mandag, februar 09, 2026

Dagbok 2026: 9.februar


                                     På altanen ca  klokka 17
 Klokka er no 17.09, temperaturen ute er no 0 grader og det er overskya. Eg har ikkje sett snurten av sola i dag, så vi går vel inn i ei anna tid, med tanke på veret. Så mykje fint ver vi har hatt, utan snø, regn ect. kan eg ikkje hugse vi har hatt  før, i alle fall må det vere lenge sidan. Eg sakna sola i dag, for ho varma godt inne, om ein ikkje kjende så mykje til varmen ute. Men slik er det, kan ikkje klage på veret i februar når temperaturen ute står på null og det er opplett.

I dag har eg til denne tid gjort ingen ting i huset; eg skreiv eit brev til legen min som eg køyrde ned på legesenteret med. I morgon er det treningsdag og eg ville gjerne vite kva eg skulle gjere med handa mi-vere heime eller gå på trening t.d. Eg har ikkje fått svar frå legen, så eg veit ikkje kva eg kjem til å gjere, Eg har ikkje veldig vondt, men er heller ikkje smertefri.

Etter bilturen var eg hos Marit ei god stund, vi hadde som vanleg mykje å snakke om  , for vi haddre begge hatt ein fin morsdag med besøk av barn og barnebarn, og ho hadde også hatt oldebarn på besøk

Då eg kom heim att laga eg meg litt mat som eg kalla middag,og etterpå sette eg på TV-en og så fleire episodar av favorittprogrammet mitt "Nytt liv i gamle hus". Heile min barndom ,og etter det, var eg opptatt av hus. Vi hadde aldri hus som vi eigde heime på Eid, og flytta mange gongar. På Eid budde vi i 4 ulike hus, og då Nils og eg kom til Ørsta med små barn, budde vi to andre stader før vi fekk flytte inn i huset her på Vallabøen. Då fekk eg endeleg bli bufast. Og her blir eg til dei ber meg ut. 

Eg har ikkje gjort noko til nytte i dag, men no skal eg sette i gang med diverse huslege syslar. Eg skulle ha tatt ned gardinene og hengt opp andre, men når ei har vonde armar er det ikkje det beste ein kan gjere.

Eg skreiv noko i går som var feil, eg skreiv at den fine blomsten var frå Margrete, det var feil-den var frå Amanda, Martin og hunden deira ,Albert. Frå Margrete fekk eg ei anna gåve, som eg også sette stor pris på.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 9.februar

                                     På altanen ca  klokka 17  Klokka er no 17.09, temperaturen ute er no 0 grader og det er overskya. Eg ha...