tirsdag, februar 24, 2026

Dagbok 2026: 24 februar


Klokka er no18.42, temperaturen ute er + 5 graderC og det er overskya og mørkt.
Dette har vore litt av ein dag . Det begynte med at eg stod opp og sende melding til Rasmus, men han hadde vore oppe før og funne ut korleis eg kunnne få badet mitt reparert, det var ikkje så vanskeleg som eg trudde -og alt er i orden.Eg har vore så bra i handa at eg ville gå på treninga i dag,kunne no trene føtene og andre deler av krokken utan å legge for mykje på den "låke" handa, som ikkje er så låk lenger. Etter treninga ville eg kjøpe bensin på bilen min, men dessverre hugsa eg ikkje pin-koden, så eg måtte heim att og sjekke ,og så fekk eg bensin.

Marit ville at eg skulle komme opp ein tur så vi fekk prate og det gjorde vi heilt til Marit skulle ha middag. Eg har lenge gått og tekt på at så snart eng kan ville eg begynne å vaske veggane i stova. Eg brukar aldri å ta alle på samme dag, og i dag vart det heller ikkje så mykje. Meste jobben er vel å ta ned alle bilde og andre pynteting. No et ferdig med ein vegg + ein halv vegg og alle bilda erpå plass igjen. Eg var ikkje så fornøgd med det eg gjorde i dag,for eg hadde for dårlege hjelpemiddel. Eg kjem til å ta ein og ein vegg framover til eg blir ferdig. No vil eg sjå om eg finn meg noko godt å ete-for det fortener eg.I morgon er det heimedag, men så er det trening igjen på torsdag.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 24 februar

Klokka er no18.42, temperaturen ute er + 5 graderC og det er overskya og mørkt. Dette har vore litt av ein dag . Det begynte med at eg stod ...