Klokka er no 17.00,men det var ikkje armbandsuret mitt, klokka mi ha sakka akterut sidan ho fekk nytt batteri også. Eg trudde at det berre var batteriet som var dårleg, men no ser det ut til at klokka er livstruande skada. Ja, eg har hatt den i mange år så det er ikkje så rart.
Eg kom nettopp inn att etter å ha gått ein runde med piggsko og stav. Det er godt å komme ut litt uansett.
Denne dagen starta veldig dårleg. Eg skulle dusje før eg kledde på meg og der vart det liv . Heile dusjsystemet ramla ned og det vart no øydelagt på ein måte, for eg fekk ikkje skrudd av vatnet og slangar etc, datt i dørken og vatnet for alle stader. Men eg fekk no stoppa kranen. Der er noko som er øydelagt, så dusjen kan ikkje brukast. EG var optimist og tenkte eg kunne bruke kranen og sette hovudet under den. Det ville eg prøve , men kvar var kranen? Den var ikkje i det heile tatt. Eg trudde der var kran på dusjen slik det plar vere på badekar, men i alle dei år vi har hatt berre dusj og ikkje badekar har eg ikkje oppdaga at der ikkje var kran.
No blir det vel å fare til "OB Rør" og få hjelp. Nokre dagar kan eg vel klare meg utan, men så må eg få badet i orden igjen. Eg skulle vaske håret i dag eller i morgon, så no må eg vere oppfinnsom. I gamle dagar brukte ein vaskefat, men det er ikkje så enkelt det heller.Eg studerer veldig på kva eg skal gjere no,men det blir vel ei råd.
Elles har eg vore litt lat i dag, eg hadde planer om å gjere både det eine og det andre, men eg hadde ikkje energi. Eg var ein tur på butikken og handla matvarer,så det fekk eg i alle fall gjort, og så var det litt forfriskande å gå ei tur. Det har vore skodde ute i heile dag, så sola har vi ikkje sett.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar