Slik har eg det no.
Klokka er no19.19, temperaturen ute er + 10 graderC og det regnar. Det vart veldig tidleg mørkt i dag, og eg har ikkje vore lenger enn ut i garasjen etter ved, og opp lit postkassa for å hente avisa. Vi skulle etter rett ha vore på trening i dag, men det vart avlyst.
Men eg fann no på å gjere litt til nytte i dag også. Eg støvsuga teppegolva, og dett var dett. Elles så har eg no fyrt i omnen og hatt det varmt og godt. Eg har øvd på spanskleksa og så strikkar eg sjølvsagt. Men midt på dagen sovna eg i stolen og det var det beste på heile dagen, for om natta vert det heller lite søvn. Eg fekk melding frå ei venninne med spørsmål om eg ville vere med til Volda i morgon, og det hadde eg veldig lyst til- men så var de spansken. Eg måtte ta eit val, og eg valde plikta,dvs. spansken. Eg hadde tenkt å slutte tidlegare, men valde å halde fram,så då må eg berre stå i det. Eg kjem aldri til å kunne snakke spansk, men litt forstår eg når eg har ein tekst.
Eg sit for det meste og strikkar lester og ser TV, men i morgon skal eg altså på spansk og sdagen deretter er det trening og Pensjonistmøte. Berre så trasig at møta er så seint på dag at er er mørkt når vi skal heim.
No skal eg sjå om eg finn noko spennande og godt i kjøleskapet.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar