å gå dit, for der var så glatt. 

Mens vi stod der kom der eit par med hund som vi kjende, og heller ikkje dei gjekk på Vernet i dag, Så var det to som gjekk heim og to som gjekk med hund og eg spom gjekk åleine med staven min opp Storebakken og nedatt Fonnavegen, som vanleg. Naboen kunne forklare kvifor dei har hogt ned skogen innafor Fonnavegen, han sa at dei skulle lage ein fort veg til Eldhuset som ligg litt bortafor Ungdomsskulen, og der produserer dei varme til diverse bygg. Eg har ikkje heilt oversikta.

Etter kvart fekk eg på TV-en, Erlend var innom i går kveld og lærte meg å bruke den andre  "brytaren" eller kva det heiter til datamaskina. Han hadde vore og spurt etterpå butikken i Furene, men dei hadde ikkje rette sorten inne, men får det vel snart. Det er så godt å ha Erlend her når eg står fast, så slepp eg å bry Helge så ofte. Eg er visst komen til ein alder der eg ikkje lærer så mykje nytt.

Eg var låk i handa då eg vakna i dag, men den kom seg ut over dagen.

Eg sat faktisk og såg litt sport frå OL , det var eit skøyteløp, men eg har ikkje så veldig interesse av det.

Denne dagen var fridagen min, eg har brukt å vaske på fredagar, men no skal eg ha vaskedag på onsdag og fridag på fredag, så får vi sjå korleis det blir. Eg er så spent på om Solveig og Øystein har fått den nye bilen sin no. Så kan dei kanskje komme og vise den fram?

Det er så lite snø i fjella , men det ordnar seg vel når dei nye snøbygene kjem?

torsdag, februar 12, 2026

Dagbok 2026- 12.februar



Klokka er no18.10, temperaturen ute på trappa er minus 3, så kanskje temperaturen er på veg opp. Det har vore ein fin dag med sol i dag også,eg trur ikkje vi har hatt ein slik februar før.

I går kveld då eg la meg, trudde eg at eg var ferdig med verken i handa,så eg friskmelde meg sjølv. Men då eg vakna i dag morgon verkte eg verre enn nokon gong før, så då var eg glad for at eg skulle til legen i dag.Eg møtte opp presis og kom inn nesten med ein gong, og så fekk eg prate med legen som eg har hatt i mange år, men no er det like før ho skal bli pensjonist.Dessverre.

Ho sa akkurat det eg trudde om handa/armen min, det måtte vere betendelse.
 Og då var det å få på igjen bandasjen og salven, slik som Ingvild hadde gjort det første gongen. Men eg kan gå på trening og trene det som ikkje er vondt. Det var om lag som eg tenkte det. Vi snakka om andre ting også, det at ho skal slutte og eg må få ny lege. Ho har ikkje noko ho skulle ha sagt om det,ho bestemmer ikkje kven eg skal få. Vi kunne ha tatt opp det som eg har fått innkalling til i neste månad, men eg syntest det kunne vente og det gjorde ho også. Vi var samnde om ein ting det var at "fastlege" var det beste dei har funne på både for pasientar og legar.

Etter at eg var ferdig der,køyrde eg opp til KIWI og kjøpte noko som eg ville ha til middag, og laga til då eg kom heim. Etterpå var eg så trøtt at eg gjerne kunne ha sovna, men eg fekk liv i TV-en og har sete og sett OL-noko eg er svært lite interessert i. Men eg kan ikkje så mykje med TV-en no når brytaren min ikkje virkar, for den svarte brytaren kan eg ikkje noko med. Erlend har sagt at han skal kjøpe ny, men då må vi bort i Furene. Det er så idiotisk at elektrisk-forretninga i Ørsta skal vere der borte- Før hadde vi minst ei el-forretning i Ørsta sentrum.

No skal eg ein tur opp til Marit, ho er heime åleine. Litt morsomt eg det at han som kjem og tek av og på henne støttestrømper, ættar her frå Starevegen, Rasmus gjekk i samme klasse som faren hans. I morgon er det fredag men eg tok fredagsvasken i går , så i morgon har eg fri.

onsdag, februar 11, 2026

Dagbok 2026: 11,februar

 


Klokka er no 20.36, temperaturen på trappa mi er minus7grader, og så fekk vi enda ein strålande vinterdag, med sol frå morgon til kveld. Isen ligg enno i tjukke lag på tunet mitt, for der er det lite sol som tinar opp snø og is.

I dag hadde eg diverse som eg skulle gjere nede i Vik, så eg var nedover heile tre gonger, med bil sjølvsagt. Eg var innom treninga og fekk litt hjelp med Ingvil med armen min, i morgon skal eg til legen, men det er ikkje først og fremt for armen sin del, for den vil eg påstå  er nesten heilt bra. Eg plar ta ein rutinesjekk eit par gonger for året, og no skal legen min slutte som lege og bli pensjonist, så dette blir vel siste gongen med henne. Eg kjem til å sakne legen min, eg har vore veldig fornøgd med henne, ho er no nordfjording ho som eg, men ho må no få lov å bli pensjonist og bestemor-ho også.

Mellom turane til Vik har eg tatt fredagsvask, for eg har funne ut at det er bra å ha fri fredagane, for då hender det at eg får besøk. Eller at eg får vere med Margrete på tur, for ho har fri somme fredagar. Då eg jobba i skulen hadde eg ofte fri onsdagar, så då tok eg husvasken midt i veke. Det meste går an.

No på kvelden har eg vore oppe hos Marit ein tur og prata; vi held kvarandre under-retta om det som skjer. Eg hadde litt trøbbel med å få TV-en i gang, men Erlend har sagt at han skal kjøpe ny-kva det no heiter slik som vi set av og på med og diverse anna. Den eg har virkar ikkje lenger. Eg er heldig som har Erlend her for han kan dette med t.d.TV, og mykje anna. 

No har nyss ete kveldsmat, og  dagen er snart slutt. Det var ein strålande dag så det var dumt at eg ikkje fekk gå tur på spikar-skorne mine, Men kanskje i morgon?


tirsdag, februar 10, 2026

Dagbok 2026: 10.februar


 Klokka er no16.00, og sola skin som aldri før. Eg var ikkje budd på slikt ver i dag, trudde det var slutt på fineveret for ei stund.

I dag var det eigentleg trening , eg var ikkje klar for det, men eg ville gå ned å snakke med Ingvil og så mistenkte eg at eg ikkje hadde betalt for januar. Eg måtte også ein tur på apoteket  for eg var lens for nokre tablettar.

Som sagt så gjort, men ikkje alt er like enkelt. På apoteket fekk eg beskjed om at der ikkje var meir tablettar å få-eg måtte ha ny resept- Så måtte eg på legesenteret og få ordne resept. Det gjorde ho som sat i luka- så det var greit.

Neste stopp var "treninga", der fekk eg snakka med Ingvil og betalt for januar, og så skal eg komme ned til henne i morgon, då skal ho sjå på handa mi, ho sette på meg eit anna støttebind , som skulle vere betre enn det eg har sjølv.

Eg var sjølvsagt ikkje så låk i handa i dag, men heilt god er den ikkje. Då eg kom heim tok eg meg litt mat og så hadde eg ein jobb med å ta opp klesvasken frå i går og legge i hop. Så gjekk er tur på vegane, men eg gløymde å ta på meg piggsko, så eg måtte gå der som var bert . Då eg kom heim att var eg så trøtt at eg sovna i stolen når eg sette meg ned.

No har eg lyst å lage meg litt god mat, så eg får sjå kva eg finn i kjøleskapet.

                      Dette bildet og det andre tok eg klokka15.30

mandag, februar 09, 2026

Dagbok 2026: 9.februar


                                     På altanen ca  klokka 17
 Klokka er no 17.09, temperaturen ute er no 0 grader og det er overskya. Eg har ikkje sett snurten av sola i dag, så vi går vel inn i ei anna tid, med tanke på veret. Så mykje fint ver vi har hatt, utan snø, regn ect. kan eg ikkje hugse vi har hatt  før, i alle fall må det vere lenge sidan. Eg sakna sola i dag, for ho varma godt inne, om ein ikkje kjende så mykje til varmen ute. Men slik er det, kan ikkje klage på veret i februar når temperaturen ute står på null og det er opplett.

I dag har eg til denne tid gjort ingen ting i huset; eg skreiv eit brev til legen min som eg køyrde ned på legesenteret med. I morgon er det treningsdag og eg ville gjerne vite kva eg skulle gjere med handa mi-vere heime eller gå på trening t.d. Eg har ikkje fått svar frå legen, så eg veit ikkje kva eg kjem til å gjere, Eg har ikkje veldig vondt, men er heller ikkje smertefri.

Etter bilturen var eg hos Marit ei god stund, vi hadde som vanleg mykje å snakke om  , for vi haddre begge hatt ein fin morsdag med besøk av barn og barnebarn, og ho hadde også hatt oldebarn på besøk

Då eg kom heim att laga eg meg litt mat som eg kalla middag,og etterpå sette eg på TV-en og så fleire episodar av favorittprogrammet mitt "Nytt liv i gamle hus". Heile min barndom ,og etter det, var eg opptatt av hus. Vi hadde aldri hus som vi eigde heime på Eid, og flytta mange gongar. På Eid budde vi i 4 ulike hus, og då Nils og eg kom til Ørsta med små barn, budde vi to andre stader før vi fekk flytte inn i huset her på Vallabøen. Då fekk eg endeleg bli bufast. Og her blir eg til dei ber meg ut. 

Eg har ikkje gjort noko til nytte i dag, men no skal eg sette i gang med diverse huslege syslar. Eg skulle ha tatt ned gardinene og hengt opp andre, men når ei har vonde armar er det ikkje det beste ein kan gjere.

Eg skreiv noko i går som var feil, eg skreiv at den fine blomsten var frå Margrete, det var feil-den var frå Amanda, Martin og hunden deira ,Albert. Frå Margrete fekk eg ei anna gåve, som eg også sette stor pris på.



søndag, februar 08, 2026

Dagbok 2026:8.februar-Morsdag


 Klokka er no19.46,temperaturen ute er 0 grader, det er overskya, men opplett enn så lenge. Eg har hatt mykje sol her i dag.

I dag har det vore morsdag og den har vi feira: Margrete,Svein, Amanda ,Martin Erlend og eg. Først var vi på indisk restaurant og åt middag, så vart det kaffi, is og kjeks i Starevegen, Den nydelege blomsten på bildet fekk eg av Margrete, ho hadde kjøpt ein til seg sjølv også- 

På restauranten var det i dag mange gamle damer-det var vel morsdag dei feira dei også.

Tidlegare i dag har eg rydda litt i heimen og prøvd å finne ut kvar det lek ut vatn  inne i disken. Øystein reparerte litt førre helga, men no var der vått igjen. No har eg sett på oppvaskmaskina og så skal eg sjekke meir.

I går var eg så låk i handa mi at eg visste ikkje kva eg skulle gjere, i dag har eg ikkje kjent så mykje til den, så eg veit ikkje kva eg skal tru.Eg hadde tenkt meg til legen, men no veit eg ikkje om det er naudsynt. I morgon skal eg i alle fall vere heime uansett. Og så spørs det om eg må ringe til Kenneth(rørleggar)

Eg har jheile tida vore opptatt med SUDOKUANE i MøreNytt. I går bala eg med den middels vanskelege heile dagen utan å komme i mål.I dag løyste eg den vanskelegaste på kort tid. så prøvde eg den middels vanskelege igjen, men der er eg ikkje i mål.

No har eg sett på oppvaskmaskina, og så skal eg følgje med kva som skjer inne i benken-om det er noko som lekut. Vatn til dømes-

lørdag, februar 07, 2026

Dagbok 2026: 7.februar




Klokka er no 17.43, temperaturen på trappa er så vidt under 0, så no kan vi vel vente eit anna ver enn det vi har hatt nokså lenge. Det har vore fint i dag også, men eg kom meg ikkje ut og gå tur før det var for seint. 

Det har gått litt på tverke her i dag, Det første var at eg vakna med ei vond hand, men det gjer eg no stort sett kvar dag. Så fekk eg ikkje til sudokuen i Møre Nytt og har ikkje fått den til enno, det er irriterande. Men eg kom meg i alle fall på butikken så eg fekk handla diverse  som eg vil ha i hus "om det kjem nokon". Så laga eg meg middag og det gjekk no bra. Eg hadde ørret liggande som eg steikte .

Det som plagar meg heile tida er handa mi, det er som om fingertuppane brenn heile tida, og det er verst når eg sit i ro. Eg er litt sint på meg sjølv som ikkje kom meg til legen før helga. Eg har vore plaga i over ei veke, men det såg ut til at det skulle bli bra fort, men slik vart det ikkje. Verst er det om morgonen og i det heile tatt når eg er i ro. Men no får eg prøve å halde ut til over helga om eg så skal sitte med handa i kaldt vatn. 

For ei veke sidan dreiv eg å skulle finne ut kvar det lak vatn inne i kjøkkenbenken. Øystein kom og fiksa det, men i dag oppdaga eg at det lek framleis , og no er det for seint å ringe til rørleggar i dag. Eg kan la vere å tappe på kjøkkenet

I morgon skal vi feire morsdag, så eg håper at eg er i form nok til det.Det er no berre den handa-elles er eg i fin form-trur eg-

I går kveld sat eg og såg heile opnings-seremonien til OL- og no blir det vel sport opp og sport i mente, men eg er ikkje interessert i det heile tatt. Det var mykje kjekkare i gamle dagar då vi hadde berre radio. Nei, det er vel feil å seie. men det var ikkje så mykje anna å høyre så det vart litt spennande likevel. Eg hugsar at Nils og eg hadde radioen med i senga for å høyre skøyteløp om morgonen før vi stod opp.

Det var mykje anna eg kunne gjort i kveld, men for ein gongs skuld såg eg ein heil serie på TV. Trur den heitte FANGET, og ei av hovudrolle -innehavarane likna litt på Amanda. Serien var engelsk, eg trudde først den var amerikansk, men så la eg merke til at dei køyrde på venstre sida av vegane. Kor vidt serien var god eller ikkje vil eg ikkje uttale meg om. Eg er ikkje så glad i seriar for eg hugsar dårleg, derfor konne eg sjå ikveld når eg kunne sjå alt.

No såg eg at samme serien gjekk på NRK


fredag, februar 06, 2026

Dagbok 2026:6.februar

                                              Siste glimt av sola i dag, klokka 16,30

Så har enda ein fin dag gått over i historia. Eller sagt på svensk; "Så går en dag ifrån vår tid och kommer aldrig åter". Slik er det berre.

I dag har vi hatt sol heile dagen , trur eg. Eg kan ikkje hugse ar vi har hatt så fint ver i februar før -det må i alle fall vere lenge sidan. Men kaldt er det for det meste, men i dag slo eg av varmepumpa ei stund, det skjer ikkje ofte.

Eg har lenge gått og tenkt på å flytte nokre bilde på stove-veggane, og i dag sette eg i gang-utan å tenkje på at høgrehanda  ikkje er i form. Når ein har låke armar skal ein ikkje henge opp bilde, såpass burde eg ha tenkt sjølv. Eg vart heller ikkje ferdig med jobben.

Eg tok heller ein spaserertur; i dag hadde eg lyst å gå på Vernet men fann ut at det er tryggare på vegen. Eg går med piggsko og stav, så eg er no forsiktig. Då eg kom heim att laga eg meg litt mat og etter at eg hadde ete sette eg meg i godstolen min og sov-trur eg. Eg har fleire uløyste sudokuar liggande og det irriterer meg, for eg brukar å løyse alle i Møre_nytt, og no har eg så rikeleg med ark som eg har printa ut på den nye printeren.

I dag er det altså fredag,men eg har flytta vaskedagen min til onsdag, slik at eg skal ha fri heile helga. Og denne helga er det morsdag, og Margrete har invitert meg på restaurant her i Ørsta.Eg lever eit godt pensjonistliv. Enn så lenge.

Eg serno at det står på PCen: "minus 12 grader.Mest skyet" så eg må kansje kveike i omnen likevel. 



 

torsdag, februar 05, 2026

Dagbok 2026: 5.februar


 Klokka er no19.00, temperaturen ute er ca minus 6-8 grader. Det har vore nok ein nydeleg dag, men i dag har  eg ikkje vore ute og gått. Sola kom nokså tidleg i stova og forlet meg ikkje før det leid på dag- Ca kl.15+ gjekk sola bak fjella , men så kom ho att ei stund etterpå og då var klokka over 4(16) Då tok eg blidet over.Nydelege dagar dette.

Eg var ein tur på butikken etter frokost; eg venta besøk så eg måtte ha litt å servere. Det viste seg at det ikkje var heilt naudsynt, for gjesten hadde vore på butikken og handla ferdiglaga mat. Uansett hadde vi ei kjekk stund og fekk prata om mykje både gammalt og nytt. Det som eg hadde handla ligg urøyvt og ventar på nye gjester. Eg har hatt relativt mykje besøk i det siste og det er no kjekt.

 Morsdagen skal eg feire med Margrete &Co på indisk restaurant, det er liksom stamkafeen (Restauranten) vår, vi har vore der ofte, og vi likar maten der. Det har gått med meir ved enn eg var budd på i år, for det har vore kaldare enn vanleg om vintrane no for tida. Første åra vi var i Ørsta var det fryktelig kaldt, og Rasmus som var berre 1 år første vinteren her, kom knapt ut for døra. I seinare tid har ikkje vintrane vore så kalde. Men når det er kaldt er det ofte klårt, og då får vi sol-vi som bur her på solsida. Og snart kjem dei på andre sida og skal vere i sola på Fonnvernet. Det kan vere kjekt for oss også det, å treffe gamle kjende.Kanskje.

onsdag, februar 04, 2026

Dagbok 2026:4.februar

 Februar 2026

Klokka er no18.39, temperaturen ute er minus2 graderC, eg trur det blir mildare ver no, fordet skya over på ettermiddagen.

I dag har eg hatt heime -dag, Eg sov godt i natt , men handa er ikkje heilt god enno. Eg skal ikkje på trening i morgon, men då kjem Ragnhild på besøk, og vi skal gå på kafe.

I dag har eg tatt fredagsvask, eller rettare sagt onsdagsvask. Det brukte eg å ha den tida eg jobba i skulen. Det vart ikkje noko storvask i dag, men det får halde. 

Etterpå var eg opp til Marit ei stund, før eg gjekk heim og laga meg "middag".

I går trudde er at kaffi - traktaren var gåen, og planla å kjøpe ny; det slepp eg akkurat no, for traktaren var heilt i  orden. Det har ikkje hendt så mykje i dag-ikkje her i alle fall og i går fekk eg ikkje med meg alt på TV, så eg er ikkje heilt orientert om det som skjer i verda. Det eg har lyst til er å strikke, men det må eg nok vente med.For handa er ikkje frisk enno.

I dag vart sola vekk før eg var ferdig med vaskinga , så då vart det ingen spasertur i dag. Men ein tur opp til Marit.



tirsdag, februar 03, 2026

Dagbok 2026: 3.februar


 No er klokka 16.42, temperaturen ute er minus 5  grader og det har vore ein fin dag med mykje sol, men no har sola gått ned.

Dagen starta ikkje så bra, for  eg  hadde ei litt trasig natt. Då eg la meg hadde eg ikkje vondt nokon stad, men utpå natta vakna eg med veldige smerter i hender og armar, eg forstår ikkje kva som gjer det, har ikkje høyrt om slikt før. Eg var vore nesten heilt bra i mange dagar, og så blir det slik. Ja, men  eg sovna igjen og sov til morgonen, Eg var rimeleg bra då eg stod opp, men så skulle eg lage meg kaffi, men det vart berre tull-eg trur kaffitraktaren er ute på dato,men eg vil no prøvekøyre den før eg kasserer den. Eg gjekk no her og tusla utan å gjere så mykje, men då det leid på dag tok eg meg ein relativt lang spsertur: Ut Starevegen, opp Storebakken, ned Fonnavegen,ut heile Olavsgata,opp Storebakken eit stykke og inn att Starevegen . Eg  trefte ingen eg kjende i dag, men det var ein mann som kanskje kjende meg som stoppa og prata. Eg sa som sant er at eg kjende han ikkje fordi han hadde så mykje klede på seg, då sa han kva han heitte og at han no gjekk med piggsko han som eg, no når han var så gammal, han var 70 år snart. Det slo eg han med 16 år!!!! 


Her ser vi opp til fjella og Fonnvernet.    Alle som eg snakkar med åtvarer meg om å gå på Vernet,men eg går der aldri når der er snø og is. Såpass forstår eg sjølv.

Der var ingen ute og moka snø idag så eg gjekk relativt fort av garde, ned Fonnavegen og i dag la eg merke til at dei store trea nede i krysset var vekk, så huset vart meir synleg.Eg kjende dei som budde der ein gong.


Så gjekk eg ut heile Olavsgate, eit stykke opp i Storebakken igjen før eg kom inn Starevegen. Det er godt å komme seg ut litt og akkurat no er føtene mine bra, mens hendene tek støyten. I morgon får eg besøk av ei venninne , vi skal gå på kafe, for eg kan ikkje lage kaffi heime.

I går kveld var Erlend opp til meg og fekk litt orden på TV.en Eg tur eg må ha litt hjelp i dag også, med printeren.Eg får høyre om han er heime.

            

søndag, februar 01, 2026

Dagbok 2926: 2.februar


                                                    Enno er det is på heile tunet.

Klokka er no20.18, temperaturen ute er minus7 grader ca, det ser ikkje ut til at det vert noko mildare, men no har eg sol mange timar for dag og det hjelper på. I dag skulle eg til frisør klokka 12, så det vart ikkje så mykje gjort føremiddagen, anna enn å gjere seg klar.

Etter at eg var ferdig med frisørdama, tok eg ein runde på ALTI for å sjå meg om litt, og så handla eg litt mat på Bunnpris før eg køyrde heim og laga meg litt mat før eg tok ein lang pause i godstolen framfor TV. 

Så var eg opp til Marit ein liten tur og prata med henne. Då eg kom nad att laga eg meg middag, det var restar frå i går-Så skulle eg sjå TV, men i dag greidde eg ikkje å få orden på sakene, det har vore litt kluss i det siste men i dag fekk eg ikkje til noko. Men så har eg ein i kjellaren som eg kan få hjelp av, og i kveld har han fiksa TV-en-veldig bra å ha ein slik i hus.

Eg trur ikkje eg skal fare på trening i morgon, handa mi er mykje betre, men ingen av hendene er heilt gode, så dei må få kvile seg litt.

Eg skulle ønske litt mildare ver så all isen hadde smelta; men her på Vallabøen har vi det fint med mykje sol, og sola varmar inne. No skal eg sjå om eg får med meg resten av nyheitene på TV:


Dagbok 2026:1.februar

 


                                              Her er dei andre to plantane eg fekk i går.

Klokka er no 18.15 og temperaturen ute er minus 6 grader C, så det har ikkje blitt så mildt som eg drøymde om; eg har ikkje vore ute i dag , men det var fin sol lenge.

Eg brukte mykje av føremiddagen til å få vekk siste delen av julepynten, no står det berre att å skifte gardiner. Eg skulle no ha gått ut i fineveret, men så langt kom eg aldri. Så eg begynte å lage litt middag , då ringde det på døra og på trappa stod Eli, ho var ute og gjekk tur, men ville sjå innom meg. kor det gjekk med handa mi.

Det er ikkje godt å sjå kva som e gale med handa , og no er den ikkje så verst i forhold til det den var. Men det var kjekt å få besøk og vi hadde mykje å snakke om. Vi var mellom anna i lag i mange år i Pensjonistlaget; ho var leiar og eg skreiv. I seinare tid har vi vore i lag på spansk-kurs , der ho har vore lærar Det var veldig kjekt å få besøk når eg var heilt åleine i dag, for Marit var i Volda. Vi hadde sjølvsagt mykje å snakke om. Marit og eg snakkar ofte om kor lite folk går på besøk til kvarande utan å vere invitert. Slik var det ikkje før. Eg synest det eg kjekt når folk "stikk innom". Etter at Eli hadde gått, laga eg meg middag, i dag laga eg brun saus frå pakke og hadde i svenske kjøttbollar; med poterer og grønsaker til vart det ein bra middag,No har eg slappa av ei stund, mens eg vaska klede i kjellaren .

I morgon skal eg til frisør, eg skulle klippe meg til jul, men var for seint ute å bestille time, så det vart utsett-litt for lenge. Håper vi får mange fine dagar for no har eg sol inn vindua nokså lenge.

DAGBOK 2025: 21.februar

  Dette bildet er tatt litt før klokka 17 i dag, no er klokka 17.17 og der er enno litt sol i vest..Det har vore ein fin dag og no er klokka...