Enno er det is på heile tunet.
Klokka er no20.18, temperaturen ute er minus7 grader ca, det ser ikkje ut til at det vert noko mildare, men no har eg sol mange timar for dag og det hjelper på. I dag skulle eg til frisør klokka 12, så det vart ikkje så mykje gjort føremiddagen, anna enn å gjere seg klar.
Etter at eg var ferdig med frisørdama, tok eg ein runde på ALTI for å sjå meg om litt, og så handla eg litt mat på Bunnpris før eg køyrde heim og laga meg litt mat før eg tok ein lang pause i godstolen framfor TV.
Så var eg opp til Marit ein liten tur og prata med henne. Då eg kom nad att laga eg meg middag, det var restar frå i går-Så skulle eg sjå TV, men i dag greidde eg ikkje å få orden på sakene, det har vore litt kluss i det siste men i dag fekk eg ikkje til noko. Men så har eg ein i kjellaren som eg kan få hjelp av, og i kveld har han fiksa TV-en-veldig bra å ha ein slik i hus.
Eg trur ikkje eg skal fare på trening i morgon, handa mi er mykje betre, men ingen av hendene er heilt gode, så dei må få kvile seg litt.
Eg skulle ønske litt mildare ver så all isen hadde smelta; men her på Vallabøen har vi det fint med mykje sol, og sola varmar inne. No skal eg sjå om eg får med meg resten av nyheitene på TV:

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar